Jump to content

Fagerstad

Members
  • Posts

    796
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Fagerstad

  1. Synd jeg ikke er arbeidsgiveren din, Fagerstad. Da skulle du faen meg fått et helvete på jobb :wink:

    Faktisk så har eg overordna som er av den typen. Poenglaus ros er faktisk irriterande. Og ja, eg har tatt det opp i medarbeidarsamtale at eg finn slik ros meiningslaust. Kva ros til hundar har med dette å gjere er meir enn eg skjønner.

  2. Det å rose nokon for å gjere jobben sin er eg ikkje med på. Ros gir ein viss nokon gjer noko spesielt, litt ekstra. Viss ein skal rose folk for å gjere jobben sin så kan ein jo ikkje gjere noko anna enn å rose sine kolleger. Så nei, POD fortener ikkje ros i denne samanhengen.

  3. Vi leverer ferdig flådd og veg den først. Avvik mellom det vi veg og det Kystvilt oppgir er som regel 0-3 kg, men da gjeld det kalv/ungdyr som regel. Eg skyt ikkje store bukkar, men har snakka med Kystvilt om det tidlegare og har blitt fortalt at der skjer ein oftast vekk mykje fett som ein jo ikkje får betalt for.

  4. Eg har eit prosjekt som ligg i ein boks, men som sakte men sikkert skal bli ferdig. Det er ikkje noko meir avansert enn ein rem 700 i .308, men eg vil ha best muleg avtrekk. Og byttar gjerne ut det originale med noko som er betre. Etter det eg får inntrykk av, så er Jewell det som blir vurdert som best. Men er det muleg å skaffe det i links? Ikkje så lett å finne info om Jewell. Heimeside verkar det ikkje som dei har. Er det andre alternativ? Veit Timney har links. Takkar for svar frå dei som veit noko om temaet :-)

  5. I dag skulle eg få hjelp til å setje inn Tubbs speedlock system på to stk rem 700 SA. Det viste seg ikkje å vere så enkelt... For den første så var den vesle låsesplinten for tjukk for å passe det nye tennstempelet... Etterpå så oppdaga eg at dette sluttstykket var lengre enn det andre og antar det er fordi det er eit såkalla i.s.s. (internal safety system???). Så speedlock-systemet ville vel neppe fungert uansett... Er låsesplinten bevisst tjukkare for i.s.s. for å unngå blanding?

     

    Vel, så måtte vi prøve det andre sluttstykket. Det er heilt nytt og ikkje f.........n om vi fekk ut låsesplinten. Har Remington begynt å lime dei fast eller noko anna lureri? Skulle jo tru at det skulle vere greit å banke den ut...

     

    Takkkar for svar!

     

    P.S. Ja, det er snakk om to stk SA. Eg blandar ikkje mellom SA og LA viss nokon måtte tru det...

  6. Vel, dei som registrerte hagler ved dei forrige amnestia der dei blei lova at haglene ikkje skulle vere med i garderoben har kanskje litt forskjellige erfaringar? Eg meiner det at POD har med sin oppførsel opp gjennom åra demonstrert at ein ikkje kan stole på lovnader frå dei. Eg trur det er naivt å forvente at etterregistrerte hagler ikkje blir ein del av jaktvåpengarderoben etter at prosessen med etterregistrering er over. Det er ingen grunn til å tru på POD som er klare på at det er "makta som rår".

  7. Kva problemet er? Det er ikkje legitimasjonsplikt i Norge. Men no skal det vere for jegerar? Dette er ei byråkratisering av jakta som det kan ligge fleire motiv bak. I Tyskland er jo dei Grøne sterke eller har iallfall vore det. Det er neppe tilfeldig at alt som har med jakt og fiske er overbyråkratisert der. Det reduserer sannsynlegheit for at folk gidd å drive slike aktivitetar, som jo enkelte miljø ønskjer. Vil ikkje vere superoverraskande om ein finn ein del slike i MD som jo er styrt av SV. Tyskarane reiser heller til utlandet som t.d. Norge for å fiske. Konspirasjonsteori? Kanskje, men eg trur det ikkje.

  8. Jeg er drittlei av å bevege meg til fots etter veien med hjertet i halsen.

    Eg veit ikkje kva slags veg dette er snakk om, men eg stussar litt over det med å gå til fots. Er vegar med 80-grense ein plass ein skal bevege seg til fots? I og med at ein ikkje lagar vegskulder på norske vegar så ser eg på fotgjengeri på norske vegar som eit forsøk på sjølvmord.

  9. Utfordringen er at det er en eskalerende trend ( både i saker for tingrett, lagmannsrett og i saker som den jeg la link på) der våpeneiere med våpenkort er i søkelyset for adferd som ikke er forenelig med våpenkort etter våpenloven.

    Kan du dokumentere at faktisk er snakk om fleire hendingar enn før? Eller er det fordi reglane er endra slik at det i statistikken (viss den finst) tilsynelatande ser ut som at det skjer oftare enn før?

  10. Utifrå det bbdg skriv så kan ein tydelegvis vere medlem av fleire lag, men det endrar sjølvsagt ikkje utgangsspørsmålet. Skal ein betale to gonger til DFS? I NSF så betaler ein vel berre ein gong til forbundet? Eg er medlem av fleire pistolklubbar også, men eg har aldri brydd meg med problemstillinga. Mulegeins så betaler eg dobbelt til NSF og DFS :-)

  11. Er du bombesikker på at det er lov å vere medlem av fleire DFS-skyttarlag? DFS får vel statsstøtte som mulegeins er påverka av antal medlemmar og såleis er multiple medlemsskap av same person kanskje litt på kanten? Eg veit ikkje, men har oppfatta det slik at ein berre kan vere medlem av eitt skyttarlag. Og ja, eg er medlem av to...

  12. Det er jo ein smule avhengig av bruksområde? Eg bruker kniv til hjortjakt og da er det til det. Mitt største problem er å ha ein skarp kniv. Eg har kjøpt ein Tormek, men den har visst naboen no. Han har rett nok slipt ein del av mine knivar :-) I tillegg har eg ørten moraknivar. Og enkelte dyre knivar. Ein skarp kniv er det eg vil ha og eg gir bæng i korleis den ser ut. Om ein lagar sin eigen kniv så ville eg hatt noko som likna Fallkniven (hugsar ikkje modellnummeret..), og hatt stor glede av nettopp det å lage min eigen kniv. Men det kjem eg aldri til å gjere. Helsing ein som har brukt fleire titusen på knivar. Ikkje konstruktivt eller det du var ute etter, men berre ein knivmisbrukar si meining :-)

  13. Takk for svar! Det er fleire som har hinta om at eg kanskje skulle sløyfe heile beverskinnet og berre bruke neopren, men eg innbiller meg at det blir litt varmare å sitje på beverskinnet. Men sikker er eg ikkje, har berre erfaring med reinsskinn og det er jo gull for oss som jaktar i dei norske regnskogane.

×
×
  • Create New...