Jump to content

Fagerstad

Members
  • Posts

    796
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Fagerstad

  1. Eg fekk plutseleg ikkje tønna inn skikkeleg på denne revolveren. Etter litt kaving så oppdaga vi at "knappen" som ein trykker inn for å løyse ut tønna var laus, dvs. fjøra (som eg antar skal vere der...) må vere borte/knekt. Eg har pella ut bladfjøra, hanen og sett på saken, men skjønner ikkje kva som er feil. Skal seie at eg har null peil på mekanismen i våpenet... Er det nokon som har ein liten ide om kva som kan ha skjedd...? Våpenet er ein Smith Modell 16 i .32S&W long.

  2. E2370 er akkurat det du leter etter. Enkel telefon med ekstrem batterikapasitet. Har hatt min i ett års tid nå og er fornøyd så langt. Pleier å glemme hvor laderen ligger mellom hver gang jeg må lade den.

    Eg blei litt misunneleg no. Den er ikkje å oppdrive lenger... :(

  3. Eg ser det er ein og annan tråd ang. mobil, men eg fann kanskje ikkje akkurat det eg er ute etter. Eg ønskjer meg ein mobil til jaktbruk som skal ha lengst muleg batterilevetid og å tåle ein støyt (blaute lommer...). Den skal vere fullstendig enkel (og lett...). Ikkje noko smarte greier. Einaste luksusen skal vere SMS. Finst noko slikt å kjøpe i dag? Eller må ein på bruktmarknaden...? Takkar for tips!

  4. Eg har ein nabohund som heiter Birk. Han er ein sånn der vorster og dei har litt adhd. Eg har etter nokre år innsett at eg må begynne å bruke mi store stove (eg bruker kjellaren no...) og da må eg begynne å ha sånn der besøk og kaffigreier som folk flest visstnok har. Da må eg ha noko som han Birk liker å ligge på. Pappaen til Birk har ei fin "seng" frå Felleskjøpet som er ganske grei for oss på to bein, men Birk er litt ambivalent når det gjeld den. Er det nokon som har eit forslag om noko som er flott å ligge på for Birk når han kjem på besøk? Golvet er ikkje det eg tenker på og ikkje særleg meir enn ein blærumstier. Takk for gode forslag!

  5. Det du skreiv her var svært fornuftig og opplysande Sammleren. Eg var ikkje kjent med at du var den det var snakk om. Den manglande fornuften frå dei der oppe skal eg ikkje snakke om. Eg ønskjer tidvis å vite kvar grensa går, men det er vel i praksis ikkje så enkelt.

  6. Det er egne klasser for revolvere i felt, så det bør gå bra (dog ikke for .22 med mindre duer junior)

    Det er ikkje eigen klasse for .22, men det er vel ikkje noko i vegen for å stille med ein revolver i finfelt. Men ein stiller med litt ulempe i forhold til dei med autopistolar ;-)

  7. G. Larson er meir konstruktiv. Rett nok er ikkje heile teksten referert, men eg skjønner poenget. Men som vanleg så seier vel ikkje "lova" noko om nøyaktig kor grensa går...? Men no skal eg legge meg. Kammersmellen 2013 tok litt på.

  8. Sammleren: Det dette dreier seg om er det juridiske, ikkje det fornuftige. Du var veldig bastant om det med små mengder kontra store mengder her i tråden. Eg lurer genuint på kor det er spesifisert i lovverket. Sia du er utruleg sikker på at du har rett så burde det ikkje vere vanskeleg å referere til korrekt paragraf i lovverket? Hugs at viss du ikkje kan det, så...

  9. har du amo etter ei rifle du har solgt, krever dette ingen lisens for salg av dette om det ikke er vannvittige mengder....

    Mmmmm, skulle vore interessant å vite kor i lovverket du kan underbygge det der? Det blir litt sånn at det er greit å køyre i 87 km/t i 80-sona medan det ikkje er greit å køyre i 101. I praksis er det kanskje greit, men om det kan forsvarast i lovverket er noko heilt anna.

  10. Utruleg flott plass. Utrulege mulegheiter når det gjeld skyting og flott camping. Dei som arrangerte jobba rævva av seg og vi som kom frå andre plassar kom til dekka bord. Når ein i ettertid får vite at dei hadde store problem med vegstenging pga. flom så blir ein enda meir imponert! Det regna himmelsk, men det må ein berre rekne med at skjer ein gong i blant. Tusen takk til Kjendis for presenningen hans! Hadde blitt litt surt utan den :-) Pussig nok så oppdaga eg i år også at eg ikkje kan skyte... :-)

  11. For meg er det veldig enkelt. Ei grense er ei grense. Dyret må vere på di side av grensa når du skyt. Om dyret dett på andre sida av grensa er uvesentleg. Ein skal følgje etter eit skadeskote dyr sjølv om det er på naboen sitt område. Eg har sjølv same problemstilling. Grensa går "diagonalt" i ei skråning der det alltid er ein fin hjortebukk....

  12. Takkar for svar. Dette er eit våpen som berre ligg i eit våpenskap. Pris på ca. 1500,- høyrest fornuftig ut, utan at eg kjenner til våpenet sin tilstand.

×
×
  • Create New...