Jump to content

LabRat

Members
  • Posts

    581
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by LabRat

  1. God morgen godtfolk.

     

    No er det slik at eg er på jakt etter ein ny spesialpistol og eg klarer ikkje å gå for ein .22.

    Derfor tenkte eg å legge meg i motsatt ende. Søknaden ligger godkjent å klar så det klør i grunn litt meir enn vanleg.

     

    Fekk ein tips om Para sin versjon av kompaktvåpen. Ein modell som heiter Warthog og evt Nite Hawg i 45acp

    Nokon som har erfaring med dette våpenet ?

     

    Alternativet er vel f.eks ein av kompaktmodellane til Kimber, men eg reknar med at dei ikkje er enkle å få tak i..

     

    Fint om nokon kan dele side erfaringar.

     

    mvh

  2. Hei

     

    Har eit magasin som sliter litt med mating av patroner og meiner å hugse at ein gong for lenge sidan var eg innom ei internettside som tok for seg akkurat dette problemet på Benelli MP90 i 32 sw Long.

    Er visstnok veldig kritisk med opninga på magasinet for at den skal fungere 100 %

     

    Kan jo sjølvsagt bruke det magasinet som fungerer som mal, men hadde vore kjekt om nokon hugsar eller veit om kva side eg meiner.

    Trudde det var Arne Nohlberg, men fant ikkje noko anna ein ein artikkel om våpenet som ikkje omhandla magasinet.

     

    Meiner å hugse det var bilder med mål på forskjellige plasser i magasinet og tok og for seg kjente problem med desse magasina som at dei sprekker i bakkant.

     

    Nokon som kan hjelpe ?

     

    EDIT: Sekunder etter eg hadde laga dette inlegget klarer eg å finne artikkelen som eg har leita etter i fleire veker.

    Kan vel legge den her om andre har same problem.

    http://arne.nohlberg.com/artikel_benelli_mp90_32.htm

     

    mvh

  3. Er vel eit nytt program som heiter 7MR der 45 kan brukast i militærklassen.

    Dette kan skytast inne, men det er ikkje alle som har baner som er godkjent for grove våpen.

     

    Det du nevner om siluett og duell skiver. Dei er like, er vel ingenting som heiter duell skive eigentleg.

     

    Når det gjelder programmet er det likt hurtigprogrammet for Fin og Grov.

    4 serier a 5 skudd på 10 sekund

    4 serier a 5 skudd på 8 sekund

    4 serier a 5 skudd på 6 sekund.

     

    Lykke til

  4. Er ikkje så lenge sidan dette skjedde i bergen og.

    Eiger hadde faktisk snellert aktivert på våpenet. Hadde køyrt heimefrå med rifla i bagasjerommet og gjennom byen på brustein og det som verre er.

    Da dei pakka den ut av futteralet gjekk den av før dei rakk å kontrollere noko som helst.

     

    Kula gjekk gjennom veggen og hadde vel passert inn i bygget ved sidan av om ikkje ein våpensafe sto i vegen.

  5. Ser det er fleire som seier dei bruker 78gr blykule til 32acp.

     

    No har eg i den siste tida forsøkt å lage til ei patron til broderen sin PPK ved å bruke blykule frå Clarry Haglund. Meiner det er ei Lyman kule.

    Etter mykje prøving å feiling lurer eg på om denne rett og slett ikkje fungerer bra til 32acp.

    Eg trur den er for butt.

    For at den ikkje skal sette seg fast i kammeret må eg lage patronene så korte at dei ikkje mater ordentleg.

     

    Eg kan sette dei rundt 24 mm. Da fungerer det perfekt, men dersom du må tømme våpenet før magasinet er tomt kan ein risikere at våpenet er veldig vanskeleg å opne. ( dra bak sleiden ). Den sitter ikkje i bommane, ingen merker på kula, men fast likevel.

    Forsøker eg ned mot 23,6 blir dei for korte.

    Så små marginar med kuler som heller ikkje er 100 % like blir fort mykje surr.

     

    Eg har noko Magtech 71gr FMJ som fungarer feilfritt, og spørsmålet er vel om eg berre skal gje opp, bruke FMJ kulene, tenkte at det er no ikkje så mange skot ein skyter med 32 i løpet av sesongen likevel og presisjonen er god nok.

    Eller finst det andre blykuler som kanksje er litt lengre enn Lyman sine og kven leverer i tilfelle desse ?

     

    Takker for tips.

  6. Eg velger no å tru at mangen er fornøygd og.

     

    Eg for min del likte veldig godt det opplegget som Sandnes og Kristiansand hadde stelt i stand.

    Veldig ryddig avvikling, god mat og hyggelege folk.

     

    Så får me heller tåle at nokon alltid velger å klage på dei små ting i standen for å slappe av å kose seg med skytinga.

     

    Eg gledar meg i alle fall til neste år. Uansett premie.

  7. Kommenterte dette i den andre NM tråden og, men er det ingen som reagerer på startlistene ?

    Reglane seier at ein ikkje bør ha skyttere frå same klubb på tilstøtande standplasser, men likevel er dette noko som gjentek seg veldig ofte i dei forskjellige laga.

     

    Eg seier ikkje at dette oppfordrar til triksing, men eg trudde at poenget med denne regelen var at det ikkje skulle vere mogeleg å tenkje tanken eingong ? Eller ?

     

    Ingen problem ? Eg som overragerer ?

  8. Låner denne tråden litt..

     

    Nokon som kan antyde prising på ein M28 Redningsrifle med komplett kasse ?

    Patroner og nokre raketter i tillegg til harpuner ?

     

    Ser omtrendt ikkje ut som det er brukt og kassen er i veldig god stand.

  9. Spennande når startlistene kjem. Da veit ein at det er altfor kort tid igjen.

     

    Ein anna sak, meir ein kommentar eigentleg.

     

    Er det ikkje slik at ein skal forsøke å spre folk frå same klubb på forskjellige skytelag ? Eg skjønner jo at dette kan vere vanskeleg.

    Trudde dette var ein regel, men det er kanskje berre ein anbefaling ?

    Ein anna ting er jo det sosiale.. alltid kjekt å treffe "nye" folk på ein feltrunde. :)

  10. Kan og berre legge til at dette er akkurat samme problem eg hadde med min howa.

    Spesielt med hylser skutt i andre våpen. Antakeleg velgdig trange kammer.

     

    Til og med dei som er brukt i mitt kammer har eg litt problem med å kamre ei stund etter dei er skutt.

     

    Eg pressa så mykje eg kunne samtidig som eg passa på skulder. Dei som gjekk litt trangt vart lagt til side og skyteforma ved anledning.

     

    Som folket seier er nok det enklaste å kjøpe nokre nye hylser eller f.eks norma jaktmatch.

     

    Dette er og grunnen til at eg alltid velger å heilpresse dei patronene eg bruker til jakt.

    Orkar ikkje krangle med ladegrepet da. På bane har eg stort sett tid til litt trange patroner.

×
×
  • Create New...