Jump to content

LabRat

Members
  • Posts

    581
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by LabRat

  1. No skal ikkje eg uttale meg som noko ekspert på emnet, men det er stor variasjon på det som folk definerer som tohåndsgrep. Sjå litt på praktisk skyttarar, dei har gode rutiner på grep

     

    Eg brukar deira praksis med støttegrep og begge tomler mot målet

     

    Merker ikkje noko særleg treffpunktforandring så lenge eg gjer ting rett.

     

    Men det er lettare å jukse med avtrekk når ein skyt med to hender. Ein innbiller seg ofte at ein berre kan nappe til :)

  2. Ser at dette er ein gammal tråd, men skjedde det noko meir her ?

     

    Eg har lova ein kar å støype nokre 45/70 kuler i 500 grain som han har lyst å bruke til sub ladningar.

    Kan jo ikkje levere frå meg dei kulene utan å ha kronografert nokre testskot. :)

     

    Fekk laga nokre patroner i går, men kula er nok sikkert ikkje tenkt for ein marlin sidan eg måtte sette den ein del djupare enn eg først trudde.

     

    Som utgangspunkt for testladningar fant eg denne oversikten som eg ikkje har sett før så kanskje andre har nytte av den og:

     

    http://www.gmdr.com/lever/lowveldata.htm

     

    Nokre krutt eg ikkje kjenner og, men med tabellen under er det mogeleg å samanlikne.

     

    http://www.lapua.com/upload/reloading/reloadingburningratechart2011.pdf

     

    Eg skal legge ut resultat når eg har noko

  3. Dette er i grunn ikkje noko problem. Puss og vêr forsiktig. Ikkje noko poeng i å bekymre seg for mykje, Me har stort sett nok problem som det er :)

     

    God helg

  4. Eg ser ikkje heilt problemet med slik dette blir gjort i dag.

    Om ein ser på NM er det ikkje så alvorleg mange som fyller løypene i kvar enkelt runde.

    Er jo kjekt med litt omskyting og.

     

    Her i Hordaland ser eg at det har vore problematisk nok å få folk til å inkludere innertreff ved resultatregistrering.

    Trur faktisk at dette enda er så "nytt" at det er tidleg å endre igjen.

     

    Om eg så skal begynne å forlange kompliserte utrekningar i ein oppheta situasjon så blir det trøbbel :)

    Me får det nok til, men eg ser og for meg at faren for poengtap ved feilskriving blir større.

     

    Er det verkeleg så vanskeleg å skilje med systemet me har i dag ?

  5. Ced7000 er ein god timer for praktisk i alle fall.

    Du seier ikkje myke om kva du tenker å bruke den til

     

    Er det berre for leik og moro så er det faktisk fleire slike apper til smarttelefoner. Eg har fleire på min iPhone i alle fall

  6. Eg bruker ein litt nyare. Ein Fas 607. Men eg ville lett anbefalt domino om den fungerer

     

    Mykje gode erfaringer med min. Einaste er at dei kan vere litt kresne på ammunisjon. Så lenge du finn ut av dette er det berre kos. Veldig god balanse i desse pistolane

  7. Men du treffer jo uansett om du hadde holdt i en pinne! Tror nok STI`en kommer til å volde litt problemer. For oss andre.

     

    Jo takk for tilliten, men eg har ikkje same trua.. me får sjå til neste år ( om eg får lov å delta )

     

    Edit: Men når det gjelder trådstartes spørsmål så vil eg seie at dette er vel så mykje godfølelse som kvalitet på våpenet.

    Pris er jo sjølvsagt og eit faktum. Du får eit par gode STI for prisen av ein Nighthawk.

    Eg har sjølv ein litt eldre STI Lawman i 45 og ein Targetmaster i 9mm. Veldig fornøygd med begge.

     

    Men eg velger enda 45 framfor 9mm i feltløypa. :)

     

    Lykke til med valget og sett deg eit budsjett. Da er mykje gjort.

  8. Kan vel ikkje uttale meg akkurat om dette produktet, men generelt så er kalblånering heilt ok.

    Lett å slite ned igjen, men fargen blir bra nok om det kun er småskader eller liknande som skal reparerast.

     

    Eg bruker det ofte dersom eg gjer mindre arbeid på våpen.

    Poler godt og avfett ordentleg.

    Sjølv dei minste riper blir synleg etter blånering.

  9. Eg har og testa denne litt no.

     

    Begynte forsiktig med nokre knivar som ikkje er av beste kvalitet.

    Utstyret er enkelt i bruk og det var lett å få kniven veldig skarp.

     

    Satte så opp alle mine victorinox kniver som ikkje er superskarpe.

    Brukte 20 graders mal og det fungerte veldig bra.

    Viktig å trekke kniven rett ut ellers så trur eg den kan runde av spissen.

    Kokkekniven på 26cm som eg normalt har hatt litt problem med å få skarp er eg nesten redd.

     

    Mulig dette ikkje er beste måten å slipe knivar på, men eg må seie at eg er imponert.

     

    Når eg begynte på jaktknivar og 25 graders malen så var eg ikkje like sikker lengre.

    Denne malen er slik at "hylla" til kniven er på andre sida av bandet.

    Eg lurte på om eg skulle trekke kniven andre vegen, men manualen seier same framgangsmåte som 20 graders mal.

    ikkje heilt overbevist...

    Føler at spissen på kniven ikkje får den perfekte behandling, men her kan kanskje jaktterrier komme med litt input ?

    Er det kanskje noko eg gjer feil ?

     

    Bortsett frå det så vart resten av kniven skarp som fy. Eg har litt begrensa med hår igjen på armen :)

    Da gjenstår det å teste holdbarhet på eggen, men det kjem vel litt an på kniven og.

×
×
  • Create New...