Jump to content

LabRat

Members
  • Posts

    581
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by LabRat

  1. Kan vel ikkje utelukke 1911 frå millitærfelt..

    Kva skal eg da bruke 45'en til ? :)

     

    Uansett, det er vel nok klasseindelingar som det er i felt.

    Eg skyter finfelt med ein billig FAS og skjølv om den demonterer seg spontant av og til ( spesiet på omskyting ) klarer eg meg fint med denne. Så langt i alle fall..

     

    Til revolverfelt og mag 1 bruker ein 686 som eg har modifsisert sjølv til den nette sum av 200 kroner og litt polerinspasta. Eg vil ikkje seie at noko av dette er eit luksusbudsjett, men eg klarer meg fint. Ein treng i alle fall ikkje dyre våpen for å begynne.

     

    Om nokon klasser er "øydelagt" vil eg heller legge min stemme til spesiarevolver og pistol. Her er det snakk om veldig mykje modifisering for å få ting i kassen.

  2. Mulig han meinte noko slikt som å bygge på ein liten klump på hanen eller ramma rett under hanen med plast eller gummi slik at det ikkje er mulig å spenne hanen langt nok til å låse SA.

    Litt enkel måte å fjerne SA funksjonen på.

     

    Du kan f.eks lime på ein bit av slike møbelknotter ein bruker for å hindre riper i parkett.

    Kanskje litt jalla, men det fungerer.

  3. Eg skjønner rett og slett ikkje kva folk er så mifornøygd med. Dette var mitt første NM og har defor ikkje noko å samanlikne med, men gjennomføring av det praktiske har eg i grunn ikkje noko å klage på.

    Eg syntes at standplassledarane var hyggelege og ga klar beskjed dersom nokon ikkje gjorde som fortalt.

     

    Det skremte i alle fall ikkje meg vekk frå skytesporten eller neste NM

  4. Gratulerer Bromark. rett og slett ikkje sikker på om eg hugsa på å grstulere deg i Larvik.

    sjølv så er eg veldig fornøygd med laurdagen. hinsides all forventning, så no kan eg endeleg seie at eg veit korleis det føles.:)

     

    3 gull til kammerfolk (kanskje fleire) er vel ikkje dårleg..

  5. Eg bruker stort sett ammobokser og tek rett og slett ut 6 skudd.

    Litt enig med OlavM og ser ikkje på dette som noko probelm.

     

    For min del er det meir ein del av rutinen og finne fram magasin, slappe av, telle til seks og så fokusere på mål.

    Einaste på revolver der tillater eg med kun å fylle utan å telle i grunn. :)

    Til og med på spesialrev og magnum er det ganske enkelt å hugse at i mitt tilfelle skal ein sylinder vere tom.

     

    Ut over dette viser dei fleste av mine magasin kor mange skudd som er trykt nedi.

  6. Mitt siste forsøk var faktisk TIG.. mulig punktet vart litt svakt sidan me ikkje turte å bruke så mykje varme.

    Om ikkje nokon kan hjelpe kjem eg nok til å få mek avdelinga til å gjere eit forsøk til.

     

    Eg har som sagt nye sikter på veg, men dei får eg nok ikkje før tidlegast fredag. Eg tør ikkje gamble på at dei kjem for å så sitte utan sikter.

     

    Trur du Tec 7 vil halde der sveisen sprakk ? Fordel med litt elastisitet kanskje ?

  7. Hei,

    I dag på skytebana datt framsiktet på Glocken av. Dette er eit ettermontert BoMar sikte og eg trenger sårt eit frontsikte som er like høgt sidan eg skal på NM i neste veke.

    Utruleg kjedeleg situasjon.

     

    Eg har forsøkt å feste det på fleire måtar, men ingenting hjelper. Skruen som eingong var der vart sikkert festa med ein solid loctite av forrige eigar og var umulig å få ut.

     

    Eg har bestilt meg nye LPA TTF sikter, men tviler på at eg får dei i tide.

     

    Nokon som kan hjelpe ein mann i nød ? Kanskje nokon har eit slikt komplett TTF sett liggande og kan låne meg eit framsikte eller heile settet fram til eg får mitt ? Så returnerer eg sjølvsagt det nye.

     

    Alltid skal no slike ting skje i siste liten og..

     

    Setter stor pris på evt hjelp..

  8. Eg skal nok få ut mine 5 skudd.. saken er at eg har valgt 9mm til spesialpistol og da tek det litt lengre tid enn .22 om det skal treffe nokon ting. ( men det er jo mitt valg )

    :D

  9. står litt om dette på heimesida, men ikkje mykje som tidlegare nevnt.

     

    kutta direkte frå sida:

    i år FELT-NM for 4. gang. Se www.larviksportsskyttere.no

     

    Stevnet vil bli avviklet på vår feltbane i Vestmarka i Larvik. Sekretariatet vil bli lagt til Nanset Idrettsanlegg. Her vil alle aktiviteter bli foretatt. Vi vil busse dere frem og tilbake.

     

    Slik eg forstår dette er møteplass på Nanset. Er i alle fall det eg planlegger å møte.

     

    Det eg lurer på er f.eks kor lang tid i forkant ein bør møte for å få kontrollert våpen å vere klar til start.

    Einaste eg fant var at lag vart ropt opp 15 min før start. Vil tru det tek litt tid å sjekke avtrekk og slikt.

     

    Her er i alle fall ein kartlink.

     

    http://www.gulesider.no/kart/#lat%3D6548121.23165%26lon%3D559431.32309%26zoom%3D16%26layers%3DB0000%26q%3Dnanset%2520idrett%26offset%3D0%26tab%3Daddress

×
×
  • Create New...