Jump to content

LabRat

Members
  • Posts

    581
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by LabRat

  1. En mod.19 (.357) er heller ikke dumt, og disse finnes det masse av i div. løpslengder.

    Ønsker du rustfritt er Mod. 64, 66 og 67 fine saker.

     

    Korleis vil det bli ? Eg bruker jo ein del 38 i min 686, men tenkte det at dersom eg kun skal skyte 38 så burde eg velge ein som hadde 38 kammer.

    Påvirkar ikkje dette presisjonen i heile tatt ? Kan eg like gjerne kjøpe ein 357 ?

  2. Lever inn ein søknad på jaktrifle.

    Noter opp aktuelle kaliber i kommentarfeltet sidan du ikkje er sikker.

    Det går som oftast bra her omkring. Veit jo aldri kva ein snubler over.

    Evt ring til politikammeret og høyr direkte med dei

  3. Hei.

     

    Eg har ei stund vore på jakt etter ein spesialrevolver.

    Valget ligger som vanleg mellom .22 eller .38.

    Føler eg kan lade ein 38 ganske lett og meiner i grunn at .22 høyrer heime i fin :)

     

    No er det nok slik at så lenge det er lov er det jo aktuelt med .22 i revolver og

    Får eg tak i ein modell 17 f.eks så er det jo bra greier.

     

    Nokon som har noko forslag ? Eg har blitt tipsa om å sjå etter ein M14, men det er lite til salgs for tida.

    Nevnte våpen må jo sjølvsagt gjennom litt ombygging før dei er godkjent.

     

    Nokon som kjenner til ein Smith M48 i .22 magnum ?

    Vil denne fungere om eg kutter løpet ?

    Er det kurant å skytte .22lr i denne utan at det vil påvirke presisjon merkbart ?

  4. Hei,

     

    Driver å setter opp eit forslag til ladeutsyr til ein kompis og lurer på følgande.

     

    Slik eg har forstått det så har Lee Pro 1000 kun 3 stasjoner ?

    Det betyr da at ein ikkje kan bruke factory crimp die på denne pressa ?

    Korrekt eller har eg misforstått noko ?

     

    ha ein fin dag.

  5. Her er eg og enig. Felt er felt. Da skal alt fungere 100 % for å skyte fullt.

    Våpen og skytter. Det er jo lov å klarere feil undervegs.

     

    Ein ting eg har lurt på: Sei du skyter pistol, mil felt og bruker f.eks 45 acp

    Første patron klikker.. du tek ladegrep mater ut den skarpe som var i kammeret og skyter dei 5 neste.

    Dersom du har igjen tid ( lite sannsynleg ) har du da lov til å plukke opp den du kasta ut for å lade den kjapt og skyte innan tidsfristen ?

     

    Sidan dette er ein militær skytestil kan eg og vere til dels enig med dei som meiner det burde vere krav til ammunisjon i meir enn mil felt, men sidan me har fleire klasser er vel den saken i grunn dekka. ( sjølv om langt fra alle er einige )

  6. Eg har og ein .22 sett til min cz 85, som er det same som til ein 75 om eg ikkje tek mykje feil.

    Må seie at dette imponerte meg ein del.

    Såg på dette som ein irriterande ekstradel når eg kjøpte våpenet ( mest fordi eg måtte slenge inn enda ein søknad på .22 )

     

    Heldigvis så vart det ein positiv erfaring. Våpenet er såpass tungt at det nesten ikkje er rekyl.

    Bruker CCI standard med overraskande bra presisjon og funksjon.

    Når eg får gjort ein avtrekksjobb på våpenet kunne eg lett vurdert å bruke den til finfelt.

  7. Uansett farge er det veldig greit at det ikkje er noko i kammeret når du kjem på bana.

    Veit at veldig mange har fått kommentarer på akkurat dette.

     

    Nokon bruker og tomhylser og det kan og vere litt skremmande.

  8. Det er jo meir ein kuriositet enn mat for å mette veldig. ( festen rundt er kjekk )

     

    Dersom huvuda er svidd et ein vel og skinnet, men denne tilbredninga liker ikkje eg.

    Meir tilhengar av "skjelte" eller salta hovud.. du kan og tørke dei litt etter salting for å skjerpe smaken.

    Det er i alle fall denne typen eg lager sjølv. Hovuda bestiller eg med hud og ull hos lokal slakter for 20 kr stk

     

    Tungene er og fine som pålegg.

    Koke dei ein time eller to, flekke av skinnet og legge dei i ein passande saltlake i nokre dagar.

    Ypperleg pålegg..

  9. Joda, fekk ein løysing på dette og.

     

    Tok ein tur innom den eine lokale sjappa og fant ein kuffert til 600 kroner. Den var litt dyr så eg gjekk til neste.

    Han hadde ein kuffert som eg syntes var lik, men fekk ikkje opna den pga av at nokon hadde kødda med koden.

     

    Same merke og i utgangspunktet same pris. Fekk jo ikkje opna den så eg måtte berre håpe at den var polstra.

    Ba om å får ein pris sidan den ikkje gjekk an å opne..

    100 kr så er den din.. :)

     

    Brukte ein liten halvtime med dei mest sannsynlege kodane før eg begynte på runden.

    Kom til 192 så spratt den opp.. Veldig fin kuffert og god plass til ein to tre våpen ved behov. Og ja, eg prøvde 998 før eg tok til på runden.

    Dagens gode deal. Da kan eg lett bruke dei kronene eg sparte til å teste ein del forskjellig ammo i staden.

  10. Eg er ser at et blir vanskeleg når ein ikkje slepp til.

    Eg prøvde å diskutere jakt med ein kar for ei stund sidan som likestilte jakt med utrydding av ulv.

    Var ikkje lett å komme gjennom der heller.

     

    Det var nokon som prøvde på fornuftige argument høyrte eg, men eg er veldig uening i at andre skal ta vare på våpenet mitt for meg.

    Spesielt ikkje innlåst hos heimevernet eller på skytebana. Det blir jo litt av eit logistikkproblem og.

     

    Og Vinge.. var nok ikkje du som var hjeneskadd. Du gir i alle fall ikkje noko intrykk av det på denne sida..

    ( da må dei i tilfelle komme å hente våpena dine :) )

     

    Alt i alt er eg enig i at våpenloven i norge stort sett er bra nok. Farlege folk og folk som har uærlege hensikter prøver me å luke vekk så godt som råd, men systematisk planleggande folk er farlegast. Spesielt slik som han i Finland.

  11. Kort rapport frå årets første jakt.

     

    Jakta som vanleg i Årdalsfjella opp mot Tyin.

    2 dagers jakt og me løfta rundt 30 ryper. Vil ikkje seie at det er noko dårlegare enn tidlagre år.

    Jakter og utan hund, så for oss å løfte 2 - 3 kull for dagen ser me på som bra.

     

    Sjølv fekk eg meg 3 store fine ryper.

    Resten av jaktlaget var ikkje så heldige.

    Det blir vel eit gratis medlemskap i dyrebeskyttelsen på dei vil eg tru. Jamt bom.. :)

  12. Hei,

     

    Før eg går på butikken i dag lurte eg på om nokon har eit fantastisk tips til kva eg kan kjøpe for å lage til ein transportkasse/kuffert til ein match 22. Likte ikkje heilt å berre slenge den i bagen.

     

    Tenkte i første omgang på ein litt større polstra våpenboks. Slik at eg kan kutte til for pistolen.

    Hakket større ein for ein pistol slik at eg får plass til litt utstyr og.

     

    Nokon tips ?

    Har sett på ein del av MTM sine.. Den som heiter Quad såg fin ut, men er kanskje litt stor.

     

    Kunne i utgangspunktet tenkt meg ein med litt stivare skum i botn ikkje det eggekartong greiene.

    Det stive er litt lettare å kutte til ønska form.

  13. CS ? er ikkje det ein gass ? Sikkert ikkje så kjekt for dei andre på bana :)

     

    Om det er CZ du meiner så kjøpte eg med nettopp ein slik ( CZ85 ) og er veldig happy.

    Fekk og med eit vekslesett ( .22 ) og det skyter faktisk utruleg bra.

     

    Avtrekket på våpenet er lett å få bygd om til single action med rett avtrekker. Koster ikkje så mykje heller.

  14. Takker for anbefalinger og kan meddele om at det vart ein FAS SP 607.

     

    Einaste eg no må gjere er å skyte.

    Våpenet virkar veldig bra og velbalansert. Kan visstnok bytte vektene i front dersom eg skulle ønske.

     

    Ellers så er det litt uvanleg med ein slik grepsvinkel. Har jo kun standardvåpen frå før og det var litt uvanleg å knekke håndleddet ein del ned.

    Første gang eg løfta våpenet så peika munninga veldig høgt :)

     

    Slappe litt av i håndleddet rette ut tommel og vips så var siktene linjert.

    Gledar meg veldig til testing.

     

    Pleier folket å legge avtrekket heil ned mot tillatt 13 - 1400 gram eller litt over ?

     

    Noko regel for 1 og andre trinn eller er det kun personleg preferanse ?

     

    mvh

  15. Her er ei oppskrift som eg liker veldig godt.

    Retten skal vel eigentleg vere med røstipoteter, men eg bytter det ut med slottspoteter. Finner nokon fine med tynt skal, kutter dei opp i betar og steiker dei flatt i ovenen ca en time.

     

    Ta ut andefilet helst med skinn og litt feitt.

     

    Ta ei eller 2 appelsing ( alt etter kor mange ein er og kor mange fileter det er snakk om )

    Er litt på måfå denne oppskrifta..

    Bruk kniven på appelsin og kutt vekk skalet og mesteparten av det "kvite".

    Kutt denne opp i skiver.

    Finn fram ein god balsamico og litt sukker.. eg pleier å bruke 1 ts sukker og 1 ss med balsamico til ca 6-8 skiver appelsin.

     

    Steik andefiletane med litt salt og pepper, ta dei ut å la dei kvile.

    i andefeitter legg du no nokre skiver med appelsin strør over sukker og balsamico.

    La dette surre litt ( svak varme ).. blir kanskje litt lite saus for den som liker mengder, men veldig godt.

     

    Pleier og å servere med f.eks bokkoli eller gullerøtter.. enkelte skal jo ha det uansett..

     

    Klassisk and og appelsin.

  16. Da har eg ein Unique Des69 og ein FAS SP607 på hand.

    FAS til 3800 og ein Unique til 3500.

    Uniquen har eg sett på, men den var prega av alder og litt dårleg holdt. Tviler likevel ikkje på at den fungerer fint. Var og med eit ekstra lodd

     

    FAS har eg høyrt veldig mykje bra om, men og litt om ruskete funksjon.

    Så da blir valget mellom desse to..

    Nokre siste tanker å dele ?

     

    Sikkert ein god ide å teste litt først, men det er ikkje alltid like enkelt.

     

    Er dette i utangspunktet likeverdige våpen ?

×
×
  • Create New...