Jump to content

LabRat

Members
  • Posts

    581
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by LabRat

  1. Dette er litt interessant og eg skal heller passe på å kontrollere hylse og kulevekt neste gong eg lader nokre testladninger.

     

    Sjølv har eg i grunn berre gode erfaringer ( etter mine standarder ) med partizan kuler i 308.

    Greit, dei varierer ein del meir i vekt enn andre, men virkar som dei fungerer ganske bra likevel.

    Min beste samling på under 10 mm med reim var med denne kula.

    ( Antakeleg litt flaks og, men morro likevel )

    Ligger ganske stabilt på 20 - 40 mm samling med min howa 1500. Da skyter eg med reim og ikkje i benk.

     

    Det er jo ein smal sak å kontrollere hylse og kulevekt litt ekstra.

     

    Eg kan jo ta nokre norma hylser og partizan kuler å sortere litt.

    Lade nokre som skal vere ganske like, lade nokre andre med same kruttvekt, men anna hylse og kulevekt.

    Notere evt. treffpunktendringer.

    Vege litt forskjellig slik at eg kanskje kan treffe maksimalt ytterpunkt av kombinasjon hylse og kule.

  2. Hei.

     

    Eg vil seie meg enig med høggen. Du seier sjølv at du ikkje er verdens beste skytter, men det er langt mellom den klassen og vanleg dødelege :). Så eg antar at du er ein dugeleg skytter.

    Har ein slik sjølv, men i 30-06 og det er ikkje berre enkelt sidan stolpen i framsiktet dekker nesten heile svarten.

    Meiner eg holder 9 i snitt på ein god dag ( les; sjeldan ), men det er jo nokre cm i spredning det.

    Mitt største problem er å stille høgre/venstre sidan eg kun kan klakke på forsiktet.

     

    Trur ikkje du skal skru opp forventningar og samanlikne samlingar med dei beste i forumet heilt enda. 7 cm er godkjent til å begynne med.

     

    Berre å trene. Opne sikter oppp mot 100m er heilt kurant til jakt.

  3. Det er jo viktig med nokre mm hold i hylsa og, men dersom eg bruker spesielt korte kuler. HP eller FP pleier eg rett og slett å finne ein mantla kule av samme sort og måle forskjell i lengder på desse.

    Den forskjellen trekker eg ifrå på settedybde til å begynne med.

    Da beholder ein i alle fall same volum i hylsa.

     

    Enklaste er vel å trekke ei fabrikk 115 FMJ om du har tilgjengeleg og samanlikne kulene.

    Er det 1,5 mm i forskjell på kulene ville eg begynt med COL tilsvarande mindre.

     

    Ein anna faktor er sjølvsagt bæreflate på kulene, men det er jo derfor du begynner lavt når du skal teste.

     

    Håper det var til hjelp

  4. Eg har ein tuna Glock 26 med veldig lett tennstempelfjør. Mykje lettare enn Wolff sin 4lb, men den fungerer fint med CCI sine SP.

    Har ikkje testa meir enn nokre hundre og har nok planer om å gå over til federal for sikkerhets skyld til slutt.

    Men som sagt, ingen klikk enda.

     

    Når det gjelder ladning så skal 4,8 grain N340 bak ei belagt 124 grain kule stort sett holde faktor. COL i underrkant av 29mm. ( Dette er med archipelago kuler ) Det går nesten i min 26 og litt over i ein Glock 34 eg testa. Den er vel ganske lik ein 17, men med litt lengre løp.

     

    Ø

  5. Hehe.. da fekk eg magasinet og det fungerte veldig fint.

    Kanskje litt trangt å sette i våpenet samanlikna med dei små, men det går seg nok til.

     

    Kjekt å kunne lade meir enn 5 skudd i magasinet og likevel beholde funksjonen.

     

    Fungerer veldig bra. Utruleg artig, men går veldig mykje meir ammo

    ca 180 kroner levert.

  6. Da har eg fått testa litt forskjellig og funne ut at 4,3-4,4 grain med 340 bak ei belagt 124 grain kule er omtrent minimum med standardfjør.

    Kom ut rundt 800 fps om eg ikkje hugser feil.

    Relativt behageleg å skyte.

    3,6 med N320 fungerte og fint.

     

    Hadde ein og anna feilfunksjonering, men skifta til 14 lb rekylfjør og skal teste litt meir.

    Skeptisk til presisjon, men må prøve.

     

    Det skal vel i utgangspunktet gå greit å skifte til lettare fjør ? Det einaste er vel at eg skal vere litt meir forsiktig med dei kraftigaste ladningane ?

    Eller tek eg feil ?

  7. Vil anbefale å finne eit våpen som det vil vere mulig å lage utvendige gjenger på.

    Innvendig gjenging til demper med overgang er ein dårleg kombinasjon.

    Kan gje deg mykje undøvendig problem.

  8. Eg skal ta å teste nokre "lettare" ladningar no i helga, men det er jo godt mulig det som Ken seier.

    Kanskje eg må trene litt meir med våpenet.

    Kan vel ikkje skylde på rekylen for at kula går langt under på 2 av 5 skudd :oops:

    Må nok trene på avtrekk.. Med så små våpen er det veldig kritisk.

     

    Ligger stort sett i øvre segment på resultatlista, men er langt fra stabil.

    Problemet er jo at eg alltid skal trene med fleire våpen. Sjeldan eg konsentrerer meg om kun eitt i lengre perioder.

     

    Takk for input.

     

    Ken : Du bruker standard rekylfjører ?

    Eg har eit Wolff sett på 14 lb som eg skal teste når Guide rod kjem. Er dette unødvendig ?

  9. Hei,

     

    No er det slik at eg har bestemt meg for å bruke min glock 26 til spesialfelt. Kanskje ikkje det beste utgangspunktet, men det er no eingong slik. Må inrømme at eg liker den :)

     

    Fram til no har eg brukt ganske standard ladningar som holder faktorkrav til militærfelt. Føler no at dette er litt unødvendig og ikkje akkurat fordelaktig i spesialfelt med ein liten rakkar av ein 9mm.

     

    Så kjem spørsmålet.

    Kor langt ned kan eg lade ei 124 grain belagt kule ?

    Bør eg gå for ei lettare kulevekt ?

    Kruttet eg har tilgjengeleg er N320 og N340.

    Tenkte eg skulle sette på ei 14 lbs rekylfjør for at dette skal fungere.

     

    Kva tenker folket om dette ? Vil eg klare å lade ei 124 grain kule ned rundt f.eks 800 fps ?

    Tenkte i første omgang å redusere ladninga med 340 frå 4,7 som eg har brukt mykje. Eg har ikkje testa veldig mykje 9mm enda sidan eg har veldig bra presisjon med den.

    Samtidig tenker eg litt på presisjonen med det korte løpet. Er det rimeleg å tenke at eg trenger litt futt for å få god presisjon med det korte løpet ?

     

    Hovedgrunnen til at eg spør er at eg ikkje har bana i umiddlelbar nærhet så det er ein fordel med ikkje så altfor mange ladningar å teste :)

     

    Har sett etter ein del ladingar på Kammeret og på nettet, men det virkar som alle er ganske standard.

     

    Takk for innspel

  10. Er sikkert ein del individuelle variasjoner ute å går, men eg brukte remingtonkula som nevnt over og ca 15.2 grain med N110 bak.

    Meiner den vart målt til rundt 1250fps. Small rifle hetter, men trur ikkje dei levere så mykje meir trøkk. Følte heller ikkje at denne ladninga var i eit ubehageleg område. Skulle vere litt meir å gå på her.

     

    Kan no og nevne at eg ikkje har registrert noko større forskjeller med SP eller SR i same ladning.

    ( krongrafert )

  11. Er ingen ekspert eller har nokon erfaring sjølv med den kula, men veit at seinast på laurdag så snakka eg med nokon om akkurat den problemstillinga der.

    Dei hadde og problem med laver hastigheter og Frontier kuler.

    Noko meir informasjon enn det fekk eg ikkje med meg desverre.

     

    Sjølv sliter eg med Partizan FMJ 158 grain kuler og min enkle løysing var å skifte til ei litt dyrare kule.

    Remington 158 SJHP. Den var lett å få opp i hastighet i min 686 6"

  12. Om du tenker på at "ræva" på kula kjem ned i sjølve hylsevolumet skal ikkje dette vere noko problem. Så lenge du ikkje lader veldig hardt.

     

    Edit: Noko muffens med PCen min i dag så eg såg ikkje siste inlegget til Fulmen. Rett og slett oversjå dette !

  13. Hei,

     

    Nokon som har testa dei nye 30 skudds magasina til Remington 597 ?

    Den typen som Remington lager sjølv.

     

    Er det nokon som har forsøkt å bestille desse frå USA ?

    Skal det gå greit? Såg dei hadde på Rimfiresports.com til ein latterlig pris.

     

    Virkar veldig moro om ikkje noko anna ( dersom ein ser vekk frå lading av magasin )

  14. Vart litt usikker for eg må ærleg talt seie at eg ikkje såg på dette som eit problem når eg søkte.

    Såg heller ikkje på den beskrivelsen du nevner sidan det faktisk var butikken som fylte ut søknaden om eg ikkje hugser feil.

     

    Det var kun fylt ut rifle cal 22 og halvautomat.

     

    Om det er nok i samsvar med rettleiinga kan eg desverre ikkje svare på, men veit at det blir godtatt her i distriktet..

    Når eg søkte om pistol i 22 skreiv eg heller ikkje merke, men det er jo heller ikkje ei rifle

     

    Beste er å gjere som mangen ofte råder..

     

    Ring ditt lokale våpenkontor som heilt sikkert er hjelpsame. Evt. kontoret i Odda.

     

    Ø

  15. Det er jo ein eigen rubrikk for dette på skjema. Du trenger ikkje skrive noko anna enn rifle, .22 så lenge du skal kjøpe deg rifle hos forhandler.

    Skal du kjøpe privar må du fylle ut meir detaljer.

     

    Elles så må du nok bestemme deg for bolt( enkeltskudd ), eller halvautomat før du søker.

    Evt -søk om automat og ringe til våpenkontoret og endre seinare dersom du ombestemmer deg.

    Vil tru at det er enklast den vegen sjølv om det ikkje skulle vere noko problem uansett.

     

    Ø

  16. Da har eg fått testa nokre forskjellige ladningar.

    Kom fram til at 3,6 grain N320 bak 158 SWC Klette virkar som ein fin kombinasjon. Rundt ein tomme på 15 meter, rask testing.

    Finare samling og meir stabile hastighetar på den ladningen med litt slappare krymp.

    Ser at dersom eg skal bruke kuler med krymperille og krympe inn i rilla må eg nesten passe på at at alle hylsene er av same lengde. Alternativet er å kun rette opp hylsa, nesten utan noko krymp.

     

     

    Ein anna ting..

    Dette var første gong eg skaut med blykuler og er det berre innbilling eller var det utruleg mykje meir røyk enn med mantla kuler ? Synes og at tønna og resten av våpenet soter veldig ned ( på utsida )

    Er dette på grunn av kulefeittet ?

  17. Hei,

     

    Var ein tur på melkeplassen i går. Trudde det skulle vere skyting, men der tok eg feil.

     

    Er det nokon på forumet som skyter der eller kjenner til treningstider ?

    I terminlisten sto det jo Trening/konkurranse 09.04.08 kl 1800.

     

    På den andre sida hadde eg sattt pris på å vere med nokon andre som kansje skyter litt utanom vanleg DFS trening.

    Er kun snakk om å skyte med jaktfifle for ekstra trening og testing av diverse ladningar.

     

    mvh

     

    Ø

  18. Når det gjelder tennhette.

    Prøv å slakke litt på den skruen på topp av magasinet. Kanskje magasinrøyret presser litt hardt ned.

    Evt justere den skruen som bestemmer kor langt bak tennhettedingsen får gå

     

    Kruttmålet:

    Prøv å stramme den skruen du løyste litt.. kanskje den er litt for laus no

     

    Ø

×
×
  • Create New...