Jump to content

beagle

Members
  • Posts

    679
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by beagle

  1. Kan ikke kalle den fabrikk infestningen til Browning A-bolt for bedding.

    Og du får løpsvandring og treffpunkt forskyvning ved varme i løpet.

     

    Om det kan kalles bedding skal eg ikkje diskutere, men den gjer jobben den skal gjere.

     

    Har hatt min a-bolt siden 1991 og skote løpet varmt mange ganger uten at eg har vore borte i det problemet.

     

    Eg har ein a-bolt SS med "plaststokk" i 30.06 som eg er meget godt fornøgd med. Rifla har blitt testa med forskjellige typar ammo (både kjøpt og heimerulla) og med lik kulevekt så har treffpuktforandring vore innanfor 6-7 cm. Presisjonen er bedre enn kva eg klarer å utnytte på normal feltmessig skyting.

     

    Kan absolutt annbefalle a-bolt til dei som lurer på ei slik rifle.

  2. Auken i antall ATV og snøscootere har vel gjort jobben til reingjetarane lettere, noko som er dei vel forunt!

     

    Problemet med for store reinsflokker er vel slik i dag som når problemet har vore tidligare at "alle" reineigarane er enig i at det er for mykje dyr, men dei meiner at det er dei andre flokkane som må reduserast. Eg kjenner ikkje til korleis ein bestemmer kor store flokk den einskilde kan ha, eller om det er fritt fram. Men med ei gamal næring som reinsdrift er så er det vanskelig å koma med nye lover og reglar for korleis dei skal drive.

     

    Løysinga med for store flokkar kan vere innføring av eit system med konsesjon på antall dyr. Slike ting er kostbart, og vil sjølvsagt bli møtt med krav om at staten må betale erstatning for dei dyra som må slaktast ned. Noko som er både rett og rimeleg sidan det er staten ( ved eit eller anna departement) som ikkje har passa på og stoppa utviklinga som har skjedd med reinsdrifta.

     

     

    For å dra ein paralell. Oppdrettsnæringa hadde vore like mykje ute og køyrd om det ikkje var begrensning på kor mykje den einskilde hadde lov å ha.

  3. Lag deg ein blink på størrelse med ei fyrstikkøskje. Sett den på samme avstand som du hadde bukken.

     

    Har tilgode å slakte hjort, sjølv kalvar som er so grann i halsen at ei vanleg fyrstikkøskje kan samanliknast som treffområde!

     

    Men skal du skyte i nakken så må rifla skyte "hol i hol" og skyttaren vere god nok til å utnytte dette.

  4. Kva dyr dette er fra er vanskeleg å sei, men ut fra bilete er det lett å bedømme kva som er fram og bak på beingrindi.

    Ved å sjå på vinkelen til ryggtakkane veit ein dette. Ryggtakkane " haller " alltid bakover ( fra hode til bakenden ). Plassering av ribbein samt den karakteriske " knekken " i overgang nakke rygg viser også til venstre på beingrindi.

  5. T.V, eg ser at du har forandra innlegget der du beskriver jakta 2 ganger. Men eg rakk å lese det før du forandra noko. Hadde same reaksjon som som einskilde andre heilt til eg les siste setning. Du har ikkje gjort noko klanderverdig i denne situasjonen ut i fra din beskrivelse av jakta.

     

    Men eg trur ikkje kritikarane er audmjuke nok til å be om unskyldning for det dei skreiv. Sjølv om det er generelt kritikk så var den mynta på deg denne gangen!

  6. Prøver å ungå dusjing rett før jeg skal på jakt da. Kutter dusjinga et par dager før jeg drar avgårde.

     

    Og da er du luktfri?

     

    Eg trur det er bedre å dusje og vere rein enn å gå med gamal kropslukt. Bruk parfymefri såpe eller i det minste noko som ikkje luktar som heile parfymeriet.

    Sjølv så opprettheld eg normal kropshygiene sjølv om eg skal på jakt. Og eg brukar myggmiddel når det er naudsynt.

    Og det dett no eit og anna dyr når eg er på jakt.

     

    Kva ser du etter når du går på jakt?

    Ser du etter hjort eller etter fargenyansar som egentleg ikkje skal vere der. Når du er på post så studerer du alt rundt deg nøye når du er framkommen til posten. Ofte oppdager du hjorten som kjem på grunn av at noko er forandra i området du dekker. Ein brun flekk som er komen eller som er vekke. Bevegelse i greiner o.s.v.

     

    Ser at mange anbefaller handkikkert på jakta, sjølv har eg slutta å ta denne med. Har sjeldan sikt på meir enn 40-50m. Eg tykte eg brukte for lang tid når eg brukte denne. Men ser heilt klart ein fordel om haldet vert lenger enn dette.

     

    Mitt beste råd er at du kjem deg ut i skogen og " jakter" heile året. Er du ute og ser etter hjort så går du ikkje på tur!

  7. luringa har ikke våpen som holder mål engang....

     

    Kan du forklare nærmare det du meiner angåande våpna?

     

    Er det det at dei bruker rifler av dårlig kvalitet?

    Eller at fleire av dei bruker hagle? (Sikkert av dårlig kvalitet dei også).

     

    For meg er det uråd å sjå kva type rifle som vert nytta! Det er og umogleg å sjå korleis kaliber som vert brukt.

    Og dei som bruker hagle har garantert noko anna i løpet enn miljøhagl! Vil tru det er slugg/ fyllingskule av ein eller annan type. Og etter det eg har sett i forskjellig literatur er dette ammunisjon som er meget godt egna til skot på korte til moderate hold. Og om det vert nytta grov hagl (BBBB) så kan det vere veldig god effekt på korte hold.

     

    Slik jakta er framstilt på filmane som er visst, så er det berre ein ting eg vil kritisere. Sikkerheita til jegrane, for meg ser det ut til at hiet er omringa i nokre av tilfella. Og det fører til at det vert skote mot bjørnen med andre jegrar i bakgrunnen.

     

    Jaktforma i seg sjølv er lovleg i Russland, og hadde det vore lovleg med hijakt på bjørn her i landet så hadde mange vore intressert i å vere med på slik jakt.

     

    Sjølv om ein ikkje likar ein type jakt så er den ikkje automatisk umoralsk og mindreverdig.

  8. 32-40 Win. Har teke eit samandrag av det du har skrive i denne tråden. Kort fortalt er det: Når nokon jakter med hund i naboterenget skal ein avstå fra jakt i eige terreng sliki at ein er sikkerpå at ein ikkje skyt for nabohunden. Uansett kva det er denne losar på :!:

     

    Med slike meiningar må det vere lov å lure på kven som er trangsynt :wink: når det gjeld jakt med hund :!:

  9. Beagle : Så du mener altså at en jakthund på jakt må være innenfor synsvidde for å ferdes innenfor lovverket ?

     

    Har eg skrive det nokon plass!

     

    Nei, ein jakthund på lovlig jakt trenger ikkje å vere innanfor synsvidde. Og lovleg jakt er den på når den blir slept i eit terreng ein har lov til å jakte med hund i.

     

    Kor stort eit slikt terreng må vere kan diskuterast, men eg er av den oppfatning at ein skal kunne forvente at eit opptak med påfylgjande los skal vere mogleg å ha i eige jaktfelt. Sjølv så disponerar eg eit lite felt på hjortejakta ( ca.1200mål største grunneigaren har ca.250mål og minste 10-12mål) og meiner dette er for lite. Sjølv om dyra vert tekne ut midt i terrenget. Jakt med laushund krev større områder og det er det diverre ikkje alltid like lett å få til i områder med mange små grunneigara!

  10. Etter å ha lese gjennom det meste i tråden så forstår eg trådstarter sin frustrasjon!

     

    Vingemutteren har som vanleg mykje rett i det han skriv om lover og hundehald.

     

    Foxhound, drever69, Knotten og ein del andre bør setje seg ned og lese kva Vingemutteren har skrive i sine innlegg og ikkje kva dei trur han har skrive!

     

    Har ein hund så må ein lære seg forskjelen på å gå tur med hunden og kva som er lovleg når ein gjer det. Og kva som gjeld når ein er på jakt eller trenar hunden til jakt.

     

    Går du på tur med hunden skal hunden vere under kontroll ( i band eller innanfor synsvidde med full kontroll), og du kan gå kvar du vil i utmark. På jakt/ trening skal du ha grunneigars tilatelse til den aktiviteten du held på med. Og hunden skal følgast opp på ein forsvarleg måte. Underforstått skal du vere saman med hunden i skogen og ikkje reise ein annan stad ( jobb. skule o.s.v ).

     

    Som trangsynt vestlending så skjønar eg ikkje kvifor ellers lovlydige oppegåande menneskje ( austlendingar spesielt ) ikkje klarer og forhalde seg til lova når det gjeld hundehaldet sitt. Men eg har sett det ofte når eg er på austlandet at folk ikkje bryr seg. ( Svigerfaren min lufter hundane morgon og kveld med ein tur bort i skogen og slipper dei. Uansett årstid og kvar han er i landet, men han er jo fra austlandet der alt er lov! )

  11. Er ikkje det ein vanleg praksis alle stader at du må betale for ei vare du kjøper?

     

    Forskjellen er at du betaler berre for litt av vara før du starter med jakta!

     

    Ran kan du kalle det om innbetalt sum for kvart dyr ikkje vert trekt fra på sluttrekningen.

     

    For å dra paralellen. Eg ser det ikkje som ran når eg må betale for å få lov til å fiske i ei lakseelv. Sjølv om eg ikkje får fisk så er det tilgangen til å få fiske som ein betaler for.

     

    Så depositumet du betaler på førehand for elgjakta, er betaling for å få lov til å gå ut i skogen og sitte på stolsekken til rompa er så sår at du ikkje klarer det lenger den dagen!

  12. Kjøpte meg eit slakt av elgkalv ( Heilt dyr ). Og da sat eg att med ca. 60% reint kjøt i forhold til slaktevekta.

     

    Og det er greit å ha ein peikepinn på kor mykje som går vekk på eit slakt når ein kjøper det.

    Prisen for heilt slakt var 60 kr/kg medan prisen for reint kjøt kom på ein del meir ( ca. 87 kr/kg).

    Og det meiner eg er ein rimeleg pris på fyrsteklasses råvare til mange gode middager i vinter!

  13. Har kjøpt eit fra Kellen ( Coop ) i høst. det er på 2 kw og av den typen som ein skal kunne bruke til å lade pc, mobileer og anna elektroniske duppeditter. Kostar rundt 4-5 tusen.

     

    Tenk på kva du skal bruke agregatet til etter at bygginga er ferdig før du bestemmer deg for kva type du kjøper.

  14. Er ikkje ekspert på området. Men ved vanlig slått vert biomassen som marka produserer fjerna og ein må tilføre næring i form av gjødsel.

    Ved bruk av beitepusser så vert biomasssen tilbakeført til marka og vil verke som gjødsel til ei viss grad. Det er delte meiningar om artsmangfaldet vil forandre seg på ei mark som vert slegen med beitepussar. Og kor stor forandringa eventuell vil bli! Eg trur ikkje det vert så stor forandring sidan dette er ei mark som allerede vert slegen på tradisjonelt vis. Det hadde vore noko anna med eit kulturbeite som ein byrja å køyre beitepussar på.

     

    Køyrer du beitepussar så vert det anbefalt å køyre to ganger i låpet av sommaren. Og eg kan love deg at du får fine grøne beiter om hausten. Brukte sjølv beitepussar på håslotten i år og det er lengesidan at marka har vore så fin om hausten.

  15. Stikker i utgangspunktet alle dyr som eg skyt. Og sjølv med treff i hjerte/ lunger kjem det blod når ein stikker i bukhola og tar eit kutt til kvar side. Har tilgode at det ikkje kjem blod når eg gjer det på den måten, og eg trur ikkje det skader at det blodet kjem ut.

    Det er ingen vits i å stikke dyr som er skutt i bryst/bog, det eneste en oppnår med dette er flere åpne sårflater og styggere slakt.

    Blodet strømmer ut innvendig, og blør ikke mere ut selv om en stikker dem i brystet.

    Stikksår som beskrives her forringer slaktet.

     

    Er jo litt merkelig at det kjem blod når ein gjer som eg har beskrive dersom dyret blør ut innvendig.

     

    Om slaktet vert foringa har eg liten tru på. Det er ei stor blodåre på kvar side som vert kutta når ein gjer det slik. Og det blodet som kjem ligg ikkje i bukkhola men i blodårene.

     

    Og ein merkar forskjel når ein parterer dyret. Dyr som eg har stukke vert det mindre blodsøl fra enn dei som berre er skotne i bogen!

  16. Stikker i utgangspunktet alle dyr som eg skyt. Og sjølv med treff i hjerte/ lunger kjem det blod når ein stikker i brysthola og tar eit kutt til kvar side. Har tilgode at det ikkje kjem blod når eg gjer det på den måten, og eg trur ikkje det skader at det blodet kjem ut.

     

    Har retta ein grov skrivefeil som gav innlegget eit heilt feil innhold!

  17. Dette er eit totalt ubrukeleg våpen til slik jakt :wink: Det er mykje bedre at selger blir satt i kontakt med meg, slik at eg kan ta den med på hjortejakt og litt elgjakt om sjangsen skulle by seg 8) .

     

    Spøk til side. Etter min meining er dette ei bra rifle, og er du heldig så er det ein god montasje til kikkerten på den. Og alt etter jaktform så er kansje kikkerten som står på grei nok.

  18. Hei.

    Eg forer hunden morgen og kveld. Bruker tørrfor som eg sler vatn over når huinden får maten ( bløyter ikkje opp foret ). Hunden spiser opp maten og drikker alt vannet den får. Har også eigen vannskål til den. På jakt så får hunden ein boks eller to ( firkanta ) med mat og har alltid med ei vannflaske som han får av om det er turt i det terrenget som me jakter.

×
×
  • Create New...