Jump to content

beagle

Members
  • Posts

    679
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by beagle

  1. Om dei nye reglane er gode eller dårlege får vere opp til kvar einkel.

     

    Det verkar som om det har vore arbeid med desse nye reglane ei tid. Men det er berre medlemmane som har vore innformert om det, ingen innformajons ( som eg har sett ) til andre.

     

    Det hadde vore på sin plass at noko som er så viktig for forumet hadde blitt informert om på hovedsida!

    Det er sikkert fleire som hadde meldt seg inn om dei viste om kva som var på dagsordenen!

  2. Den kan jo ha bli satt av i feil gang også hvis dere var flere.

     

    Har opplevd dette sjølv. Kom heim fra jakt og slapp av han som var med meg. Han tok med seg hagla si og då eg kom heim så tok eg med mi hagle inn og satte den på plass i skapet. Nokre dagar etterpå ringde kompisen min og lurde på om eg hadde hagla hans. Han oppdaga at det var feil våpen da han skulle bruke hagla ein dag.

  3. DFS bruker kun norske militære kalibre etter 1896 med unntak av.22LR i salongene.(også vært brukt av forsvaret)

    Også har de regler for hvilke våpen og det du kan gjøre(modifisere) med dem.

    Nå krever ikke DFS at du har aktivitet før du kan søke på våpen, men det våpenet der(ikke en Sauer) skal du ikke få innvilget, om alt går som det skal.

     

    Mvh.

    jULF

     

    DFS har ein jegerklasse der det ikkje er kaliberbegrrensing! http://www.dfs.no/?module=Articles;acti ... ow;ID=5213" target="_blank

  4. Vi fant en saksefelle i helga som var. Skjønner ikke hva som foregår i hodet til folk som setter ut slike feller i jakt terreng.

    Sakse var også boltret fast samt spent opp.

     

    Glad for at vi fant saksa så ikke hundene kom borti den. Eller andre dyr for den saks skyld.

     

    Saksefelle kan vere så mangt!

    Fotsaks er ikkje lovleg i dette landet. Men det er lov å bruke åtesaks ( skal drepe dyret på ein human måte ), men det er eit regelverk som skal fylgjast. Og i det så står det kva ein må gjere når ein bruker slike feller. Fella skal vere merka med navn på eigar/ brukar + ein del til.

  5. Det er tross alt ikke snakk om mer enn en snau tusenlapp per part i utgifter, og en del elgkjøtt blir det jo.

     

    Forstår eg deg rett så er totalutgifta for elgjakta 1000 kr, med kjøtt! Og det meiner han er for dyrt :roll: .

     

    Kvota på rådyr er på 30 dyr som alle vert skotne, og som han ikkje får del i sidan han ikkje jakter. Kva med å "betale" ham for denne jakta?

    Betalinga kan jo vere 1 av rådyra som dere skyter. Det burde vere ei løysing som begge parter kunne leve med.

  6. Hvis du setter ett par sporlys i børsa di og tar den med på banen og skyter på hold lange nok til at sporlyset tenner vil du legge merke til at det er veldig vanskelig å se hvor kula går igjennom kikkerten på grunn av rekylen.

     

    Tenner ikkje sporlyssatsen med en gang?

     

    Hugsar godt ein som prøvde å skyte opp til storviltprøven med sporlys, såg lyset fra kula nesten fra munningen og heile vegen fram til skiva!

    Gubben vart litt overraska då eg sa at prøven ikkje vart godkjent med ein gang siste skotet var skote sidan han brukte sporlys. Men han innrømde at han hadde skote med det, og godtok avgjersla.

  7. Er det fleire som er/har vert i samme situasjon som meg?

     

    Kjerringa hadde termin rett etter jaktstart :evil: ! Men med planlagd keisersnitt så var det ikkje noko problem å flytte fødselen fram nokre dager. Så ungeselskapet er ferdig i god tid til jaktstart :D

  8. mye forskjellige folk, nesten ingen som meg :lol::lol:

     

    Etter å ha lese inlegga dine i denne tråden, så er eg ikkje mykje lei meg for at det er nesten ingen som deg! Er egentleg nok med ein som er så negativ til jaktformer han ikkje praktiserer sjølv.

  9. det er tross alt grunneieren som setter prisen.

     

    Grunneiger bestemmer prisen, men prisen har auka mykje dei siste 10 åra. Og det har skjedd i takt med aukande intresse for hjortejakt.

     

    Eg vil påstå at det er den jegeren som er villig til å betale mest som bestemmer prisen! Kvifor nøye seg med dårligare pris en kva " idioten" vil betale.

     

    Slik er det med alle ting, den som betaler mest bestemmer kva pris som vert gjeldane for andre og.

  10. "Før i tida" satt man helt bekymringsløs på en stubbe og ventet når bikkja var ute av hørehold og man ikke ante hvor bikkja var, eller hva han holdt på med.

    Nå sitter en og glaner på denna GPS'en og er redd for at bikkja skal nærme seg veien eller andre farlige plasser.

    Dvs. .. sitter å glaner gjør man ikke... en løper for å få tak i bikkja og henter den før bikkja sjøl får begynt å nøste opp veien tilbake til eieren sin. Etterhvert finner bikkja ut at det ikke er nødvendig å leite opp far igjen. Han kommer jo alltid å henter meg med bilen, så da gjør han det nok nå også.

     

    Den forandringen kom vel med dei fyrste peilarane og ikkje med Astro'en.

  11. Garmin Astro - ein venn!

    Men den kan også bli ein fiende, alt etter korleis du brukar den!

    Sjølv så har eg astro'en i ryggsekken. Men skulle hunden verta borte lenger enn normalt så er det greitt å vete kvar ein finn den. Har opplev at hunden er sett hundre m+ forran meg på jakt for så og forsvinne i heilt opent terreng. Astro'en viste at den var komen 400m bak meg i eit elveleie.

    Men ein må tåle at hunden er vekke ei stund før ein dreg fram vidunderet. Og lyd på astroen brukar eg ikkje, liker det stilt rundt meg i skogen.

     

    Alle hjelpemiddel vi brukar på jakt kan "misbrukast". Det er berre å skru på jaktradioen, skulle tru at det var nokon som hadde symøte slik som det vert skravla på den.

  12. Kva hensikten er kan variere! Køyrde og lyste hjort sjølv før i tida, og det fordi me var nyfikne på om hjorten kom inn på marka om natta og kor mange dyr som var på marka.

    Dette skjedde i eit område der ein ikkje jakta om kvelden.

    Tek meg ein liten tur i skumringen avogtil i skumringen no og. Men lys har eg ikkje brukt på mange år.

     

    Kva skal eg då svare på spørjeundersøkelsen din? Ja eg har lyst på hjort. Nei eg lyser ikkje på hjort lenger!

  13. Slik speker eg hjortehjerter: Hjertekammera vert spretta opp og vaska reine for blod. Spekket/ feittet som er utanpå hjartet vert fjerna. Og hjertet reinskåre for blodårer. Gnir hjartet inn med finsalt, legger det i grovsalt som dekker rundt heile hjartet. Ligg i saltet ca.12t. Vert børsta reint for salt og hengt på ein luftig og tørr plass i ca. ei veke. Du kjenner om det er speke eller rått framleis.

     

    Nytes sammen med øl eller ein god dram :D

  14. Noko du kan prøve er å kople hunden så fort som mogleg og avbryte jakta for resten av dagen ( eller ta ein pause i nokre timar). Klarer du å få hunden til å kople elglos med at du avslutter jakta så kan den lære av dette.

    For hunden er all jakt morosam så om du lar den fortsette å jakte etter ein elglos får den gjere det den liker best.

  15. Tror nok dette blir advokatmat. skal holde dere oppdattert om han får fengsel på livstid evt rifla tilbake!

     

    Da får ein håpe at advokaten er klok nok til å forklare kva som skjer om det blir rettsak. Som andre skriver så er sjangsen stor for at straffa vert innskjerpa. Og han havner i strafferegisteret med dei ulemper dette medfører. Om eg ikkje hugsar heilt feil, så er det lite sansynleg at han vil få visum til USA, Australia og mogleg nokre andre land som straffedømd. Og med våpen innblanda så ser dei mykje meir alvorleg på det enn om du har mista lappen for å køyre for fort.

     

    Hadde det vore meg, så hadde eg betalt bota! Og vore glad for å slippe fra det med eit forelegg sjølv om det er sure pengar å betale.

  16. tror ikke det, er grenser på hva som kan kalles reise..

     

    Fikk til svar hos mitt forsikringsselskap ( Trygg Vesta som det hette da) at reiseforsikringen dekker alt utenfor hjemmet. Med unntak av arbeisplass, skole/ undervisningssted.

     

    En tur på reinsjakt vil for de fleste av oss ikke bli sett på som arbeidsplass eller undervisningssted.

  17. Jeg ringte NKK i dag tidlig og snakket med Eva Pedersen i jakthundavdelingen (som har med blodsporprøver og regler å gjøre bl.a) og hun var krystallklar. Det er 3 dl blod totalt (inklusive sporstart, sårleie og sporslutt) som skal brukes på et prøvespor.

     

    Og her er svaret på mailen som eg sende til NKK:

    Hei

     

    Svarer på denne e-posten, da Linda Bekkelund har ferie.

    Det er kun den oppgitte mengden blod som skal brukes.(0,3 l)

     

    Hilsen

    EVA PEDERSEN

    Saksbehandler Aktivitetsavd.

     

    Og sidan ikkje alle er inne og leser på Kammeret så reknar eg med at NKK kjem med ein presisering av dette til alle prøvearrangører.

  18. Har sendt mail til NKK med spørsmål om dette.

     

    Kopi av mail : På eit diskusjonsforum på nettet ( http://www.kammeret.no ) går det ein diskusjon om kva som er rett tolkning av regelverket for blodsporprøver.

    Siterer fra regelverket her: Sporet skal være ca, 600 meter langt og legges med ca.0,3 liter blod jevnt fordelt over hele sporet.

    Sporstart, sårleie og sporslutt markeres med oppspark og ekstra blod.

     

    Diskusjonen går på om tolkningen av ekstra blod. Er det her meining at ein skal ha med ekstra blod til dette ( eiga flaske med blod ) eller skal ein bruke " ekstra" mykje av blodet som ein legg sporet med her.

     

    Om ein skal ha med ei flaske blod til for bruk berre på sporstart, sårleie og sporslutt, kor mykje skal ein da bruke.

     

    Vonar på eit oppklarande svar som vil gje ei lik tolkning av regelverket.

     

    Så får me smørje oss med tolmodigheitssalve og vente på svar!

  19. Ein hund som blir trena på blodspor før innjaging kan bruke lenger tid før den starter å jage. Men det er ikkje sikkert. Vert den innjaga fyrst så er det nesten garantert vanskligare å få den til å gå blodspor.

     

    Det einaste som hjelper i begge tilfeller er god tid og trening! Ting kan ta tid, men med rett trening så får ein til alt.

×
×
  • Create New...