Jump to content

Marlin 1895 - montering av langt magasin


Marlinman

Recommended Posts

Av ein eller annan grunn kom denne Marlin rifla med såkalla halvlangt magasin:

1-original-tube.jpg

Magasinet endar om lag midt mellom enden på fortreet og løpsmunningen. Løpet er 22” (560 mm) langt, magasinrøyret er 350 mm langt og har plass til 4 patroner.

 

Den klassiske ”kåbbåygunnaren” har jo røyrmagasin som er like langt som løpet:

3-Long-tube.jpg

 

Alternativet hadde vore at magasinet slutta jamnt med fortreet:

2-short-tube.jpg

 

Begge desse alternativa ser etter mi meining betre ut enn det halvlange magasinet. Det stiligaste er nok kanskje at magasinet endar jamnt med forteet, men då misser ein magasinkapasitet. Magasin i full lengde er nesten like fint og då får ein i tillegg plass til tre patroner ekstra. Til vanleg jakt betyr vel ikkje nett det så mykje, det ein ikkje har fått i bakken med fem skot klarar ein vel ikkje med åtte heller…

 

Nokre amerikanske børsemakarar har hatt langt magasin som ein av opsjonane på sine custom rifler basert på Marlin 1895 mekanismar, men det har ikkje vore lett å få tak i deler ”in the withe”. Marlin fabrikken løyste sjølv dette problemet for nokre år sidan med introduksjonen av 1895 CB. Dette er ei rifle laga for CAS med 26” (660 mm) langt løp og magasin i full lengde. Magasinet til 1895 CB kan ein kjøpa mellom andre frå Brownells ( http://www.brownells.com ). Då har ein utgangspunktet for eit prosjekt som dei aller fleste kan fiksa sjølv.

 

Arbeidsoppgåvene vert då:

1. Fres, eller fil nytt svalehalespor for framre magasinfeste.

2. Flytt fram magasinfestet

3. Kapp magasinet til rett lengde.

4. Bor hol i magasinet for feste og festeskrue.

5. Sett inn blidplugg i det gamle svalehalesporet.

6. Blånering av kuttflater.

 

Til dette treng ein:

Materiell:

(# = Brownells varenr.)

#550-000-664....101125 MAGAZINE TUBE..........................USD 26,44

#579-087-100....001187 MARBLE #87 DOVETAIL SLOT BLANK...USD 5,00

#080-621-359....STD. SIGHT BASE CUTTER 60 x .359............USD 30,67

eller om ein ikkje har tilgang til fres, denne frå Midway

#720537..........Wheeler Engineering Dovetail Cutting Fixture..USD 20,99

I tillegg kjem frakt, i mitt tilfelle på.................................USD 47,50

Ein treng og

Kaldblåneringsveske

Ein 5mm o-ring

 

Sjølvsagt var det meir med i pakken når ein først bestilte, så dermed vert det ikkje heilt rett å rekna all frakta på dette prosjektet, men gjer ein det så kjem det heile på USD 109,61. Med ein dollar på om lag NOK 5,50 vert dette NOK 603,- og på toppen av dette kjem 25% MVA. Då vert sluttsummen kr. 754,-.

 

Pakken vart sendt med PP – Express, kva no det måtte vera. Bestillinga gjorde eg på web 18.12, den vart sendt 20.12 og eg hadde den på min lokale post i butikk 02.01. Heile tida sporbar via Posten si sporingsteneste. Veldig bra når ein tek med at dette var midt i jule- og nyttårshelga.

 

Verktøy:

• Drill m/ stativ / søyle

• 6 mm metallbor

• 7,5 mm metallbor

• Skrustikke med mjuk foring på kjeftane

• Baufil m/ metallblad

• Flatfil for metall

• Rundfil for metall

• Hammar

• Messingdor

• Kjørnar

• Skyvelær

• Vinkel

 

Og ideelt sett dreiebenk og fres, eller som eg, ein god kompis som er oppsett med slikt utstyr. Men det bør gå fint utan og om ein er nøyaktig.

 

Førebuing:

Demonter rifla som vist her: http://www.kammeret.no/viewtopic.php?f=38&t=1111

 

Kor langt skal magasinet vera? Det skal i alle fall ikkje stikka framom løpet. Om det er akkurat like langt som løpet så kan det likevel sjå ut som om det er litt lenger. Derfor vert det vakraste at det er litt kortare. Etter lange diskusjonar med meg sjølv kom eg fram til at 3 mm ville vera høveleg. For å koma fram til rett plassering av svalehalesporet tek ein mål av magasinpluggen, frå framkant til center hol, og legg til 3mm.

 

1. Nytt svalehalespor

For dei som har fres så spenner ein opp løpet med løpsaksen 90 grader på freseaksen (hugs at løpet er kona). Kompisen brukte 2 v-blokker og shimsa opp den eine. Så stiller ein inn rett djupne på fresen. Om ein ikkje driv med dette til dagleg så kan ein spara seg eit løpsbyte ved å gjera ein test på ein bite med 18 eller 20 mm rundstål først. Resultatet vert slik:

Svalehalespor.jpg

 

Dei som nyttar fil og albogefett i staden kan lesa seg opp her: http://www.midwayusa.com/midwayusa/StaticPages/pdf/Instructions/Dovetail%20Cutting%20Fixture%20Instr.pdf

 

2. Flytt magasinfestet

Slå ut magasinfestet av svalehalesporet med hammar og ein messingdor. Prøv det i det nyfreste / filte sporet og gjer eventuelle finjusteringar. Slå det inn til det er nøyaktig i senter på løpet.

 

3. Kapp magasinet

Fest magasinpluggen i magasinfestet og ta nøyaktig mål av magasinlengda. Sett av målet på magasinet. NB: ”BULKEN” I MAGASINET SKAL IKKJE KAPPAST AV, KAPP I MOTSETT ENDE! Bulken er der for å sikra problemfri lading av magasinet. Spenn opp magasinet i skrustikka og kapp med baufil slik at ”streken står att”. Finjuster med fil slik at lengda vert rett og det ikkje er glis mellom magasinet og flensen på pluggen. For dei som har dreiebenk tilgjengeleg går det fint å stikka av magasinet i denne.

Kappa-magasin.jpg

 

4. Bor hol i magasinet

Merk opp for holet på oppsida av magasinet. Det er viktig at bulken i magasinet kjem på rett plass! Når ein ser magasinet ovanfrå skal bulken stikka ut på venstre sida av magasinet, 90 grader på den vertikale senterlinja til våpenet. Sett i magasinpluggen og marker senter for holet med eit kjørnarslag, sjekk at ikkje skrueholet i pluggen kjem under der du kjørnar. Hugs å ta ut pluggen før du borar! Spenn opp magasinet i borsøyla og bor først eit 3,5 mm hol på oversida av magasinet. Set i blindpluggen og med den som styring borar du, frå oversida, holet på undersida, framleis med 3,5 mm bor. Til slutt borar du opp holet på oversida til 7,5 mm og holet på undersida til 6 mm. Fjern eventuelle grader.

 

5. Blindplugg

Fil til blindpluggen slik at ein får klaring til magasinet. Bruk ei rundfil og fil eit halvmåneforma spor på tvers av blindpluggen. Eg måtte og fila litt på undersida av blindpluggen for å få den til å entra svalehalesporet. Ikkje prøv å fila på blindpluggen når den står i svalehalesporet. Då får du nokså sikkert ein blåneringsjobb på løpet i tillegg (been there, done that) Slå til slutt i blindpluggen i det gamle svalehalesporet

 

6. Blånering

Då står det berre att å kaldblånera dei blanke metallflatene og montera. Følg anvisningane her: http://www.kammeret.no/viewtopic.php?f=38&t=1111 med ein liten vri: Legg ein 5 mm o-ring mellom løpet og magasinet på magasinfestebolten. Skru til skrua slik at magasinet legg seg paralelt med løpet.

 

Magasinfeste.jpg

 

Long-tube-and-hat.jpg

 

Long-tube-final.jpg

 

Det som no vert spanande å sjå er korleis presisjonen vert. Med denne modefisering flyttar ein magasinet sitt presspunkt mot løpet. Treffpunktet vil nok garantert endra seg, men korleis vert samlingane? Når dagane ljosnar litt til, slik at det går an å ta seg ein tur på skytebanen, så får De svaret.

 

Credits:

Salvo http://marlinowners.com/board/viewtopic.php?t=18413

Edited by Guest
Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Dette var virkelig en interessant tråd...jeg har hatt Marlin i 45/70 før, og har planer om å skaffe meg en igjen. Det har alltid irritert meg at det ikke har vært magasin i full lengde..men nå kom altså løsningen :D

Benytter en den originale magasinfjæra, eller følger det med fjær til det lange magasinrøret?

Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Eg har nytta magasinfjøra frå det korte magasinet. Den virkar å vera litt i kortaste(!) laget, men eg har ikkje fått funksjoneringsfeil. Har testa med børsa i alle mulige og umulige vinklar og matinga fungerar. MEEN for å få ro i sjela så kjem eg til å ta med ei lang magasinfjør på neste bestilling til Brownells.

#550-401-395, USD 6,30 (Marlin #401395)

Link to comment
Share on other sites

  • 2 months later...

Har vore ein tur på skytebanen. Presisjonen ser ikkje ut til å ha blitt noko dårlegare med langt magasin. Men jaktladning og treningsladning, som tidlegare hadde same treffpunkt på 100 m, har ikkje det lenger. No gjekk jaktladninga ca 15 cm høgare enn treningsladninga. Så då lyt det ekprimenterast med ny treningsladning, sukk.. Livet er tøft...

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...