Jump to content

Sako L581


Ellingskapteinen

Recommended Posts

Eg har nett gått til anskaffelse av mi første Rifle, ei Sako L581. Eg kjøpte den fyst og fremst fordi den var forholdsvis rimeleg, og solgt Lokalt. Er forsovidt godt nøgd med den og. 

Eg hadde i utgangspunktet tenkt å kappe og gjenge pipa, men so har det komt meg for øyre at dette er ei relativt skjeden rifle. Er det nokon her som har noko formeining om det er noko samlarcerdi i desse riflene? Er det eigentleg nokon grunn til å kvi seg for å gjere noko med pipa? 

Link to comment
Share on other sites

  • 1 month later...

Då har eg hatt Rifla i hus ei stund, og sidan eg sleit litt med å finne noko særleg info har eg bestemt meg for å skrive litt om ho her. No er eg ingen våpensmed, og har heller ikkje allverdens erfaring med skyting, so ta det som står her med ei klype salt. 

 

Det fyste som vart gjort med rifla var å sette på ho nytt kikertsikte. Det som fylgde med var av typen Weaver frå 80-tallet, det nye eit meopte R1 kjøpt brukt frå herrane i Arendal. Dei sendte og med ein Sako montasje, men denne passet ikkje. Våpenlofoten i Førde var behjelpeleg ein travel romjulsdag. Dei fremste eit stoppspor og satt på originale tikkamontasje. Easy peasy. Mi størsteanke er at det var nødvendig å fjærne det bakre siktet for å få på plass kikertsiktet, og i romjulsrushet gløymde eg å få med meg dette heim. Velvel. 

 

Eg har kun hatt anledning til å avfyre våpenet med skarp ammunisjon ein gong so langt, men er godt nøgd med avtrekket, boltgangen, og magasinet. Magasinet er forøvrig kryssmatet med kapasitet på 5 skudd. Presisjonen er eg ikkje like overbevist av, men det skal seiast at det var ikkje det ein kan kalle ideelle forhold, og eg har kun prøvd ein type treningsammo.

Sikringa låser både bolt og avtrekk, ein kan trykke ned sikringa for å løyse bolten, og her trur eg fjæra er dårleg, det er nemlig ikkje alltid den låser bolten. Dette må nok undersøkjast meir etterkvart. 

IMG_20200107_132822.jpg

IMG_20200107_131307.jpg

IMG_20200107_131352.jpg

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...