Jump to content

Merkelige kronograferingsresultat


Humbo

Recommended Posts

I påvente av året sitt første feltstemne til helga, så fann eg ut eg skulle dra ut kronografen i går. Men resultata var litt uventa, så eg lurar på om nokon kan ha nokre innspel. Kalibra var .454 Casull og .460S&W, våpna var Freedom Arms med 7.5" løp og S&W X-frame med 8 3/8" løp. Med 300 grains kule, Winchester hylser, CCI450 tennhetter og 27 grains N110 låg snittmålinga i 454 på ca. 1580 fps. Dette virka normalt og stemmer bra med tidlegare målingar. Men når eg drog fram 460'en, så fortona det seg litt annleis. Med same 300 grains kula, Starline tomhylser, Federal 210 tennhetter og 35 grains N110 så låg snittmålinga på ca. 1595 fps. Kva skjer? Dette er knapt auken ein kan vente med den ekstra løpslengda i X-framen. Same 454-ammunisjonen eg brukte i FA gav ca. 1530 fps i X-frame. Dette er første gongen eg kronograferar 460, så eg har ikkje noko å samanlikne med. Begge våpna var nypussa.

Link to comment
Share on other sites

Ikke uventa måleresultat det der :-) hylsa til 460en har mer rom en cassullen, og derfor får du ikke hastighetsøkninga du kanskje forventer. Får samme hadtighet med clarry sine blykuler med 29 grain n110 i samme hylse :-) 300 grain kule e hvor æ bruke å gå over til n120 i 460, alt etter hvilkrn kule og vekt den har

Link to comment
Share on other sites

Takkar for tilbakemelding chopper. Tenkte nok det ekstra hylsevolumet til 460'en ville gje noko lågare trykk, men med 8 grains tyngre ladning så skulle ein tru at ein del av det ekstra hylsevolumet ville bli oppteke. Har ikkje rekna på fyllingsgrad på dei ulike ladningane, men eg var altså ikkje budd på så liten skilnad i hastigheit. No er toleransane på FA mykje tightare, og sylindergapet på X-framen er nesten 4 gongar større, så dette spelar nok inn på målingane. Men auken i same våpen var altså berre knappe 70 fps frå 454 til 460. Eg får teste med same hylsefabrikat i dei to kalibra neste gong.

Link to comment
Share on other sites

Dette gjorde eg, står i første post. Same 454-ammunisjon som gav ca. 1580 fps i snitt i FA gav ca. 1530 fps i snitt i X-frame. Desse dataane kan nok takast litt med ei klype salt sidan datagrunnlaget kun var utifrå 5-skotsseriar i kvart våpen, men det gjev i alle fall ein peikepinn. Neste gong skal eg prøve med snitt på 20 skot og få litt meir nøyaktige data.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...