Jump to content

Min knivtråd.


Aslakhv

Recommended Posts

Eg tenkte eg skulle prøve å samle dei neste knivane mine i ein tråd istaden for å spre dei rundt ein for ein.

 

Først kjem ein eg har laga til meg sjølv som brukskniv. Eg har brukt den under elg-, fugl- og rådyrjakta. I alt er den bruka til å flå mykje av to elgar og to rådyr, enno har eg ikkje brynt bladet. Det er fortsatt veldig skarpt! Meiner det er RWL-34 som er i bladet. Kniven er behandla som ein brukskniv og godt bruka, difor er det meste av finishen borte. Den har også ligge ute i snøen nokon døgn etter at den falt ut av sekken.

 

Blad: Ingemar Nordell.

Skaft: Valbjørk og Myreik.

 

IMG_2351_zps82e767c3.jpg

IMG_2354_zpsde6de58b.jpg

IMG_2355_zpsb647a907.jpg

 

Den andre er slirelaus. Dette er min dyraste kniv til no og første gong eg har brukt både damask og stabilisert skaftemne.

Var ikkje det samme å drive på med stabilisert som naturelt treverk men det var artig å prøve!

Dette er ein liten kniv.

 

Blad: Damask av Kent Andersson.

Skaft: Bjørkerot og Stabilisert bjørk med innlegg av nysølv.

 

IMG_2357_zps59e1172a.jpg

IMG_2359_zps80b21ecd.jpg

 

- Aslak

Link to comment
Share on other sites

Venter ennå på material til første kniv med eget smidd knivblad så har i mellomtida smidd fleire knivblad og laga slir til kniven med damask blad, den er selgt og klarte sjølvsagt å rote bort bilda av den...

 

Men her er dei nyaste blada, slipt overflata og form i dag så no blir det nokon timar med eggsliping. :)

Smidd ut av Sandvik filer så skal vere god kvalitet i stålet.

 

IMG_2379_zpsdb851354.jpg

 

- Aslak.

Edited by Guest
Link to comment
Share on other sites

Ny kniv har kome opp frå kjellaren. Fortsatt ikkje med eget smidd blad er eg redd men det blir nok den neste.

 

Denne kniven synest eg sjølv blei ganske bra.

 

Skaft: Bjørkerikule, elghorn og vulkanfiber som mellomlegg.

Slire: tysk rårandslær

Blad: 3 lags laminert av Morten Håkonsen med råsmidd overflate.

 

IMG_1710_zps3607a6d9.jpg

IMG_1709_zps0ab936d6.jpg

 

- Aslak

Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...
  • 1 month later...

Hei igjen!

Har prøvd ut litt mønstersmiing i det siste. Veldig arbeidsomt uten maskinhammer, men då blir det veldig mykje morsomare å sjå resultatet!

Det verste er å få sveisa sammen alle laga heilt i starten, viktig å ikkje starte med for mange lag. Har bruka å starte med om lag 8-12 lag og så smi ut, brette, sveise, smi ut, brette, sveise, smi ut, osv, osv.

 

Her er mitt første blad:

IMG_1732_zps101968bb.jpg

Det er 20 lag på kvar side av eggstålet, sidene består av vanlig flattjern + tynne nikkel lag.

 

Her er mitt andre blad:

IMG_1728_zpsa5035529.jpg

Her er det i alt 64 lag stål av 15n20 som er nikkelholdig og vil gi ein blankare overflate, og 20 stål som er uten nikkel og derfor gjev ei mørkare overflate.

 

Her er mitt tredje blad:

IMG_1730_zps7d9c6612.jpg

Dette er i alt 30 lag(15N20+20), her har eg skjært vekk nokon striper med vinkelsliperen bortover på bladet og så smidd ut. Det ser du igjen i mønsteret, som blir veldig artig.

 

Blad 2 og 3 er ikkje slipt opp, det skal slipast og så etsast igjen.

Er veldig fornøgd sjølv, har også fått meg skikkeleg båndsliper som hjelp veldig!

 

- Aslak

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...