Jump to content

Første forsøk på knivsmiing.


Aslakhv

Recommended Posts

Me brukte ei propaneise med to brennarar som gjev den temperaturen du skal ha for sveisinga. Det som er fordelen med gass framfor kol er at du ikkje har sjangs til å varme stålet for mykje. Men raskare oppvarming i kol.

 

Først så kappa me til pakker med eggstål og flattjern og punkta dette fast med elektroder. Viktig at den eine flattjernsbiten ikkje blir kappa så du har noko å halde i.

 

Så varme godt til det blir gjennomvarmt ta ut fort og drysse borax ( sveisepulver ) med ei spiseskje på sidene. Når du har fått ei "glassert " overflate så pakkar du lett med hammaren så alle bitane ligg mot kvarandre. Viktig å ikkje slå for hardt.

 

Så gjennomvarme det igjen og slå litt hardare. Når detta er gjort så smir du ut spissen til bladet og vidarefører dette bakover for å få formen på bladet. Så kappar du pakka av flattjernsbiten og brukar ei tangestanse som er som ein massiv stålbit som du slår gjennom pakka der du vil at tangen skal starte.

 

Når me smidde ut tangen så banka me først litt annakvar gong oppå og på sida før me flata ut tangen ordentlig og så forma denn til den ferdige formen.

 

Så skal me flate ut knivbladet til riktig tykkelse. Råsmidd: 4 mm overside og 3 mm underside. Blankt: 5 og 4 mm om eg hugsar rett.

 

Når detta var gjort så slipte me formen og tangen og tangeovergangen fin. Så grovslipte me egg men vinkelsliper.

 

Så herding. Varma bladet gjennomvarmt i gasseisa og kjølte det ned i herdeolje. Så anløpte me for å gjere knivbladet seigt igjen.

Då låg me bare ei tjukk jernplate over ein kolhaug og låg blada oppå.

Eit tips som eg lærte var at når det var seigt nok til at fila tok ordentlig på bladet så var det perfekt.

 

Så finslipte me egg på ei tormek slipemaskin som var bygd inn i ei trekasse og var berre herleg og kjempe enkel og slipe på!

Etter at eggen då var polert på ei lærskive var sei klare :)

 

Puh, mykje å skrive på touch telefon ;)

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...