Jump to content

Sammendrag 2011


HEK

Recommended Posts

For mitt vedkommende starter somregel jakta 20August på Reinsfjellet.

Eg og en kamerat har jakta i samme området 6 sesonger på rad no. Begynner å bli ganske kjennt med trekkruter, og beite områder.

So vi lar andre jegere stresse rundt og jage i reinsdyra.

Dei kjem alltid innom oss iløpet av dei dagane vi har satt av uansett.

Vi har 2 faste spottepunkt som vi bemanner døgnet rundt (en mann overnatter under åpen himmel kvar natt pga området er umulig å smyge)

I år fikk vi dyr 2 og 3dje dagen 1,5års bukk 30kg og kløftbukk 40kg.

1,5 åringen vart fellt 50m fra teltplassen og kluftbukken vart fellt på den andre faste plassen.

Spottepunkt 1

310874_10150353257810490_703960489_10232241_2696804_n.jpg

Spottepunkt 2

313649_10150353258955490_703960489_10232258_1704649_n.jpg

Ungbukk

313649_10150353258975490_703960489_10232261_919023_n.jpg

Slakteplassen

313649_10150353258970490_703960489_10232260_990138_n.jpg

 

Så er det pause i jakta til Hjortejakta begynner.

Her har eg og ein fast post som eg benytter kvart år første morgon.

I år kom der fjordskolle og spissbukk på posten. hadde tenkt å plugge spissbukken først men kolla stillte seg opp med breisida på en 140m

og dermed so small det på refleks.

Kolla skvatt 20m og la seg ned inni ett einerkratt.

Og sjølvsagt stillte spissbukken seg bak dette og kikka etter ungdyret.

Han kom ikkje klar av krattet. so eg måtte smyge rundt. etter 100m åling var eg inne på 50-60m men fortsatt berre hode/hals som stakk fram.

Laga da nokre kontaktlyder og dermed tok han ett steg for langt fram.

Gikk rett ned i smellen.

Men etter ca 10sek spratt han rett oppp igjen og raste ifra....

Eg var heilt fjetra. sikker på att han var dau.

Forsvann bak en bakkekam og ut av syne for meg.

Da vomma eg ut av ungdyret og drog det til gards før eg henta bikkja.

Bikkja var litt forvirra i starten for piggbukken hadde kryssa utraset til kolla so der var blodspor i kryss. men etter nokre m so var ho på rett spor.

Spora ca 100m og fannt en død spissbukk. skuddet satt i bog rett under ryggen.

Kompisen som hjelpte å flå nekta for att det var den som hadde rast så langt, og hadde eg ikkje sett det sjølv so hadde vel eg og nekta..har desverre ikkje bilder fra denne dagen. men en god start med double første morgon.

Spissbukken var 48kg og hadde berre noke små tapper. Kolla var 52kg

 

No var det mest fokus på guttongen og opplæringsjakt framover.

Når det gjeld felling av hodyr so har eg alltid praktisert skyting av kalvelause dyr og plukker kalver fra andre hodyr.

Og denne regelen prøver eg å føre videre.

Samtidig som eg bestreber att det skal være ungdyr.

Og med dette i bakhodet dro eg og junior på jakt.

Første kvelden vi satt ute var det kun observasjon og ingen passelige dy og sjå.

Vi hadde 3 spissbukker innpå samtidig men ikkje ett einaste løyve som passa med desse.

Andre kvelden kom der innpå 2 koller med kalv og ett par ungdyr.

Eg observerte med kikkert samtidig som han gjorde seg klar.

Ok. ta den no viss du BANG.............

Utras på 10m og ned

En hjortejeger var skapt.

Lite ungdyr 37kg perfekt start.

Det er viktig att skal du jakte skal du kunne slakte også.

292015_10150376107815490_703960489_10404573_1033850192_n.jpg

Værste som finnst på ett jaktlag er dei som skyt dyr for so å stå med hendene i lomma og vente på hjelp.

No var det tid for avreise til den store

Elgjakta.

Vi er ett lag på 10 meir eller mindre faste mann som har jakta ilag i 3år.

Trøndera,sørlænninga og sunnmøringa i ei herlig blanding.

Den sosiale biten er viktig med jakting på dagtid og god mat og godt i glasset på kvelden

12 dyr på kvota og lov å skyte bjønn på lisens (den har vi berre sett skit av)

Dette er mi sosiale jakt.

Eg jakter stortsett aleine resten av sesongen so denne veka sett eg stor pris på.

Vi jakter med Jamthunder og gråhunder.

Løse, men pga mykje bjønn i terrenget so vil ikkje elgen stå for hund.

Første året laget hadde terrenget vart det skutt 9 dyr i stålos.

I år vart det 1 av 10.

Eg fikk skutt min første elg i år.

Den har satt langt inne det var mitt 3dje år på elgjakt uten en eneste skikkelig skuddsjangse på dyr som passa med kvota.

Har hatt ett par sjangser på ungku som eg kunne skutt feil på og kalla det uhell...men eg vil heller ha rett dyr og feilskytinga kan dei som har skutt nokre ta seg av ;)

Vi fikk nokre fine dyr i år.

Laget flår 10 tagger

305838_10150389852120490_703960489_10485995_2032774180_n.jpg

Eg med kalv Unghunden Varg i bakgrunn.

316177_10150387787095490_703960489_10476304_816307321_n.jpg

Ingen kjempe men en kalv på 65kg Greitnok som start, er lettere å perse til neste år ;)

9tagger med skytter

297047_10150385767920490_703960489_10464267_332050032_n.jpg

 

Vi fikk tilslutt 10 Elg og 2 gås :)

Vekter fra 65-240kg

 

No var det pånytt heim til Hjortejakt og Høgbrunst.

Mykje bra bukker og konsert i alle lier.

Lokking av brunstbukk er egentlig den jaktformen eg set høgast.

Lokker inn bukk berre for å sjå og bedømme.

Har klart å lokke inn samme bukk fleire dager på rad....

Har og lokka innn større bukker enn dei eg har skutt. pga manglande bukkeløyver og interne avtaler.

Men no er det rikelig med større bukk i terrenga.

Og bukkeløyvet var satt av til storbukk :wink:

Hadde egentlig satt av bukkeløyve til aspiranten.

Men pga litt uflaks(kom berre småbukker når han var med)

So vart det eg som fikk den.

Den var seig å lure men kom tilslutt innpå ei åpning når eg lokka. Raste opp og ned i utkanten og bælja tilbake lenge.

Rett før det vart for mørkt gjorde den ett renn innom slik att eg fikk satt ett skudd i bogen og dermed heiv den seg rundt og raste tilbake der den kom i fra.

Venta i 5 min før eg henta bikkja og spora på den. etter 5om låg han dau.

124,6kg etter 24timer.

12 tagger jevn og fin. forhåndsmålt til ca 158p sølv er på 140p

303043_10150406743295490_703960489_10586355_483693821_n.jpg

Etter dette var det litt nedtur kun hodyr og kalver igjen på kvota.

Hadde litt dårlig samvittigheit overfor junior pga eg tok bukken.

Men slik er det på jakt. dyra kan ikkje bestillast.

Vi hadde nokre turer til ilag og han fikk skutt ett hodyr til.

Denne gangen var det og ett enslig hodyr som vi observerte ei god stund, var enige om att det var eit ungdyr og vi var heilt sikkre på att ingen av kalvane vi såg tilhaurde ho.

Han skaut og eg kikkra, det er utrulig ka du ser når du kun bruker kikkert og slepp å konsentrere deg om skytinga.

Denne spratt rett opp. minst 1m tverrvende og skvatt 50m bortover før ho stupte.

satt i 20minutt og observerte dei andre dyra før dei trekkte av.

Vi hadde tenkt å ta en kalv til men dei sto for langt unna og var urolige.

Når vi kom fram til dette fallet fikk vi oss en overaskelse. kolla eg hadde trudd var knappe 50. var Diger....

Eg hadde tabba meg kraftig på denne.

Men til mitt forsvar kan seiast att ho var ardri bort til dei andre dyra. slik att eg fikk aldri sammelikna størrelse.

Ho var heldigvis tørr, dette var eg sikker på før eg ga klarsignal til å skyte. men alikavel når eg tok slik feil på størrelse so kunne eg og bli lurt på anna.

76kg og bælfeit....

Etter dette tok eg nokre ungdyr og ett par kalver.

Allt gikk på skinner heilt til ei natt i måneskin,eg overnatta ute.

Søv mesteparten men er oppe ca 1 gang i timen og ser etter dyr.

So i 0400tida er det kommt frammpå dyr Bukk kolle og kalv.

Skal ha kalven, dyra trekker rolig mot med allt ser bra ut.

Plutselig so skvett dyra unna. enten so er det trekken eller so er det noko anna som skremmer dei.

Men dei er plutselig ute på ca100m og lyset svinner.

Pga overmot og att allt eg har peika på i år har ramla so skyt eg.....

Kjenner med ein gong att det ikkje vart bra.....venter ca halvtime,henter bikkja.

Ho sporer og viser tydelig att vi skal på skogen.

Oppi hodet er det noko som seier VOM,VOM,VOM.....

Faen.......

No er klokka blitt 0600

Ok da er det kun en ting som gjelder.....tid......samme kor surt det e.....venter i 3 timer både for å få fullt dagslys og att dyret skal gå i sårleie, eg vil og ha en kompis til å gå sammen med.

Vi bruker no hans hund.

både for att han har gått lite søk i år. og eg rekner med ett vanskelig søk og da tat vi sjølvsagt den mest rutinerte hunden.(vinner NM Blodspor 2011)

Tar først skuddplassundersøkelse finner ingenting.

(høgt gammalt gras og myrsiv)

Vi sporer nesten 1km og har egentlig gitt opp, da det ser ut som bikkja sporer på beitespor.

Men pga bikkja er god og eg er sikker på att det er treff i dyret so bestemmer vi oss for å fortsette ei stund til.

Plutselig står en enslig kalv 30m foran bikkja.

Eg får skutt rett sideskudd midt i bogen. kalven gjer ett utras på 50m oppover før den velter :shock:

Utraset var lengre enn eg har opplevd med uskadde dyr og samme treffpunkt. so her var det andrenalin på gang.

Eg hadde truffe midt i vomma med første skuddet :oops: fikk heldigvis rydda opp.

Men det var guffent mens det sto på.

Kalven var 34kg bukkekalv

Fikk tatt ett ungdyr i skogen på smyg dagen etter, slik att godfølelsen var på plass igjen.

Var greit å komme i gang direkte og få ei korrekt felling rett etterpå.

Sikkert litt samme som med å kjøre bil rett etter kræsj...

No var vi ferdige i alle våre faste terreng. eg og guttongen hadde fått 9 dyr tilsammen og var fornøgde.

Men dei slit i ett terreng lengre inne so vi skal hjelpe til der.

Tar nokre smådrev og blir lurt av bukker fleire ganger.

Dyra står vanvittig høgt. må heilt opp i skog grensa sist i November.

Denne hokalven på knappe 30kg enda livet i øvste ura mot snaufjellet. i nysnø.

Hadde sotte ute i 3 timer i sludd og regn da svogeren skulle jage igjennom noe fjellbjørkekratt. der spratt ut kolle og kalv. kom i ei helsikes fart men kalven stoppa akkurat i åpninga når eg hoia på den...

En Mega 156grain midt i bogen gjorde susen.

321633_10150371363496886_562166885_8439567_1787063538_n.jpg

Da var egentlig jakta avslutta for min del. det kom masse snø og det er so bratt og rasutsatt i dette terrenget att der er umulig å ferdast for dei som har livet kjært....Einaste plassane det er sopass åpning att det er mulig å skyte er i fonnefara.

Og med regn/sludd og nysnøv om kvarandre so må det brukast fornuft.

Bilde tatt fra den flate delen av terrenget

393544_10150386201716886_562166885_8485028_1839281493_n.jpg

Men so den 9 Desember er det fullmåne og eg klarer ikkje lat være, må en runde og sjekke sjølv om der ikkje bruker å være dyr nede på innmarka.

Dei dyra som blir skutt på innmark her skytes i September. etter dette trekke dei vekk pga sau....

Det skal være en lukketreff.

Sniker langs en skogsvei da eg plutselig får øye på en bukk ca 50-70m.får 30cm åpning igjennom skogen og lar skuddet gå.

Han blir vekk, og eg snik sakte mot der han forsvann. ser plutselig en anna bukk i augekroken.

Men rekk ikkje denne pga eg er litt tilbakeholden da eg ikkje har 100%kontroll på den første.

Etter 3sekund so reiser han avgarde i samme retning som den påskutte som eg i det samme ser stein dau 20m fra meg.

12 tagger nr 2 for året er ett faktum.

387579_10150502640300490_703960489_11027393_2128719806_n.jpg

Det blir ei lang natt med draging og slakting.

Etter att eg var ferdig med å slakte denne var eg fornøgd med att det vart berre den eine....

Hjorten satt bom fast i 50cm snø so eg måtte få tak i nevnte svoger til drahjelp.

Dette vart mi sesongavsluttning. kjempefornøgd med året.

Har hatt bra med dyr i alle terreng eg har jakta i .

Om det er nedgang eller ikkje er eg usikker på.

Vektene har variert voldsommt i vår kommune kalver fra 14-34kg skutt med noen få 100meters mellomrom

Ungdyr fra 36-52kg

Spissbukker fra 39-65kg

og eldre bukker fra 55-125kg her kan godt være det er skutt større men eg har ikkje hørt om det.

Einaste eg er heilt sikker på er att dei som skulle vente til hjorten kom på innmarka i år dei brennte seg for dyra har stått høgt heilt til slutten.

Og dette er ikkje noko eg synser og trur. dette er noko eg har sett med egne auge i heile haust.

Eg har sett sopass med hjort i haust att eg neppe blir trudd når eg seier det.

Men dette var min årsrapport for 2011.

No er det berre å lade opp jaktfelt ammo og begynne pappsesongen :)

Veggpynten for i år er akkurat på plass.

376071_10150543427535490_703960489_11180743_1929279647_n.jpg?dl=1

Edited by Guest
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...