Jump to content

Grunnvass-spegelen ein farleg sak.


Ragnar

Recommended Posts

For nokre år sidan skaut eg rett over ryggen på ein hjortekalv. Hold ca. 30 meter. At skotet gjekk over, altså for høgt, fann vi greitt ut av: ikkje skotteikn på dyret og ikkje blodspor som ettersøkshunden kunne gå etter og dessutan fann vi kulenedslaget.

 

Den hausten hadde det regna mykje, og enga som hjortekalven stod på var metta av nedbøren, men det var ikkje synleg vatn å sjå på overflata. Han som kom med ettersøkshunden var ein gammal, røynd jeger. Eg viste han kvar eg hadde sitte: i ein liten bakke oppanfor grasflata som eg skaut NED på. Vi sette opp ein kjepp der kalven hadde stått. Høgda på kjeppen tilsvarte høgda på ein hjortekalv, eg sette meg på plass der skotet var avfyrt og sikta på nytt på toppen av kjeppen. På grasmarka i rett linje bortanfor kjeppen og noko høgre enn toppen av kjeppen såg vi no at ei grastue var slengt opp og at ein svart strek gjekk frå jordgropa der tua hadde ligge og på skrå oppetter grastustane.

 

Han med hunden forklarte meg kva som hadde skjedd: Eg hadde skote for høgt og rett over ryggen på kalven, kula hadde bora seg ned ca. 20 cm i grasmarka. Der hadde ho treft på den høge grunnvass-spegelen vi hadde den hausten. Grunnvatnet rikorsjerte kula og sende ho oppatt i lufta.

 

Det høyrer med til historia at ikkje så mange hundre meter bak var det busetnad..... . Det eg hadde vurdert som trygg bakgrunn viste seg altså å vere alt anna enn det.

 

Andre med liknande erfaring?

 

Ragnar.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...