Hei!
Eg har ei gammel Parker Hale Safari i heilt original stand (trur eg)
Problemet er at den har stor treffpunktendring i våt kontra tørr tilstand. Etter ei helg på jakt i snø og sludd i høst prøvde eg rifla for og sjå om det var nokon endring i treffpunktet.
Samlingen var da 18cm under senter på 100m. Lettere sjokkert tenkte eg at eg måtte ha klart å slå kikkerten skjev. Rifla samlet bra, ca 3cm 3skudds samlinger. Eg justerte skitet opp slik at eg låg i senter att og reiste heim att.
Mista litt godfølelsen med rifla etter dette og blei gående å lure mye i uka etter, kunne liksom ikkje huske å ha dunka borti kikkerten heller og fant til slutt ut at her måtte ny testskyting til får eg kunne reise på jakt att. Så helga etter var det ut i skogen igjen
med blink for å sjå kor eg traff med tørt våpen. Etter å stått inne og tørka i ei uke var samlinga nå 10 cm over senter. Sideveis har den null forandring.
Er dette normalt? er ikkje sikker på at det er fukt som er problemet, men kan ikkje skjønne kva det ellers skal vere. Andre teorier om årsak og forslag til løsning tas imot med takk!! Har litt erfaring med våpen, men er på ingen måte noen ekspert så eg hadde håpt å høste av all kunnskapen her på kammeret.
Kaliber er 3006. Ammunisjon er norma elite 180grs Årsmodell uvist. Trur ikkje børsa har gått mange skudd tipper 4-500. Må nesten hvert år skru litt på siktet på oppskyting, men ikkje så mye. Kan ikkje huske å ha skutt noe vilt med rifla i vått vær, så problemet kan ha vert der så lenge som eg har hatt rifla (ca 8 år)
Et annet problem med samme rifla er at etter å ha brukt sikringa får eg "klikk" (må ta nytt ladegrep for å få avfyrt) sikringa sitter på sluttstykket og er det eneste på rifla eg har sett er merka PH.
Takker hjertelig for alle svar.