Jump to content

jbjorn

Members
  • Posts

    56
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by jbjorn

  1. Då var mauseren i hus. Den er laga på Oberndorf fabrikken i 1937. Har aldri sett det merket på den før, etter litt googling viste det seg at det er ein mauser som er bygd i tyskland og solgt til Portugal før krigen(symbolet er det portugisiske våpenskjoldet). Er det nokon som har kjennskap til desse våpena?
  2. Ok. Går vel fint med ein litt meir moderat ladning. Har ikkje tenkt å bedrive prikkskyting på 500m heller så.
  3. Korleis meiner du at hastigheita kunne vore lavare? 198gr kule og 47gr N140 gir vel rundt 760m/s. Viss desse mauserane opprinnelig hadde 800m/s meiner eg?
  4. Ok. Får prøve med rundt 47grs N140 med 200grs kule og sjå korleis det går. Trur eg skal berre holde meg unna den raufoss ammoen. Har ikkje lyst å risikere rust e.l dersom det mot formodning skulle bli slurva med pussen. Er eit pent eksemplar. Skal prøve å få lagt ut nokon bilder når eg får den i hende.
  5. Ok. Pipelengden på mauseren er vel rundt 62cm. Test barrel i tabellen var også 62cm, så det er nok samme pipe. Var for øvrig ingen av dei ladningane i tabellen med 200gr kule som kom opp i 800m/s, uavhengig av kruttype. Den høgaste var 783m/s.
  6. Eg har lasta ned appen. Prøvde å sjå i tabellane. Det var ikkje så mange tall på N140. Det var ein oppføring med 200gr kule. Ikkje samme produsent kule som eg bruker, men er vel close enough. Det var ei Speer kule. Der stod det to ladninger oppgitt. Start - 42.7gr og 661m/s, og max 47.5gr og 759 m/s. Kva vil den max-verdien bety? Betyr det at eg ikkje kan bruke meir enn 47.5 gr krutt? Da ender eg på 760m/s, leste over her at våpenet opprinnelig låg på 800m/s og at det er det jernsiktene er kalibrert mot.
  7. Det blir nok ikkje skote voldsomt mykje med denne børsa. Mest på gøy i ny og ne. Sånn sett er det nok ikkje den heilt store besparelsen å lade sjølv, men eg syns det er kjekt, så det er greit. Er det nokon som har erfaring med VVN140 krutt og kor mange grains eg trenger til ei 200grains kule?
  8. Om S&B går greit i rifla mi aner eg ikkje før eg får prøvd. Kan jo kjøpe ein pakke med det, og så kan eg bruke hylsene til å lade opp igjen. Da med kulene som bardp linket til her, dei såg jo veldig bra ut til den prisen. Eg har vihtavuori N140 som eg bruker til lading av dei andre riflene. Funker den til mauseren og? Kva er forskjellen på den og N150?
  9. Eg har nettopp skaffa meg ein original mauser k98 fra 1937. Eg lurer litt på anskaffelse av ammunisjon. Forstår det slik at det er 8x57 IS/JS som er gangbar mynt i denne. Nokon som har tips til hylser/kuler og ladning(mengde krutt)? Har diesett. Kjem i første omgang ikkje til å bruke den på jakt, så trenger ikkje blyspiss. Standard mantel til litt skytebanemoro er fint. Er det i det heile teke noko særleg å spare på å lade sjølv? Har sett litt rundt, og jaktdepotet har ei mantelkule som var billig: https://www.jaktdepotet.no/display.aspx?menuid=-6085&prodid=18041 Litt usikker på om denne er rett type for mauseren da det ikkje stod IS/JS på den. Nokon som veit? Men viss den er det så er det vel lite poeng å lade sjølv når du får kjøpt ferdig patroner til 10kr stk.
  10. ja var den eg refererte til. Men eg meiner det der er feil i og med at det ikkje er krav til at du må ha skapet allerede før du søker. Og som fleire skriver, så er det mange som får godkjent søknad uten å legge ved kvittering på skap. Ser det står kopi av legitimasjon og. Det gløymte eg jo heilt å legge ved
  11. Har sendt søknaden no. Ser det står på heimesida til politiet at ein må sende ved kvittering på våpenskap? Den har eg kasta for lenge sidan då eg ikkje visste at eg trengte den. Men har også høyrt at det ikkje er krav om at du har skap når du søker, kun at du må ha skapet på plass først når du får pistolen? Noko som gir meining i og med at det er dumt å ende opp med å ha kjøpt eit skap til tusenvis av kroner dersom søknaden blir avslått.
  12. er det greit å skrive "grov/militærfelt"? Eller må eg velge ein av dei? Viss eg skriver grovfelt i søknaden, kan eg då ikkje bruke den i militærfelt?
  13. Viss eg gjer det slik: Krysser av ja på at eg deltar på skytterlagets/klubbens trening. Nei på dei to andre. I "andre opplysninger" feltet skriver eg: "Eg har ikkje deltatt på stevner tidligere, men ønsker å gjøre dette i grov/militærfelt, NSF-program". Er det ok?
  14. Er det rart eg blir usikker? På våpensøknaden står det vel slik: "Ved søknad om våpen til øvelses- og konkurranseskyting: Deltar søkeren på: Skytterlagets/-klubbens trening JA/NEI Terminfestede klubbstevner JA/NEI Åpne approberte stevner JA/NEI Dokumentasjon på deltakelse/stevnedeltagelse vedlegges." Her må jo eg vel krysse av nei på dei to nederste vel..? Kan jo ikkje sei at eg DELTAR på det om eg har planer om å gjøre det i fremtiden. Da får eg heller skrive i "andre opplysninger" at eg kjem til å delta på stevner ved godkjent våpensøknad?
  15. Så da skal eg altså kun krysse av på trening likevel da? Og så oppgi feks militærfelt i "andre opplysninger" feltet? Det er det som er tingen, han skreiv visst nemleg berre trening når han søkte om sin pistol. Og han fekk den godkjent.
  16. Ok, så dei avkrysningsrutene er ikkje aktiviteter eg HAR vore med på, men aktiviteter eg har tenkt å vere med på?
  17. Litt usikker på kva dette inneberer? Må formålet vere å bruke pistolen i eit spesielt program? Fram til no har eg deltatt på treningane til klubben. (har alt eg trenger av godkjent aktivitet, underskrifter osv ja) Eg synes dette er gøy, og har lyst å anskaffe ein eigen pistol til dette formålet. Når vi skyter vanlig trening på blink(herunder uhøgtidelege konkurransar), kjem det under eit spesielt program? Er det krav om å måtte konkurrere for å ha pistol? Eg seier ikkje at eg ikkje har lyst til å delta på stevner. Eg har berre ingen spesielle planar om det akkurat no, da eg trives godt med den skytinga som eg deltek på no. Men det hadde sikkert vore artig med feltstevne. Men litt av det eg lurer på er om eg er nøydd til å spikre dette no? Eg veit jo ikkje no om eg i framtida vil delta på grovfelt eller militærfelt. Mister eg muligheiten til å delta på feks eit feltstevne i framtida om eg berre skriver at våpenet skal brukast til øvelsesskyting? Og hovedspørsmålet: Får eg i det heile teke søknaden godkjent om eg berre skriver det?
  18. Eg sitter og fyller ut ein pistolsøknad for ein 9mm og har eit spørsmål. Er det greit å kun skrive at pistolen skal brukes til øvelsesskyting og kun krysse av i den øverste boksen (deltakelse på skytterlagets trening) og la "andre opplysninger" feltet stå tomt, eller MÅ du krysse av for stevner også og oppgi program og skytterforbund? Eg har ikkje deltatt på stevner før, kun treninger i skytterlaget (har alle vedlegg for dokumentasjon på deltakelse på øvinger osv). Eg har heller ingen planer om å delta på stevner. Eg har høyrt nokon sei at dei kun har kryssa av før treningskyting og fått godkjent søknad, mens andre seier at det ikkje er gyldig grunn. Eg har ingen pistoler fra før.
  19. flott, takk
  20. Endte opp med ein vortex diamondback hp 3-12x42 med dead hold bdc retikkel Ser bra ut hittil, skarpt og fint.
  21. Hei, Eg trenger eit ekstra magasin til Luger P08. Nokon som har eller veit kor eg kan få kjøpt?
  22. Eit mildot-retikkel er jo eit sikte med forleggingsprikkar der avstanden mellom kvar prikk er 1 mil. Men då må vel retikkelet vere medforstørrande for at det skal ha noko for seg? Ser uansett ikkje ut som det er tilfelle her. Det er jo oppgitt at avstanden mellom prikkane er 3 MOA på høgaste forstørring. Og eit klikk på trommelen er 1/4 MOA. Eg tenker at når eg skal skyte på så lange avstander at det blir aktuelt med forlegging så har eg sannsynligvis alltid siktet på maks forstørring. Så då bør det vel gå an å få det til å fungere.
  23. Eg skal kjøpe ny kikkert til salongrifla mi, ei cz 452 style. Bruksområde er blinkskyting og kråkejakt opp til vel 100m. Pris maks 3000. Skyting i dagslys. Ønsker ein kikkert med ein del forstørring sidan måla fort kan vere små. Tenker minimum 3-9x, gjerne meir. Nokon tips? Eg har sett litt på ein vortex diamondback: https://jaktfall.no/produkt/optikk/vortex-kikkertsikter/vortex-diamondback/vortex-diamondback-4-12x40-dead-hold-bdc-reticle Eg ser den har fast parallakse på 100 yards. Er det ugunstig for ei salongrifle sidan ein ofte skyt på små mål på kortare avstandar? Den har også MOA justering og mildot retikkel. Har høyrt at dette er ein dårlig kombinasjon. Kan nokon forklare meg kvifor? Har litt lyst på kulebanekompensator sidan kulebana er så krum på .22. Men dersom eg skyt den inn på 50m og finn ut at første prikk under er 75m og andre prikk under er 100m på 4x forstørring. Vil dette endre seg på 12x forstørring?
  24. Takk for det! Har fått kjøpt Tikka T3 Liten no, med hausken JD184 dempar. Snedden sak. Skal teste det på hjorten i morgon
  25. Då enda eg opp med ein leupold VXR 3-9x50! Syns dette var ein grei pris: http://m.finn.no/bap/forsale/ad.html?fi ... s=65483357 Satsar på den gjer jobben
×
×
  • Create New...