Jump to content

axe

Members
  • Posts

    39
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by axe

  1. Hei!

     

    Finst det andre "chassis" til Quad Varminter i Noreg, eller kun originale stokken ?

    Kva for ein ljuddemper rår dykk til .22 WMR. ?

    Tek òg gjerne i mot tips om kule/ladning til rev/gås som ikkje lagar tartar av offera ? :mrgreen:

     

    Mvh :)

  2. Hei!

     

    Eg har frykteleg lyst på ein SSG3000 med GRS skjefte, men kunne tenkt meg eit anna kaliber enn 308 win. Kva for alternativ har eg utan å måtta gjera noko med magasinet ? (Våpenet skal brukast til rådyr, rødrev og beverjakt, men òg mengd trening på bane)

     

    Mvh :)

  3. Vart uheldig med posteringa i dag! Gjorde meg klår kl 05:00 og fuglane byrja trekket snaua halvtimen etter, men etter at dei første puljane hadde letta så eg at posten skulle vore ein annan plass.

     

    Prøver på nytt i efta.

    Tvi tvi.

  4. Eg skal prøva meg på grågåsa førstkommande måndag. (kveldstrekk) Har eigenleg lita tru på skothøve sidan jorda eg disponerer framleis står med korn, og det er ved bulvanjakt med fløyte over desse områda, der eg har hatt best resultat tidlegare. I desperasjon så har eg tenkt å postera ved trekkrutene ut om fjorden i vente på tresking. Har ikkje prøvd dette tidlegare, men har studert meg fram til at dette òg kan fungera særs godt einskilde dagar.

     

    Ha framleis ein fartsfylt gåsejakt :)

  5. Eg er på jakt etter gode oppskrifter til due middag og lura difor på om nokon har lyst til å dela slikt her inne ?

    Er ikkje kokk eller flink på kjøkkenet sjølv, men det er aldri for seint å læra. :roll:

  6. Eg synest snobbeklassa kan halda på våpenet sine til fleire hundre tusen eg, plagar meg ikkje i det heile.

    Har vore i møte med ein slik før som måtte ha hjelp til ALT etter at rådyret var skutt, hadde ikkje kniv med seg eingong, berre flott utstyr.

     

    Eg skal følgja med på Holts auksjonar eit bel, men eg feller ingen tårer om det ikkje vert ein engelskmann til slutt. Mye anna ein òg tapar pengar på i livet og eg kjøpar ikkje våpen med tanke om salg, men bruk.

     

    Det byrjar å verta ein del trådar her inne om dobbelrifler; Val av dobbelrifler, kaliber, kven som eig, kva mann eig òg vidare. Saknar i grunn ein tråd om jakt med desse riflene og ikkje berre snakk rundt dei. Følar igrunn det er fleire her som "meiner" veldig mykje om dobbelrifler, men har ingen jaktrøynsle med dei anna enn det andre har skrive.

  7. Benelli halvauto i 12/76. (Fugl)

    Sauer 404 med ulike piper og kikkertsikter. (storvilt og småvilt)

    Sauer 303 til drivjakt.

    Ruger No.1 i 450/400 NE. (Eit artig prosjekt til Afrika og moro skyting)

    Ei dobbelrifle i nokon grovt kaliber. (Afrika)

    Ein Tikka T3 med Bolthorn stokk frå GRS i småvilt kaliber som t.d. 223 Rem.

     

    Eg likar optikken til kvalitet som S&B, Zeiss og Swarovski !

     

    Denne lista vil passa meg godt :mrgreen:

  8. TS, har du sett litt på Rigby sin mauser montasje ? Flott prosjekt, eg vurderer sterk å byggja om ein Oberndorf sjølv. Har i utgangspunktet frykteleg lyst på ein i kaliber .10,75x68, men problema med hylser etc har gjort meg meir tvilsom til dette. Eg har i det siste lest og fått ei overtyding at kaliber .375 Ruger er ein interessant å betre kandidat.

     

    Lykke til vidare med prosjektet.

     

    Mvh :)

  9. Vil helst ha bare 1 sluttstykkehode.

    Både til børsa og hylseholder til pressa.

    Så minste blir jo da 22-250, men de har vel 1/14 i løpstigning?

    Så da er jo tunge kuler utelukket.

     

    Men jeg har 6xc og 6.5x55 i andre våpen.

     

    Råda mitt: Sel dei "andre våpna" og bruk pengane på ei M03 pipa i 6,5 og ei i 22-250 Rem !! Eventuelt overskot bør brukast på optikk og montasjar til M03'n... Det er jo det som er sjølve oppskrifta med systemvåpen. Fleire piper over same låskasse, ikkje ei pipe i 30.06 og andre våpen ved sida av. :mrgreen:

     

    Mvh :smile:

  10. Eg pleier å følgja med på outlet sine sider og tilbod. Dei har mange merkevarar som ikkje akkurat er brukbare til jakt og fiske, men det sleng nokre gode tilbod iblant òg på slike klede som f.eks Bergans. Elles så har eg faktisk kjøpt noko bra brukt av menneske som tydelegvis kjøper før dei tenkjer !

     

    Mvh :)

×
×
  • Create New...