Jump to content

axe

Members
  • Posts

    39
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by axe

  1. axe

    Sako Quad

    Hei! Finst det andre "chassis" til Quad Varminter i Noreg, eller kun originale stokken ? Kva for ein ljuddemper rår dykk til .22 WMR. ? Tek òg gjerne i mot tips om kule/ladning til rev/gås som ikkje lagar tartar av offera ? Mvh
  2. Hagla er pussa, skot er handla, klede er vaska, lokkefugl er godt over, camonettet er pakka, høyrslevernet har fått nye batteri og myggmjølk er lagt i sekken.....gleder meg til .21 august
  3. Jo, nja er i grunn heilt samd i det, men 6,5x55 har eg allereie i ein annan pipe! Ville vore svært moro med noko anna som f.eks 6XC eller 6,5x47 Lapua om det er mogleg...
  4. Hei! Eg har frykteleg lyst på ein SSG3000 med GRS skjefte, men kunne tenkt meg eit anna kaliber enn 308 win. Kva for alternativ har eg utan å måtta gjera noko med magasinet ? (Våpenet skal brukast til rådyr, rødrev og beverjakt, men òg mengd trening på bane) Mvh
  5. Vart uheldig med posteringa i dag! Gjorde meg klår kl 05:00 og fuglane byrja trekket snaua halvtimen etter, men etter at dei første puljane hadde letta så eg at posten skulle vore ein annan plass. Prøver på nytt i efta. Tvi tvi.
  6. Nokon som veit prisen i Noreg på ein ny Heym 88PH Safari i kaliber 450/400 NE ?
  7. Eg skal prøva meg på grågåsa førstkommande måndag. (kveldstrekk) Har eigenleg lita tru på skothøve sidan jorda eg disponerer framleis står med korn, og det er ved bulvanjakt med fløyte over desse områda, der eg har hatt best resultat tidlegare. I desperasjon så har eg tenkt å postera ved trekkrutene ut om fjorden i vente på tresking. Har ikkje prøvd dette tidlegare, men har studert meg fram til at dette òg kan fungera særs godt einskilde dagar. Ha framleis ein fartsfylt gåsejakt
  8. axe

    Due middag

    Eg er på jakt etter gode oppskrifter til due middag og lura difor på om nokon har lyst til å dela slikt her inne ? Er ikkje kokk eller flink på kjøkkenet sjølv, men det er aldri for seint å læra.
  9. Eg har funne haglprodusenten som går godt i våpenet, så det er i orden...takker for svar. Er det morgontrekket og eftastrekket som er det beste eller spelar dette liten rolle ?
  10. Kva for ein choke rår dykk til duejakt ? Eg tenkte eg skulle prøva denne jakta i år. Finst det nokon gode nettbutikkar som sel bra med utstyr til bulvanjakt på duer ?
  11. Fint reisebrev og gratulerar med kua
  12. Eg synest snobbeklassa kan halda på våpenet sine til fleire hundre tusen eg, plagar meg ikkje i det heile. Har vore i møte med ein slik før som måtte ha hjelp til ALT etter at rådyret var skutt, hadde ikkje kniv med seg eingong, berre flott utstyr. Eg skal følgja med på Holts auksjonar eit bel, men eg feller ingen tårer om det ikkje vert ein engelskmann til slutt. Mye anna ein òg tapar pengar på i livet og eg kjøpar ikkje våpen med tanke om salg, men bruk. Det byrjar å verta ein del trådar her inne om dobbelrifler; Val av dobbelrifler, kaliber, kven som eig, kva mann eig òg vidare. Saknar i grunn ein tråd om jakt med desse riflene og ikkje berre snakk rundt dei. Følar igrunn det er fleire her som "meiner" veldig mykje om dobbelrifler, men har ingen jaktrøynsle med dei anna enn det andre har skrive.
  13. Eg synest no ein "rett" påkosta DWM eller Oberndorf Mauser er flotte. Om det løner seg stiller eg meg heller tvilsamt til, men særpreg i massevis og dessutan historie og kontrollert mating.
  14. Benelli halvauto i 12/76. (Fugl) Sauer 404 med ulike piper og kikkertsikter. (storvilt og småvilt) Sauer 303 til drivjakt. Ruger No.1 i 450/400 NE. (Eit artig prosjekt til Afrika og moro skyting) Ei dobbelrifle i nokon grovt kaliber. (Afrika) Ein Tikka T3 med Bolthorn stokk frå GRS i småvilt kaliber som t.d. 223 Rem. Eg likar optikken til kvalitet som S&B, Zeiss og Swarovski ! Denne lista vil passa meg godt
  15. axe

    Optikk til 450/400 NE

    Takk for tipsa. Eg har fått eit godt tilbod på ein Swarovski 1.7-10x42 som eg trur vil passa bra.
  16. Heilt samd. Prosjektet mitt skal i hovudsak brukast i Afrika. Rifla skal ha express sikter, vanleg kikkertsikte og vert nok i kaliber .375 Ruger. Av 9,3 så smett x57., x62 og x64 ned i ein Oberndorf låskasse med litt arbeid. Mvh
  17. TS, har du sett litt på Rigby sin mauser montasje ? Flott prosjekt, eg vurderer sterk å byggja om ein Oberndorf sjølv. Har i utgangspunktet frykteleg lyst på ein i kaliber .10,75x68, men problema med hylser etc har gjort meg meir tvilsom til dette. Eg har i det siste lest og fått ei overtyding at kaliber .375 Ruger er ein interessant å betre kandidat. Lykke til vidare med prosjektet. Mvh
  18. axe

    M03-Klubben !

    Råda mitt: Sel dei "andre våpna" og bruk pengane på ei M03 pipa i 6,5 og ei i 22-250 Rem !! Eventuelt overskot bør brukast på optikk og montasjar til M03'n... Det er jo det som er sjølve oppskrifta med systemvåpen. Fleire piper over same låskasse, ikkje ei pipe i 30.06 og andre våpen ved sida av. Mvh
  19. Eg pleier å følgja med på outlet sine sider og tilbod. Dei har mange merkevarar som ikkje akkurat er brukbare til jakt og fiske, men det sleng nokre gode tilbod iblant òg på slike klede som f.eks Bergans. Elles så har eg faktisk kjøpt noko bra brukt av menneske som tydelegvis kjøper før dei tenkjer ! Mvh
  20. Ja Kammerherren eg vil nok tru at denne kjenner seg fleire igjen i ! Slit nokon gonger med å få einskilde til å forstå korleis våpeninteresse og jakt kan kosta ein god slump pengar. Broren min er ein av dei, og han har både bil nr.3 (sportsbil) og MC i garasjen ... Mvh
×
×
  • Create New...