Er litt fortvila,og håper på gode råd her inne.
Var på jakt med min 16 mnd. gamle Pbgv. Hans første gang på skikkelig jakt.
Han greidde å løyse ein 5.greiner. Han hadde ein 10 sek los før bukken kom bak til meg.
Han følgde på og eg skaut hjorten på 10 m.
Hjorten datt nedover sida,men var ikkje død. Eg langa etter med hunden etter meg.
Fikk skutt 2 skudd til før han låg,med hunden bak meg.
Gjekk så ned til bukken,men hunden kom ikkje etter. Eg konstaterte at bukken var død og gjekk for å leite etter hunden. Fann han under ei eine skjelvande som eit aspelauv. Måtte ta han på fanget å trøste han i 15 min,før han slutta å skjelve. Fikk han ned til hjorten,men han var veldig skeptisk til han,men han nerma seg litt om litt. Etter 15 min turte han å bite i han.
Neste dag jakta vi igjenn. Vi løyste dyr. Eg følgde han opp til der vi løyste dyret. Han snusa litt på der det låg,men viste ingen interesse for å følge etter.
Han følgde berre etter meg. Dette gjenntok seg også dag 3.
Det skal seiast at eg skaut uten dempar,og eg hadde ikkje tenkt på å venne hunden til smellen. Har eg øydelagt hunden etter denne episoden. Han har heile tida våre veldig heit på hjort og hjortelukt. No er han ikkje interessert.
Noken som veit kva eg skal gjere.???
Ganske fortvilt no!