Jump to content

hjorthol

Members
  • Posts

    12
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by hjorthol

  1. Enda på 9 stk for min del, 8 på åtet og ein på postering. Har enda ikkje skutt noken på lokk, sjølv om eg har prøvd ein god del ganger. Har hatt ein del sjanser, og heile 3 bom. Men da har eg noke å strekke meg etter neste sesong.
  2. Har brukt fleire forskjellige Acorn kamera, både vanlig og low glow, men ser at spes hjort reagerer på lyset. Men kjøpte meg eit Covert Special Ops, og det ser ut til å leve opp til forventningane. Ingen bilder/video av dyr som ser i kamera. Anbefales.
  3. Eg ville prøvd å satt ut revevarsler. Eg bruker kamera/varsler på div åter eg har, og opplever ikkje noke problem med det. Eg flytter forskjellige kamera rundt om, og opplever ofte at reven er der samme natt. Spes åter nært bebyggelse er ikkje dette noke problem etter mi meining. Kast ut litt hundefor rundt åtet når du er der, og reven blir ofte lenger rundt åtet. Ellers fikk eg min 9 rev for sesongen. Den datt 30 min før fredningstida starta. Her er nokre store innmarker i området, der eg har lagt merke til ein del revaspor i vinter. Eg har starta for ei veke sidan å kaste ut litt hundefor der i nærheten av ei jakthytte som ligger der, når eg gikk tur med hunden. Første natta hadde den/dei vore der, so var det berre å begynne å poste, og på andre forsøket datt der ein.
  4. Fikk meg ein hannrev på 7 kg på åtet i helga, nr 8 for sesongen. Flyttet meg over på eit anna åte etterpå, og her vart det bom på 15 meter. Sitter i eit vedskjul, som står ut på ein bergnabb, og åtet ligger slik til at eg må skyte ca 45 grader nedover. Ingen unnskylding av den grunn, det er faktisk andre gang det har skjedd i år. Hagle neste gang. Ellers so har eg prøvd lokk fleire kvelder no, under fantastiske forhold, uten hell. Bruker ein foxpro, men reven har eg ikkje klart å lure. Prøvd fleire forskjellige lyder (fulg/mus/hare), men har kun fått inn ugler og hauk. So lokken skal det ikkje vere noke problem med. Men får prøve til kvelden igjen. Uansett so er det lite aktivitet på sjølve åta mine, dei går kun etter hundepellets som eg strør rundt åta.
  5. Satt meg ut på åtet kl 23.30 igår, og det gikk ikkje 5 min før eg høyrte ein som bjeffa i nærheita. Eit par minutt seinare var den kome inn i skuddhald,med nasa ned i snøen på jakt etter hundepellets, og det var det den siste den gjor. En liten hannrev på 6 kilo, skutt med 22 mag.
  6. Har 3 åter som eg sjekker daglig. Det har vore bra aktivitet i siste tiden på alle. Det kom ca 25 cm snø her for 4 dager siden, og siden har det vøre kaldt og opplett. Først natt til idag har det vore aktivitet på åtene igjen. Det har vore svært lite spor rundt om i dalen her dagene etter snøfallet. Idag er det revespor over alt. Eg har også høyrt tidlegare at eit par dager etter større snøfall er reven i ro. Men i kveld satser eg på eg får meg ein..
  7. Har hatt ein aktiv periode med lokkejakt og litt åtejakt. Har vore topp forhold, med stabilt ver, snødekke og måne. Enda med rev nr 6 skutt på åte, og ein bom. Men brukte litt tid på lokking med ein foxpro prairie blaster. Fått inn 2 rev på det. Har prøvd litt forskjellige lyder, men det som har fungert best, er lokking med reveskrik (tispe). Eine natta so kom det inn ein rev på ei innmark, som vart verande i over 20 min. Den satt/låg på ca 250 meter hold, og svarte konstant på lokken, før den tusla vidare. Artig opplevelse, sjølv om eg ikkje fikk den på skuddhald.
  8. Etter eit par uker med stor aktivitet på åtet, og ca 20 timer med venting, klaffet det endelig. Fikk ein hannrev på 7,2 kg med 22 mag. morgen kl 0730. Har vore ute 7 dager på rad, men dei har lurt meg kvar gang. Kome til svært ujamne tider, frå kl 2100 til 0815. (bruker kamera med mms). Der er ein anna hannrev som eg trur har gjort området litt nervøst. Men uansett den 5 reven på dette åtet.
  9. Svært varierande aktivitet på åtet hittil. Frå 3 rever samtidig, til veker uten besøk. Her er ikkje snø, so har brukt nokre kvelder til lokking. Fikk inn ein på muselokk her om kvelden, men det vart bom da eg løsna skudd på ca 130 meter. Satser på litt snø snart.
  10. Her har det vore stille på åte ei stund, kun katter. Men dei siste 3 dagane har her vore bra aktivitet. Bruker eit Convert Black ops kamera som "revevarsler" da åtet er nært huset. Eine dagen eg kom ut da eg fikk bilde, var der 3 rev i område rundt åte samtidig. Men den eine jaget so mykje i dei 2 andre, at eg ikkje fikk satt skudd, før det var for seint. Men skal prøve lykka i kveld igjen. Men en ting eg har lagt merke til, er at i dei periodane(dager) reven er aktiv på åte, er katter heilt fråverande. Og omvendt. Andre med samme erfaring?
  11. Hos meg har det fungert best med åte, men har også fått inn ein del rev på lokk, men da helst seinsommer/haust. Har prøvd mange typer fløyter uten at eg kan sei det er noke som fungerer bedre enn andre. Det eg faktisk har lokka mest til meg er hjortekoller. Men har gått til innkjøp av ein foxpro , so eg skal teste ut med det første.
  12. Fikk meg 4 rever før nyåret på åte. Bruker hjorteavfall og hundemat som åte, samt skjor og kråker som eg skyter på åtet. Har fungert veldig bra hos meg. Men etter at mildværet kom i jula, so har det vore veldig stille på begge åta. Får håpe det tar seg opp igjen.
×
×
  • Create New...