Jump to content

Trolldal

Members
  • Posts

    20
  • Joined

  • Last visited

Trolldal's Achievements

Apprentice

Apprentice (3/17)

  • First Post
  • Collaborator
  • Conversation Starter
  • Week One Done
  • One Month Later

Recent Badges

0

Reputation

  1. Takk for jaktrapport volvobrage! Kjekt å lesa for ein som ikkje får komma seg på jakt før midten av oktober grunna jobb...!
  2. Volvobrage skrev: "Bukken hadde dessverre knekt av eine gevirstanga Såg ut til at det har skjedd tidlig i vokseprosessen då det såg litt rart ut der, var fleire lag på ein måte. Det var og bast igjen nederst på tappen. Fint gevir på andre sida så den går inn i statistikken som 12 taggar Utrekna vekt var 108kg så ein plass mellom 100 og 108ca " Synd når ein fin bukk har ødelagt deler av geviret, det hadde vorte eit flott gevir om det hadde vore heilt. Den nest største hjorten eg har skutt hadde brekt av eine gevirstanga rett over øyetaggen. Blei litt skuffa då kan du sei!!
  3. Hjortejakta 2016 er foreløpig satt på vent. Når gradestokken er like mykje over 20+ som under, då får det berre vera. Men eg kjenner at kroppen ikkje har godt av denne ventinga! Men når eg ser på alle som skriv innlegg på sosiale medier og allerede har jakta lenge, kordan tar de vare på kjøtet? Har alle kjølerom?? Apropos sosiale medier, eg synest det er synd at så mange har hoppa over frå Kammeret til fjesboka. Ein skulle tru at det var det same kor ein les om ka dyr folk har skote, men det er ikkje det. Det er meir utdjuping om jaktsituasjonane her, meir historie fram til skuddet. Sakna det. Tildelinga i valdet mitt har gått vesentlig ned dei siste 2 åra, og med rette. Hjortebestanden har gått kraftig tilbake, den er nå på eit nivå kor det krevs innsats for å få dyra. Omtrent slik det var for 30 år sia. Eg skyt berre dyr i skogen, kunne nok plukka dei lettare på bøen. Men det er nå ein gong den jakta eg likar best. Nokon lika mora og andre dottera, og nokon begge to!
  4. Takk for mange gode bilder og tekst, volvobrage. Kjekt å få lov å følga med på jakta di. Når det gjeld å skyta rett inn forfra så er det eit svært effektivt skudd, oftast parkere dei på staden. Men ein må jo sjølvsagt ha det i bakhåve at blinken er mindre der enn frå sida.
  5. Det er ei heilt ny problemstilling hos oss også, men nå har det seg slik at ein ny jeger hos ein nabo ville absolutt ikkje ha eller sjå ein vaksen bukk nå i brunsten....!! Jaja, då bler det fleire å velga i for oss andre...
  6. Takk for svar! Då er nok det sikraste å kontakta viltnemda i kommunen forstår eg.
  7. For få år sidan var det ein diskusjon her på Kammeret korvidt ein kunne skyta piggbukk i staden for vaksen bukk. Det var vel ingen som kom med konkrete henvisningar til lovverk som sa ja eller nei, det var mest synsing. Tidlegare var det slik, men nå er det mange som påstår at ein ikkje lengre kan gjera det. Før eg går til styrande myndigheter kunne det vore interessant å høyra om det er nokon her som veit meir enn meg om dette? Personleg så meina eg at det burde vore ein sjølvsagt sak å gjera, heilt i tråd med tankane om å spara dei vaksne dyra...
  8. Så nærmer jakta seg slutten for i år.Dvs,for min del er den slutt.Har mange dyr igjen på kvoten,men når viltnemda ikkje vil følga anbefalingane frå dei forskjellige valda rundt omkring i kommunen får ein driva hjorteforvaltning sjølv. Hjortestammen har vært gått drastisk ned her i området dei siste 2-3 åra,kvotane er framleis dei same.Eg vil ikkje gå ut i skogen og skyta dei siste hjortane som er igjen. Det er utruleg egentlig,samtidigt som stammen gjekk ned blei jakttidene utvida i begge endar.Kvotane som blei auka for 4 år sia er framleis dei same.Nå har me ein stamme som eg vil seia ligg på nivå med tldleg 1980... Eg er ikkje uenig i at stammen var for høg,det var slik nokre år at det var ikkje spørsmål om å sjå eller få noko når ein gjekk ut i skogen,men kva ein såg og fekk.Men med redusert stamme må ein og redusera jakttida og kvotar.Og ein må og verta betre på kva dyr ein tek ut og slik få ein stamme som er kraftigare og inneheld dyr som har fått blitt vaksne før dei vert skotne. Med dei små valda ein har her lar det seg ikkje gjera.Misunnelsen blandt jegrar øydelegg muligheten for det.Det er jo slik at "om eg lar denne bukken få leva så tar naboen den".Einaste løysinga eg ser er storvald som styre jakta etter skikkelig forvaltningsplan. Det vil alle på sikt tjena på. Nå er det knapt nok nokon bukkar som får verta gamle nok til å nå toppen her i området.Å ein gong i livet å få oppleva å skyta ein storbukk er det færre og færre jegrar som får oppleva her.Og det er jo det som er draumen hos dei aller fleste jegrane.. Men med skikkeleg forvaltning kan ein ta ut nokre slike i året og med det auka gleda med jakt vesentleg.
  9. Geviret fekk litt over 183 poeng.Forøvrigt eit særdeles grovt og flott gevir!
  10. Takk for mange gode tilbakemeldingar! Joda,eg er fornøgd med terrenget mitt.Har to andre terreng også men dei er meir typiske skogsterreng.Det er greit å kunna velga mellom fleire terreng alt etter ka vær og vind det er. Når det gjeld bildene så er det mykje som kan seiast om det.Det er ikkje alltid like enkelt å tenkja bildekomposisjon og estetikk i bildet når du står der med draumebukken og har 170 i puls.Mange hjortar blir og skotne i skumringa som jo ødelegg muligheten for gode bilder.Det er heller ikkje så lett å få gode omgivelsar på eit bilete av ein hjort som er tatt på bøen. Eg har tatt drøssevis med "dårlige" bilder av hjortar eg har skutt.Men eg har sett etterkvert at det er litt kjekkare for meg sjølv når eg sit og mimrar med jaktbilder at det er bilde av litt meir enn berre ein fin bukk.Litt meir enn berre bilde av eit flott gevir. For andre,ikkje jakt interesserte,ser eg og at interessa for bilder med berre ein daud hjort,ja den forsvinn fort.... Oppmodinga mi er og at om ein har muligheten og tid til det,prøv å lag ei ramme rundt dyret. Men eg vil heller ikkje at det skal bli slik her at mange vert redde for å leggja inn bilder fordi dei lure på om dei er fine nok. Legg inn bilder,alle saman!!!!! Det er i utgangspunktet det me alle vil sjå.
  11. Det eine terrenget eg jakta i går frå sjøen og heilt opp på snaufjellet.Når det blir finvær trekker hjorten opp i høgda og legg seg om dagen og eg bruka mykje å jakta oppøve mot tregrensa då.Denne dagen gjekk eg nedanfrå mens det ennå var mørkt.Eg gjekk rett opp lia og opp mot tregrensa.Der er det ein haug eg kallar for Utkiken,av naturlege årsakar! Har ei kjempeutsikt der og har mange gonger fått auga på dyr som kjem trekkande oppøve.Eg hadde vel såte og kikka i eit par timar då denne ungbukken og ei kvige som me seie på våre kantar, kom oppøve.Dei stoppa på denne lille haugen og etterkvert la dei seg der.Bukken la seg under furua rette bak der den ligg på bildet.Då var det å planleggja framrykkinga,og eg tok ein lang bue frå der eg sat og bort mot hjortane.Kom opp på berget bakerst i bildet(mellom gevirstengene),hadde heilt fri skytebane.Hjorten låg og tygde drøv med augene igjen.Den kom aldri meir på beina.... Flott opplevelse i eit åpent og fint terreng.Det blir ekstra kjekt når det går lang tid frå ein oppdage dyr til ein kjem innpå dei.Ein forlenge spenninga,og det er jo ein av årsakane til at jakt så kjekt. Men alle medaljar har ei bakside.Når eg har fått hjort her oppe er det fryteleg langt og tungt å få dei ned.....Men av ein eller aen merkeleg grunn så gløyme eg det ganske fort og etter eit par veker er eg jaggu oppe i tregrensa på jakt igjen!!
  12. Dæven søkke!! Jammen fekk eg det til gitt!! Takk for hjelpa! Dette er ein bukk eg fekk på lokking i haust.Det var frost og umulig å stille inn på den der den holdt seg i ein haug 300 m frå meg saman med kolle og kalv.Den brølte både titt og ofte,såg den rett som det var i kikkerten.Den var ikkje gira på å forlata kolla men etter iherdig lokking fekk den nok og kom mot meg.Fantastisk fin der den kom gjennom småfuruskogen og over den siste myra! 12 tagger og 112 kg.
  13. Per Arne,Jegerak og Mork,takk for hjelp men dette får eg ikkje til.Eg lasta bildene opp med bildr.no,får opp ei lang url adresse,kopierer den inn,klikker på Img og limer dette inn mellom de to img orda.Men det kjem ikkje bilde,berre url adressa.Og den går ikkje an å klikke på heller for å sjå bildet. Nei,lika meg bedre i skogen med rifla istaden for å knota på Mac´en!!
  14. Eg trudde eg var sånn nokolunde med på korleis eg skulle bruka nettet og datan,men dette får eg altså ikkje til.Nå har eg prøvd å lasta bildene opp via.www.bildr.no men når eg skal legga dei inn her så blir det berre ei lang rekke med bokstavar og tegn...? Ka gjere eg gale??
  15. Det er greit,om nokon berre kunne seia meg korleis eg skal få lagt bildene inn her!!?Må ein først legga bildene inn på ei heimasida før ein legg dei her?Sidan dei krev ei url adresse til bildene?
×
×
  • Create New...