Drivjakt i Polen er knallbra uansett!! Har no vore der akkurat i 6 dagar,4dagar med jakt og 71 dyr på 17 mann. Det er 8 året me er nedover og det har vore auke på felt vilt kvart år,me blir nok betre på skyting med åra! Det blir heilt sikkert ikkje seiste året heller,har blitt "tradisjon" å avslutte jaktåret med denne turen no!! Tradisjonar er viktige å halde på!! Iår var me langt nord mot østersjøen,men har vore på 5 andre stader rundt om i Polen tidlegare år. Iår skaut me 31 gris,34 rådyr,3 hjortar og 3 revar meiner eg det var.Litt lite hjort men.... Så for dei som ikkje har prøva drivjakt endå,PRØV DET!!! å de blir hekta!! og ein annan ting, er at det sosiale er tja,kanskje 65% av turen. Mange jaktskrøner og diverse,me er ein gjeng som er i alderen 20-70 år og då blir det mange gamle jakthistoriar å få høyrt!! Så no er det berre å vente på november 2013!!