Lutefisk uten Tørrfisk.
Ja det går faktisk godt. I staden for import eller gode venner som tar med i bagasjen fra det kalde nord brukar eg frossen loins fra nordatlantisk torsk. Den er lett å få tak i her i Thailand. Denne legg eg direkte i kaustisk soda. 5 gram per liter vatn. Ettersom fisken svell opp ein del må eg ofte tilsetta meir sodablanding etter 1 døgn. lar den ligge slik i 4 døgn. Vatnar den så ut i 6 til 7 døgn, vakumpakka med litt salt på fisken og deretter i frysen.
Vatning i 6 til 7 døgn er lenge, men det må bli slik da rennande vatn ikkje er tilrådelig her. Temperatur på 22 grader er alt for risikabelt. Brukar is i vatnet heile tida og skiftar vatn 2 ganger for døgnet. Fisken blir tint i micro og dampa i ca 20 min. Servert med heimelaga ertestuing, sprøsteikte bacon terninger, senneps saus og kokte poteter. Smakspanelet, som bestod av 1 bergenser, 1 trønder og en stuert, påstod at denne lutefisken var bedre enn den de selger hjemme i Norge.