Jump to content

Aron1

Members
  • Posts

    48
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Aron1

  1. Fyll ut dette skjemaet og faks det til tollmyndighetene i Nederland.

    Noen ganger kan det ta litt tid før svaret kommer.

    http://www.shakariconnection.com/suppor ... onsent.pdf" target="_blank

    Eksempel på utfylling:http://www.shakariconnection.com/support-files/consentexample.pdf

     

    Hallo

    Skal til Canada i mai på bjørnejakt. Skal fly med KLM ifra Bergen via Amsterdam til Canada.

    Ser at eg må fylle ut skjemaet som du nevner ovenfor. Må eg fylle ut to slike skjemaer? Eit for turen bort og eit for turen heimigjen? Flight nr er jo ikkje det samme begge veier.

    felt nr K som heter "Address of delivery". Er det oppholdsadressen i Canada under jakten?

     

    Er det noe problemer med å ha våpen med når ein mellomlander i Nederland, eller går det greit dersom alle papirene er i orden? Treng vi noe ekstra tid i Amsterdam siden vi har våpen med oss? Noen som har erfaring med mellomlanding i Amsterdam?

    Rekner med at vi sjekker inn våpnene i Bergen og ser dei ikkje igjen før vi er i Canada.

    Håper og at våpnene kjem fram når vi kjem fram. Har lest at noen har hatt problemer med at våpnene har blitt forsinket. Håper ikkje at det er vanlig.

  2. Var i Sør Afrika på jakt i mai. Det var ein kjempetur.

    Vi var 2 stk med følge som var nedover. jaktet i 7 dager.

    Skaut Impala, sebra, warthog, duiker og blesbuck. Ikkje dei aller dyreste dyrene å skyte. Betalte vel 40000 for fly, jakt og følge. Utstopping kjem i tillegg. Eg synst ikkje prisen var så galen eg. reiser på bjørnejakt til Canada til våren. Det koster 34000 for ein bjørn, så dersom ein ser på jakten og antall dyr så får ein nok meir ut av ein Afrikatur.

    Det som er så bra med Afrika (synst eg), er at ein ser så enormt med dyr, forskjellige dyr. Dette gjelder både under jakten og på safari og til og med når vi kjørte på veien.

    Eg reiste med: http://www.africangamehunters.com/index.html" target="_blank

    Dette er ein mindre outfitters, men det gjer at ein får ein meir "personlig" jakt

    Var kjempefornøyd med jakten og oppholdet. Budde fint og fekk meget god mat.

     

    Her er noen bilder ifra turen:

     

    Blesbuck:

     

    normal_Blesbuck.jpg

     

    Duiker:

     

    normal_Duiker.jpg

     

    Impala:

     

    normal_Impala.jpg

     

    Warthog

     

    normal_pig.jpg

     

    Sebra

     

    normal_Sebra.jpg

  3. Hadde åte i kassene i romjulen sjølv om fellene var nedspent.

    Åten forsvant i den eine kassen. Hadde eit viltkamera stående der og det filmet synderen.

    MUS :evil:

     

    normal_IMG_Mus.JPG

     

    Irriterende, men "stilig" at det blei dokumentert med kameraet.

  4. Ja jækla irriterende at kameraet ikkje hadde filmet noen av fangstene.

    men det var jo artig å sjå måren i "aksjon" sjølv om det ikkje burde vært slik.

    Angående avstanden inn til åten, så kan eg tenke meg at det er ca 20 cm ifra fellen

  5. Hallo

     

    Noen som har erfaring med Wingcam?

    Winge våpen selger det og anbefaler det framfor Bushnell sitt kamera pga feil på dei kameraene?

  6. Hadde eit viltkamera stående ved den fellen som eg har fått 3 mårer i.

    Har lasta opp to filmsnutter som viser dei to siste mårene når dei stjeler åten i fellene. Heilt utrulig at fellen ikkje løyser ut. Har tenkt litt på det.

    Husker at eg først spente fellen opp med å sette avtrekkeren på det innerste hakket på bøylen (er jo tre hakk). Da var fellen litt treg å få løyst ut. Etter noen dager forandret eg dette (siden åten var vekke kvar dag). Satte avtrekkerbøylen i det ytterste hakket. Fellen løyste da ut med ein gang når eg testet. Dagen etterpå tok eg mår nr 2 og 2 dager etter det mår nr 3.

    Har "spredd" avtrekkerbøylene litt ifra kvarandre, men måren må ha "ruska" godt i dei uten at fella løyste ut av den grunn.

    Har desverre ikkje film av når mårene gjekk i fellen. det er synd for da hadde ein sett om dei døde momentant eller ei.

    Har eit Wingcam viltkamera på denne fellen. Er ikkje heilt fornøyd med det. Synst det skal altfor mykje til før det tar bilder. sklle egentlig kjøpe eit Bushnell kamera, men det hadde Winge våpen sluttet å ta inn pga problemer med det kamera. Så da valgte eg Wingcam.

     

    Her er film av måren med lang hale:

     

     

    Her er film av måren med "kuppert" hale:

     

  7. Da var mår nr 3 tatt, og det kun to dager etter at eg tok den forrige.

    Må sei meg nøgd med fangsten så langt.

    Den blei tatt på samme plass som dei to forrige. Den plassen ser ut til å være skikkelig bra.

    Tok ein der i fjor og på samme plass og i samme treet.

    Denne var 1,818 kg, stor og fin. Men den hadde "tuppert" hale (sjå bilde).

    Halen lignet på ein hund sin hale som er klipt av (slik som dei gjorde før i tiden). Det var grodd rundt haletippen, så hadde eg ikkje vist bedre så hadde eg trudd at han var født med slik hale.

     

    Har bytta fellen med ei av dei andre som eg har av samme typen. Avtrekkeren er satt på den innerste bøylen slik at slaget skal komme litt lengre inne.

     

    normal_Mar_nr_3.JPG

     

    Her ser ein at halen er litt kort....

     

    normal_Mar_nr__3.JPG

     

    normal_Mar_nr_3_.JPG

     

    Er skinnet på denne brukendes (salgbart) med denne halen?

    Fangstmann.no, du kjøper jo skinn. Er det brukendes, eller er det boss siden halen er kort?

  8. Får kjøpe meg noen nye, men blir ikkje heilt klok på kva som er dei beste.

    Ser av ein annan tråd at det krangles om kven som har dei beste og dei originale.

    Både fangstmannen og jaktfall fører feller som eg forstår at begge meiner er dei beste.

    Kva feller skal eg kjøpe? Noen som kan gje meg eit eintydig svar?

  9. Da var mår nr 2 i boks.

    Fylte på med honning og rosiner i går klokken 15 etter at musene nok ein gang hadde spist opp det forrige :twisted:

    Noen som har ei god løsning på korleis ein kan unngå at musene eter opp åten? Henger dere opp åten eller?

     

    Såg til fellen i dag klokken 13, og da hang det ein fin hannmår der på 1.637 kg. Lengde 77 cm.

    Hadde snudd fellen slik noen anbefalte meg å gjøre. Utløserkroken er da på den innerste bøylen. Måren vil dermed være lengre inne i fellen når måren løyser ut fellen. Denne gangen var måren død (og kald) når eg kom.

    Den eine bøylen har slått nett bak hode, mens den andre tarff lengre bak. Trur den døde momentant.

    Kva seier dere med meir erfaring enn meg. Ser det ok ut?

     

    normal_Mar_nr_2_.JPG

     

    normal_Mar_nr_2.JPG

     

    normal_Mar__nr_2.JPG

  10. Da har eg vårt hos ein preparant og lært å flå ein mår.

    Har skrapt av fettet av skinnet.

    Har den til tørk på verkstedet.

    Kor lenge må ein mår henge før den er tørr, og er det ein viss temperatur som er bedre enn andre?

     

    normal_Mar_fladd_buksiden.JPG

     

    normal_mar_fladd_forfra.JPG

     

    Håper resultatet blir bra.

  11. Takk for grei forklaring.

    Såg den linken under mårfangst etter at du svarte meg første gangen.

    Ser ok ut den.

    Snakka forresten med ein utstopper i går. Skal bort med eit rådyrhode på fredag som han skal stoppe ut for meg. Da spurte eg om han kunne forklare meg litt om flåing av mår. Han sa at eg kunne ta med ein mår så skulle han vise meg. Så da skal eg få sjå korleis det skal gjøres. I tilleg så har eg youtube linken å sjå etter.

  12. Bra film det og.

    Men eg er ute etter korleis ein flår eim mår.

    Tenker da på korleis snittene blir gjort osv.

    Hadde vært artig å sett fortsettelsen etter at du hadde "blåst" luft i dei to mårene.

    Ville sett korleis du snitta og når du "vrenger" av skinnet. Og korleis du gjer det med beina/klørene, hode, ørene osv.

  13. Bra videoklopp på youtube piniartoq.

    Er det så effektivt som det ser ut til å flå med luft?

    Eg har aldri flådd ein mår før. Finn ingen god forklaring/fremgangsmåte av det på nettet.

    Er det noen som veit om ein, eller kunne noen filmet og lagt det ut på youtube slik som piniartoq har gjort?

    Har flådd/slakta fleire titalls hjorter, så eg er kjent med flåing, men ikkje på så små dyr som ein mår.

    På hjorten så tar ein evt skinnet, eller ein flår hode og hals for veggmontasje. Blir jo ikkje heilt det samme som å flå ein mår.

    Men eg vil gjerne lære det, og treng litt "starthjelp"

  14. Skal prøve meg på fangst av røyskatt for første gang.

    Det eg lurer på, er om røyskatten skifter til kvit pels sjølv om det ikkje er snø..

    Bur på vestlandet (kysten), og her er det ikkje mykje snø.

    Vil helst at han skal være kvit med tanke på utstopping.

    Ser av bilde til Robert at den har skiftet til kvit pels. Ser at det ikkje er snø på det bilde. Er det tilfeldig, eller er det årstiden/temperaturen som avgjør om han skifter til vinterpels/kvit pels uavhengig om det er snø eller ikkje?

  15. Skal prøve med avis eller lignende når eg har snudd fellen for å sjå korleis slaget blir.

    Men er det ikkje fare for at fellen vil slå langt innpå kroppen dersom eg snur fellen slik at utløserene står på innsiden?

  16. Utløserpinnen stod ikkje skrevs over slagbøylen. Dei hang "laust", så vidt eg klarer å huske.

    Eg hadde bøyd dei litt ut til siden som ein A, (eller ein opp ned V dersom du skjønner) slik at måren ikkje skal klare å komme seg forbi utløseren.

    Fellen er ei Conibear 155 for mink og mår kjøpt på siden til: http://www.langvind.no/

     

    Er slaget komt altfor tidlig? Det er jo bare eine slagbøylen som har truffet måren. Nesten som den har løyst ut for tidlig.

    Kan dette stemme, eller er eg heilt på "jordet"?

    Hadde vært kjekt om noen klarer å "løse" dette da eg ikkje er komfortabel med at måren ikkje døde momentant.

    Vil ikkje at det skal skje igjen.

  17. Satte ut to feller i går. To Conibear 155 feller i kasser.

    Da eg sjekket fellene i dag, hadde eg fått årets første mår, og det første døgnet fellene stod ute.

    Åte: Honning, sunda og rosiner.

    Vekt:1,137 kg, lengde 66 cm.

     

    Så langt var alt vel. Men så kjem det negative/triste. Måren var ikkje død da eg kom. Måtte slå han i hel med ein stokk.

    Det var ikkje bra. Da lurer eg på om noen av dere som har mykje meir erfaren enn meg med fellefangst etter mår, kan utifra bildene, sjå kva som kan ha gått galt.

    Eg vil jo drive human jakt, så dette var ikkje kjekt. Fellene blei kjøpt i fjor, så dei er ikkje gamle

     

    Måren hengende slik eg fant han (har tatt livet av han her)

    normal_Mar2011_red.JPG

     

    normal_Mar20111_red1.JPG

     

    Nærbilde av korleis fellen traff/slo:

    normal_Mar2_red.JPG

     

    Slik ser fellen ut når den står i kassen

     

    normal_Fellen_red.JPG

     

    Håper noen kan gje meg eit svar.

    Har ikkje spent opp igjen fellen da eg vil vite kva som har gått galt først. Liker ikkje at dyret lider.

  18. Takk for svaret. Da har du nok den versjonen med synlig IR lys (siden du skriv at ein ser eit lite rødt lys på kamera, men at det er usynlig i terrenget). Har eit kamera med synlig og eit kamera med usynlig IR lys.

    Da skal eg sette opp kamera på fellene mine når eg sett dei ut etter neste helg. Var bare redd at eg ville skremme vekk måren.

    Hovudpoenget er jo å få mår, men det hadde vært kjekt å fått han på TAPE når han kjem til/går i fellen.

     

    Forresten ein meget interresang side dette. Lærte mykje av fjorårets streng. Hadde aldri fanget mår før, så eg leste alt, og hadde spesielt nytte av alle som hadde forklart og lagt ut bilde av korleis dei satte opp fellene.

    Har fanget mykje mink i feller siden eg var ein 10-12 år gammel i hjemmelagde feller, men ikkje mår.

  19. Kjøpte mine to første mårfeller i fjor etter å ha lest fjorårets streng om mårfangst, så eg er ganske fersk på dette med mårfangst.

    Fekk meg ein mår som eg har fått utstoppa og står på hyllen i stuen.

    Har ikkje satt ut fellene i år enda. Må nett bli ferdig med hjortejakten (skal ut igjen no i natt på månen om ein halv times tid).

    Eg ser at det er noen som har satt opp viltkamera ved fellene sine. Eg lurer litt på kva type viltkamera dette er? Er det synlig eller usynlig IR lys på desse kameraene.

    Eg Har to viltkamera som eg bruker på hjort. Tenkte eg skulle bruke det ved fellene mine i år. Har ikkje tørt å bruke dei før ved fellene da eg har vært redd for at kameraet skulle skremme måren. Har noen erfaring med at måren reagerer på viltkameraet?

    Hadde vært kjekt å sett måren i "aksjon" med fellen. Opplevde nemmelig i fjor at måren hadde gått over fellen uten å gå inni. (såg sporene i snøen oppå fellen)

×
×
  • Create New...