Jump to content

Aron1

Members
  • Posts

    48
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Aron1

  1. Hallo. Har ein del problemer med tennhette isettingen. Den treffer ikkje 100% i hullet på hylsen, så det oppstår ein liten kant på hetto da den ikkje treff midt i tennhette lomma på hylso. Denne lille kanten/graden gjer at det er vanskelig (og til tider umulig) å få ned hevearmen når ein skal skyte desse skuddene. I tillegg, så snur ein del av hetene seg. Veldig irriterende. Så eg er ikkje fornøyd med tennhette systemet på 650 presso. Skulle hatt samme system som på 550 eller den nye 750 presso
  2. Hallo Var nede i November 2017 med våpen. Meget enkelt å få våpenet inn i Namibia. Det var gjort på ca 10 minutter på flyplassen i Windhoek. Hadde fylt ut på forhånd søknad om import av skytevåpen som eg hadde med meg. Det er kun eit A4 ark. Fort gjort å fylle ut, og rask behandling av damo på flyplassen. Mykje enklere og raskere enn i SA. Her er linken til det einaste skjemaet ein treng fylle ut: http://www.napha-namibia.com/fileadmin/user_upload/Namibia_Temporary_Rifle_Import_Permit_Application.pdf God tur
  3. Skal til Namibia og prøve meg på ein Leopard. Har så vidt begynt å sjå etter utstopper/taxidermiist i Namibia som kan foreta ein full montasje av ein leopard. Har ingen erfaring med Namibia og utstoppere der, så eg lurer på om noen av dere har vært i Namibia og jaktet og kva dere har gjort med trofeene. Får dere jobben gjort der nede, eller sender dere dei heim og får det gjort i Norge? Skulle gjerne hatt anbefalinger på preparanter/utstoppere der nede som eg gode og som gjer det til ein fornuftig pris. Og så skulle eg ha likt å vist kven som er best å bruke når ein skal sende trofeene heim. Her er vel prisen avgjørende, da forsendelsen rekner eg med går fint hos dei fleste selskapene. Har fått anbefalt First Class Trophy. Dei har pris ferdig arbeid og levert Oslo til firma som må stå for forsendelsen/fortollingen inn til Norge siden vi ikkje er eit EU land. Det kjem i tillegg til prisen som First Class Trophy skal ha. Veit ikkje korleis prisene og kvaliteten på arbeidet til First Class Trophy er kontra andre. Link til siden deires: http://firstclasstrophy.com/ Prisliste levert Oslo. Dei bruker DHL som fortollingsfirma i Norge. Det er ikkje med i prisen: http://firstclasstrophy.com/downloads/Pricelists/Namibia/ALL INCLUSIVE_Namibia_and_South Africa_NORVEGIAN_SWITZERLAND_hunter.pdf Noen som har erfaring med First Class Trophy? Har og ei brun hyene og ein honey badger i Sør Afrika som er til utstopping der. Skulle gjerne ha fått anbefalinger på ein transportør som kan sende det til norge. Har dere noen dere vil anbefale?
  4. Ikkje enkelt det derre. Eg sendte ein epost til Miljødirektoratet. Her er mailene og svarene eg fekk. Slik eg tolker det, så ser det ut som om dei godtar restlysforsterker som eg har stilte spørsmål om: Hallo Har eit spørsmål. Har ein Pulsar Forward F155 Digital night vision. Det er ein nattkikkert eller såkalt restlysforsterker. Lurer på om den er lov å bruke på jakt i Norge? Tenker da på bruk uten IR lys, bare med å slå den på uten å bruke kunstig lys. Veit at bruk av kunstig lys, som for eksempel IR lys, er forbudt. Det er ein såkalt restlysforsterker. Uten IR lys, er den da lov til å bruke I Norge? Finn ingenting klart om dette I loven. På måneskinnsjakt, så er lyset fra månen meir enn nok til at ein ser utrulig godt I den. Har brukt den på jakt I Sør Afrika på åtejakt. Der var den til stor hjelp. Fekk Følgende svar fra direktoratet: Hei Bruk av kikkertsikter med IR – lys er ikke tillatt i bruk på jakt i Norge. Dette er å betrakte som kunstig lys. Vi har tolket viltlovens § 20 slik at kikkertsikter med denne type teknologi er ulovlig i bruk. Da selv om IR funksjonen eller lignende funksjon er koblet ut/ikke slått på. Understreker at dette er en tolkning av bestemmelsen som er utledet av oss. Vi har lagt vekt på at det av oppsynshensyn vil være umulig å kontrollere om forskjellige typer funksjoner som faller inn under bruk av er slått av eller ikke. Denne type teknologi vil være tillatt under ettersøk på hjortevilt når vilkårene for bruk av kunstig er tilstede jf. viltlovens § 20. Sendte så følgende svar tilbake til direktoratet: Hallo Takk for svaret. IR lyset kan taes av og fjernes heilt slik at ein ikkje har det med seg ut på jakt. Så grunnen til at dere tolker at den er ulovlig i bruk, er at ein kan bruke IR lys og at det er umulig å bevise om det er brukt eller ei. Greit å vite at det er tillatt dersom ein går ettersøk og har fått løyve av politiet til å bruke kunstig lys. Eg er med i ein ettersøksring, og går ettersøk etter påskutte og trafikkpåkjørte hjorter med hunden min Direktoratet svarte da: Hei igjen Jeg kjenner ikke alle typer teknologier. Om det du beskriver er tilleggsutstyr som kan monteres på et vanlig kikkertsikte (eller demonteres slik at det som blir igjen er et kikkertsikte som kun forsterker lyset ved bruk av optik) vil dette kikkersikte kunne brukes (da uten IR utstyret)
  5. Hvor mange dager var du over, og organiserte du det kun via en lokal outfitter? Jaktet i 7 heile dager. Sjølve turen var på 10 dager (avreise og ankomst norge) Eg organiserte alt sjølv. Meiner med det at eg sendte emailer og tok kontakt med outfittere I USA og ordnet alt sjølv uten å bruke Norske eller andre jaktperatører. Kan kanskje være eit sjangsespill, men eg fant ikkje noen interesange turer blant dei norske tilbyderene. Så da var det bare til å begynne å undersøke sjølv Hadde kontakt med Enjoy hunting for 2 år siden, men den outfitteren dei brukte I Idaho, hadde bare ca 50 % fellings sjangse på puma. Og det var eg ikkje så fornøyd/imponert over
  6. Kan tenke meg ein treng spade dersom ein jakter ulv der ja Tenkte no mest på ulvejakt I USA eller Canada eg da.....
  7. Hallo Hadde ein kjempetur. Men ein er vel som oftest fornøyd når ein får dei to dyrene ein skal jakte. Spesielt når ein skal jakte puma Men ja, eg var godt fornøyd med turen. Alt var ok, så eg kan ikkje klage. Snakka med outfitteren 14 dager etter at eg hadde vært der. Eg visste han skulle ha inn ein jeger i dei tidene. Eg spurte korleis det hadde gått. Han hadde skutt ein puma og ein bobcat første dagen han jakta Tyder vel på at det er eit område med bra med puma. Eg jakta i 7 dager. Normalt jakta dei bare i 5 dager. Larry (outfitteren) sa ein trengte normalt ikkje meir enn 5 dager for å få puma. Men eg ville ha 7 dager jakt når eg først skulle over. Kjekt å være noen dager på jakt når ein først er over. Og så ville eg prøve å få ein ulv. Det lyktes eg ikkje med, men ulven er ikkje lett å få. Får kanskje prøve meg på ein rein ulvejakt ved ein seinere anledning. Noen som veit om ein god ulvejakt meg nær 100% sjangse for felling? Prisen finn ein på outfitteren si side: lhhunting.com Her er prisene: Mountain Lion Hunt 5 Day – $4500 Mountain Lion Hunt 6 Day – $5400 Mountain Lion Hunt 7 Day – $6300 Kjem litt tillegg dersom ein vil jakte bobcat og ulv. Eg skal få pumaen og bobcatten utstoppa ja, Life Size Mounts Tar ca eit år før eg får den heim
  8. Har lenge ønsket å jakte puma og bobcat. Etter ein masse googling på internet og ein del telefonsamtaler og enda fleire emailer, bestemte eg meg for å booke pumajakt hos Larry Hatter som er outfitter I Idaho og har firmaet LHHunting.com Kan ikkje sei eg angrer på det Den 6 januar reiste eg fra Norge, via Schiphol til Seattle. Der var det noen timer venting før ferden gjekk videre til Lewiston I Idaho. Ankom Idaho kl 19:30 lokal tid. Larry møtte meg på flyplassen og vi for rett til campen/hytten, som låg ein god times kjøring fra flyplassen. Ein må tidlig opp dersom ein vil jakte puma. Vi stod opp kl 5, åt litt frukost og for avgårde. Hadde ein liten times kjøring før vi var i jaktområde. Det var mykje snø, så det gjekk ikkje an å bruke bil for å leite etter spor. Vi matte brukte ATV med belter. Det var kaldt der borte, så vi måtte kle oss godt. Blir fort litt kjølig når ein er ute heile dagen fra kl 7 til 15 på leit etter spor og temperature er nede i minus 26 grader celcius..... Veret dei første dagene var fint, men kaldt. Hadde nysnø og gode sporingsforhold. Det er dette vi leita etter, ferskt pumaspor. Og dette var eit store eit og Da var det bare til å sette hundene på sporet. Så mens hundene fulgte sporet, hørte vi på losen mens vi fulgte hundene på GPsen. Etter ca 30 minutt såg det ut på GPsen som dei hadde fått pumaen opp i eit tre. Vi hadde i mellomtiden flyttet oss så nærmt hundene som vi kunne med ATVen. Det var nemmelig meir enn nok snø, så det var tungt å gå opp til treet. Følger med på GPSen Da var det bare til å ta med seg geværet (og kameraene) og begi seg avgårde. Sjølv om det ikkje var så veldig langt å gå før vi nådde fram til treet, så var det tungt å gå. Brukte vel 30 minutter før vi var framme til hundene. Lokaliserer pumaen i treet. Det var ein stor puma vi hadde funnet. Ein har som regel god tid når ein først når fram til treet. Pumaen forholdt seg rolig, så eg tok noen bilder før eg gjorde meg klar til å skyte han. Klar for å skyte. Holdet var lengre enn normalt når ein jakter puma. Avstanden var vel ca 40 meter, så guiden var bekymret for om eg klarte å få inn eit godt skudd. Han var redd for å få ein skadd puma ned til hundene. Han sa at mange vart så opprørt/nervøs når dei såg "katten" i treet at dei ofte skaut eit dårlig skudd. Men eg var forbausende rolig. Hadde faktisk venta att pulsen skulle ha vært høgere. Lurte litt da eg fekk klikk på første skuddet (lånt våpen, da eg ikkje var sikker på kor lett det var å få med seg våpen inn i USA). Men det var bare til å ta ladegrep og prøve ein gang til. Guiden var meir nervøs enn eg var. Pumaen gjekk ned i smellet, så da var guiden fornøyd (og det var sjølvsagt eg og). Ein fornøyd jeger med ein stor puma. Skallen målte 14 3/4 tommer (opplysning til dei som veit kva det vil sei) Med pumaen i boks, fortsatte vi å jakte på bobcat. Fant eit ferskt spor og satte hundene på sporet. Bobcat er ikkje noe storet dyr, og trærne var store, så det var ein liten utfordring å finne bobcaten i treet. Men når vi først hadde lokalisert den i treet, så var den lett å sjå. No var guiden roligere. Han hadde sett meg skyte, samt at bobcatten ikkje er ein trussel mot hundene sjølv om ein skulle få eit dårlig skudd. Brukte kal 22 (lange hylser) på bobcatten for ikkje å ødelegge skinnet. Vi hadde noen dager der temperature steig til like under null grader. Og med stigende temperature, kom det snø, ein god del med snø. Så eg skjønte kvifor dei alltid hadde med seg motorsag når vi var ute å kjørte. Vart ein del tre som måtte ryddes desse dagene for at vi skulle kunne passere Vi prøvde også på å jakte ulv. Såg og ulv, men på lang avstand. Og pga all snøen, så hadde vi ikkje mulighet til å komme nærmt nok for å kunne skyte. Såg og ferske ulvespor Såg og dyr som ulven hadde felt og ete. På eit av dyrene som ulven hadde felt, såg vi ein bobcat. Men dyret var utpå elveisen. Vi var ikkje sikker på om isen var trygg alle plasser, så vi lot være å skyte den bobcatten. Hadde mest sansynlig ikkje klart å hentet den. Nøyde oss derfor med å ta bilder og film av den. Såg og ein coyote på vei ut til jaktområdet. Den gjekk uheldigvis på "privat land". Dermed kunne vi ikkje ta den. Hadde ein kjempetur. Pumajakt er veldig spennende jakt. Det å finne eit ferskt spor og høre hundene lose oppi skogen, var stort. Ser fram til å få heim begge dyrene om eit års tid Her er ein film fra turen: Ellers er USA eit merkelig land når det gjelder våpen og våpensalg. Ein kan kjøpe våpen over disk i mange forskjellige forretninger. Her er bilde fra ein bensisnstasjon vi var innom på veien. Den solgte bensin, men ein kunne og få kjøpe våpen og jaktlisenser.... Men lyddemper kan dei ikkje kjøpe eller bruke uten spesialløyve...... Dei var misunnelig på oss nordmenn der White Tail hjort er tøffe dyr. Såg ein som hadde gått igjennom isen. Den svømte over elven og for opp på andre siden. Såg ikkje ut som om det plagde den noe særlig, men eg vil tippe det var litt kaldt. Var -20 grader den dagen... Ein av mange flokker med elk som vi såg Nydelig landskap. Her ser vi ut over prærien fra tettstedet Grangeville
  9. Ser ut som om du hadde det fint. Mange flotte trofeer. Litt misunnelig på den hyeno.... Prøvde å få ei no i november/desember, men det gjekk ikkje. Så eg har den tilgode, enn så lenge....
  10. Afrikafeberen blei for stor, så det blei til at eg (og ein kamerat) tok ein spontantur til Sør Afrika for å jakte litt (og for å korte ned tiden til jul.... er vel ein grei unnskyldning å servere konemor det....) Tok ein telefon til Tinus i africangamehunters.com og spurte om det gjekk an å ta ein jakttur før jul. Det var selvsagt ikkje noe problem. For min del ville eg kun cull hunte da eg ikkje har så mykje plass til fleire trofeer. Den plassen som gjenstår, er avsatt til noen utvalgte trofeer (deriblant ein bøffel som skal prøves å nedlegges i mai). Kameraten min ville jakte Waterbuck, Sable og Steenbuck, alle trofedyr. Han fekk full klaff og fekk seg tre store og fine trofeer. Har desverre ikkje bilde av dei, da vi jaktet 1:1. For min del, så ville eg skyte noen warthog. Ville blant annet prøve å skyte eit på åte/fra blind. Det gjekk bra, fekk 3 stk Ellers så blei det 2 stk impala og ein sebra. Prøvde og på å få ei brun hyene. Hadde ho inne på post tre av fire netter, men ho rista bare nett i åto, åt ikkje, men gjekk bare videre. Dermed fekk eg ikkje skutt ho Det var null måne når vi var nede, så det var heilt mørkt. Var derfor avhengig av at vi hørte hyeno på åten, slik at vi kunne sette på lys. Men ho var desverre vekke kvar gang før vi fekk på lyset. Det som var litt kipt, var at dagen før vi satt oss i blind for å jakte på ho, så var ho inne i 15 minutt og åt. Det fekk vi rikelig dokumentert på viltkamera. Kan ikkje gi opp. Må prøve igjen neste gang vi fer nedover dersom vi får tid. Blir ein bøffeljakt i mai Greit å ha noe å sjå fram til. Samme outfitter, men jakten skal foregå på ein annen plass. Hadde som vanlig ein fin tur. Litt varmt noen av dagene (41 Grader på det varmeste), men det gjorde ingenting. Bare det å være i Afrika og få jakte, er ein fornøyelse. Her er noen bilder fra turen, samt ein liten film Ein riktig fin Warthog dukket opp Link til filmen:
  11. Vil anskaffe meg eit viltkamera med MMS funksjon. Såg i bladet JAKT reklame for BURREL EDGE PRO viltkamera med MMS. Har ikkje hørt om det kameraet før, så eg lurte på om det var noen som har dette kameraet og hvilke erfaringer dei har med det. https://www.nettojakt.no/burrel-edge-pro-sendende-viltkamera.html Har fleire viltkamera, men ingen med MMS funksjon. Liker Bushnell sine kamera. Dei er raske og tar gode bilder og HD film. Tenkte egentlig på å anskaffe meg deiras nye wireless kamera (nr 119599C2), link http://bushnell.com/hunting/trail-cameras/trophy-cam/trophy-cam-hd-aggressor-wireless Men eg tok kontakt med Bushnell på bushnell.com for å høre om det virka i Europa (veit det er forskjellig mobilsystem i USA og Europa). Fekk til svar at det ikkje virka i Europa desverre Veit mange anbefaler SCOUTGUARD MMS kamera. Eg har eit Scoutguard kamera uten mms, og eg har ikkje hatt annet enn problem med det kameraet, så eg er ikkje lysten på å kjøpe eit nytt Scoutguard kamera
  12. Kjekt at dere liker reiseskildringen. Synst det har vært litt lite historier fra jaktreiser i det siste, så eg synst eg måtte skrive litt fra min siste jakttur. Synst det er kjekt å lese og sjå bilder fra andres turer. Snapper og opp enkelte ting om destinasjonene eller om ting ein bør tenke på når ein skal på jakt turer. Håper at fleire vil dele sine jaktreiser med oss andre inne på kammeret. Gjer det enda meir interessangt å besøke siden. Eg liker ihvertfall å lese om andres jaktturer!
  13. Hadde ein fin tur i eit fantastisk landskap. Kan godt tenke meg å reise tilbake ved ein seinere anledning. Under oppholdet snakka Mike og meg mykje om jakt, dyrelivet og forandringene som har skjedd dei siste 10-12 årene (begynte før det, men det var da dei for alvor såg at ting begynte å skje). Og det er ulven som får skylden for forandringene. Dei er ikkje særlig glad i ulven. Trur nok at dei aksepterer at ulven skal være der. Så det er ikkje ulven i seg sjølv dei er i mot, men antallet ulv som er problemet. Ulven er blitt reintrodusert mange plasser i Canada og USA. I BC har den komt naturlig tilbake etter kvart som bestanden har økt i dei nærliggende områdene. Men dei siste 10-12 årene har antallet økt/blitt så stort, at det har ført til ein darmatisk nedgang i særlig Elk, elg, white tail og mule deer bestanden. Også ein liten nedgang i svartbjørn bestanden i BC. For å illustrere nedgangen, så sa Mike at for 10-12 år siden skulle vi ha sett minst 200 elk kvar dag i dette området. Vi såg vel 25 på heile turen. Såg ein god del white tail deer, men han sa dette var ingenting mot det det hadde vært. Elg såg vi ikkje i det heile tatt. Mike meinte myndighetene ikkje hadde skjønt før no, at ulvebestanden hadde blitt vel stor. Men dei gjorde ikkje så mykje med det, da det er masse skog i BC og derfor vanskelig å jakte på ulven. Og i nasjonalparkene var det ikkje snakk om å beskatte ulvebestanden. Der skulle naturens gang få råde. Dette førte til at ulvebestanden økte enda meir, og ulven trkk ut av nasjonalparkene og inn i stadig nye områder. Det var innført begrensninger i jakten på Elk. No var det bare store hanndyr (minst 6 tagger på kvar side) som var lov til å skyte. Hodyr og klaver blei det ikkje lengre gitt løyve på å jakte. Dette for å prøve å stoppe nedgangen i elk bestanden. Mike sa at han pleide å ha 35-40 Elk jegere kvar sesong. No hadde han 7-8 jegere. Og det var ikkje kvart år (dei siste årene) alle klarte å skyte seg ein elk lengre. Har og kontakt med ein outfitter i Idaho. Fortalte han om turen min, samt at eg gjenga kva Mike sa om hjortedyrbestanden og dens utvikling dei siste 10-12 årene. Her er det han svarte: «Getting back to the wolves. It is an absolute crime what the government has allowed to happen to the elk and moose population in the Canadian and US Rocky Mountain chain. I remember many years ago visiting Jasper Park in BC and the number of elk was absolutely staggering. I know I saw more elk at that time than I will the rest of my life. Now, I understand that the number of elk in Jasper is close to 100. This saddens me to no end. This is what happens when you get corrupt, liberal politicians involved in something they have absolutely no business being involved in at all”. Dei hadde begynt å merke same problemet I Idaho sa han. Han var ikkje særlig glad for det som skjedde. Hadde løyve på ein ulv, men vi såg ingen ulver. Ulven er sky og vanskelig å jakte. Ulven har sin plass, men synd dersom antallet skal bli så stor at det skal få drastisk innvirkning på resten av dyrelivet. Virker som om ulven har meir beskyttelse enn mange andre rovdyr. Samme tendensen kan ein vel sjå i Norge. Vi må nok akseptere ulv, men antallet bør holdes på eit fornuftigt nivå. Så folk som vil til Canada eller USA på hjortejakt, bør forsikre seg om at bestanden av hjortedyr er god i det aktuelle området
  14. Har nett vært I British Colombia på svartbjørnjakt. Jakta med Guide og Outfitter Mike Christensen fra Findlay Creek Outfitters. Reiste fra Bergen lørdag 28 mai om morningen. Ankom Calgary kl 14:00. Siden det var ca 5 timer kjøring til jaktområdet, valgte eg å reise ein dag før og heller ta ei overnatting i Calgary. Da ville vi ankomme campen i «vetig» tid på søndag. Greit å få ting på plass og testskyte våpenet før ei skulle begynne å jakte fra mandag av. Hadde med gevær og ammunisjon fra Norge. Reiste med KLM. Mange som advarte meg om å reise med våpen med KLM, men det gjekk heilt knirkefritt. Ein må bare sette seg inn i kva ein treng av papir før ein reiser. Dersom ein reiser med KLM og mellomlander på Schiphol, så må ein søke til Nederland om å få ha med våpen. Opplysninger om dette finn ein på KLM sine sider. Løyve fekk eg i løpet av ei god uke. Reisen med våpenet gjekk smertefritt, og tollklareringen av våpenet i Calgary gjekk på 15 minutter  Blei plukka opp av Mike som avtalt søndags morning kl 10:00 utenfor hotellet. Kjøreturen fra Calgary til jaktområdet var ein fin tur, sjølv om vi hadde litt regn på turen. Å kjøre over Rocky mountains er ein fin tur. Var innom Mike`s hus og bytta til jaktbilen. Ankom campen i seks tiden om ettermiddagen. Pakka ut og gjorde oss klar for innskyting. Campen: Vi kjørte opp i jaktterenget for å skyte. Mens eg skaut eit par skudd, gjekk Mike for å sjå om det var noen bjørner å sjå over andre sida på elva (Toby Creek). Han kom tilbake akkurat når eg var ferdig å skyte. Han sa han hadde sett ein bjørn. Han plukka med seg «spotting» kikkerten sin og så for vi får å sjå på bjørnen. Bjørnen var ok, men som han sa:»Det er ikkje ein bjørn vi skyt dagen før vi egentlig skal begynne, den er ikkje så stor». Men det var ein fin start på jakten. Lova bra for fortsettelsen. Første jaktdagen stod vi opp kl 7 til eit nydelig vær, åt frukost og for ut klokka 8. Kjørte opp til der vi såg ein bjørn dagen før, og jaggusanten var der ikkje ein bjørn der i dag igjen. Avstanden var litt lang. 340 meter. Vi studerte den og diskuterte om vi skulle prøve å komme oss nærmere. Men bjørnen blei ikkje værende så lenge ute på det åpne området. Den tusla inn i skogen og forsvant. Vi fortsatte derfor oppover dalen for å sjå etter andre bjørner. Brukte heile dagen ute. Kl 20 om kvelden trekte vi nedover mot der vi hadde sett bjørnen tidligere på dagen. Gjekk innover ein skogsvei. Hadde gått ein kilometer da vi gjekk på ein bjørn som åt i veiskråningen. Men bjørnen og vi såg kvarandre samtidig, så det var ingen skuddsjangse. Gjekk eit stykke til før vi snudde. Hadde gått eit stykke tilbake da vi såg ein bjørn på 180 meter. Det var ein ok bjørn, ikkje kjempestor, men ok. Vi bestemte oss for å ta den dersom vi kom nærmere og fekk ein god jaktopplevelse. Sneik oss nærmere, men bjørnen oppdaga oss og forsvant bortover skogsveien. Vi fulgte etter. Utrulig nok, oppdaga ikkje bjørnen at vi for etter, og den roa seg ned og gjekk sakte på skogsveien. Eg kom meg ganske nærmt og la meg ned og ropte på den. Den stoppa og vrei seg litt, men ikkje nok, og heller ikkje så lenge. Den «lukta lunto» og begynte å springe. Men det var artig lell. Gjekk i nesten 7 timer den dagen. Var ikkje vanskelig å få sove den kvelden. Morningen etterpå såg vi ein bjørn på veien eit stykke framme. Stoppa bilen og gjekk i veigrøfta mot den. Bjørnen snudde så og kom mot meg. Da var det bare å legge seg ned på veiskuldra og vente på ein skuddmulighet. Bjørnen kom sakte nedover veien mot meg. Eg var ikkje sikker på om eg kunne skyte den framifra, og siden eg ikkje hadde kontakt med Mike, så venta eg på at bjørnen skulle stoppe og snu seg. Men bjørnen fortsatte å gå mot meg. Da den var på 23 meter avstand (målte det etterpå), så tenkte eg, no eller aldri og skaut. Bjørnen for til skogs, men vi hørte den falt om nett inni skogen. Den låg ca 20 meter fra der eg skaut den. Den var på vel 5 fot, ein fin bjørn i dette området av BC. Godt nøgd med dagen. Kjekt å få bjørnene så nærmt. Synst slike opplevelser er bedre enn å skyte på langt hold. Bjørnen like etter at den er truffet Tredje dagen såg vi tre nye bjørner, deriblant ein stor ein. Vi såg den først midt på dagen. Da gjekk den på eit hogstfelt, men forsvant inn i skogen før vi var på skuddhold. Den hadde ikkje sett oss, så vi håpte den skulle dukke opp igjen. Returnerte til samme området om kvelden (etter å ha observert ein annen fin bjørn som også lurte oss). Såg igjen den store bjørnen. Kom oss i posisjon på ca 150 meters hold. Der oppstod det desverre ein liten misforståelse mellom guiden og meg, så eg skaut ikkje bjørnen, desverre. Shit happends.... Men igjen ein fin jaktopplevelse. Men den skulle eg ha skutt... Stor bjørn: Fjerde dagen begynte med litt regn (det første vi hadde etter at vi begynte å jakte). Mike hadde ikkje den store trua på at vi skulle sjå noe bjørn i dette veret, men vi gjekk på ein liten 2,5 åring med ein gang. Den var ikkje noe særlig redd. For foran oss på veien og lot oss ta bilde og film av den Liten bjørn:  Såg og ein fin bjørn på 240 meter som vi diskuterte om vi skulle ta eller ei. Men det blåste ein god del, og siden eg måtte skyte høgt over eit dalføre (over ei elv), så avstod eg fra å skyte. Var usikker på kor mykje vindavdrift det var. Femte dagen såg vi fire nye bjørner. Den eine jagde vi opp i eit tre. Det var ei hobjørn på ca 5 fot. Vi kjørte rolig på ATV oppover ein sogsvei. Hadde allerede sett to bjørner da denne dukket opp eit stykke foran oss på veien. Stoppa ATVen og sneik oss innpå bjørnen. Fekk beskjed om ikkje å skyte før Mike var sikker på at den ikkje hadde unger, samt å få sett kor stor den var. Men mens vi låg der, venta på at bjørnen skulle komme fram, for Mike opp og begynte å klappe og rope. Han hadde sett at bjørnen var på veg opp i eit tre, så han for fram for å skremme den opp i treet. Så da stod vi der under treet med ein illsint bjørn kikkende ned på oss. Det var artig det. Var faktisk så artig opplevelse, at eg ikkje følte for å skyte ho. I tillegg så var ho ikkje så veldig stor. Siste dagen såg vi to bjørner. Prøvde å komme i posisjon på begge to, men bjørnene oppdaga oss desverre. Dermed blei det med den eine bjørnen. Hadde ein fin tur. Kjempe ver, varmt og fint. Fantastisk natur. Såg 15 bjørner, og hadde skuddsjangse på fleire av dei. Fekk gått mykje (og det liker eg). Var stort sett ute på jakt fra morning til kveld, og det er kjekt når ein først er på ein slik tur. Litt annerledes enn da eg var i Alberta og jaktet på åte. Da var det kun ettermiddag/kveldsjakt. På veg heimatt over Rockey Mountains, såg vi Bighorn sheep, mountain goat og grizzly Er godt fornøyd med turen. Her er ein liten video fra turen. Den viser ikkje bare skuddscenen, men litt av korleis det var å jakte bjørn i BC Link: Noen fleire bilder:
  15. Aron1

    Redigeringsprogram

    Hallo Har ikkje hatt tid til å installere eller studert Lightworks enda. Lurer bare på om ein kan kjøre filmer/klipp baklengs i Lightworks?
  16. Aron1

    Redigeringsprogram

    Er det noen som kan anbefale eit redigeringsprogram til videokamera? Eg er på utkikk etter eit redigeringsprogram som lar ein kjøre filmen baklengs. Kunne og ha tenkt meg muligheten til å lage ein liten firkant der ein kan vise ein film i filmen. Meiner, dersom ein jakter og filmer målet ein skyt på, og ein også filmer vedkommende som skyt. Kunne tenkt meg å vist skytteren(filmen av han) i ei lite ramme oppe i eine hjørnet av hovudfilmen som er målet som blir skutt på. Er ingen ekspert, så er ikkje ute etter eit superavansert program. Må ihvertfall være litt enkelt å bruke. Har brukt Movie Maker og sony sitt redigeringsprogram (har eit sony kamera). Har og brukt gopro sitt redigeringdprogram (har eit gopro4 kamera og). Ingen av desse kan spille film baklengs (ferdig redigert) eller vise to filmer i samme vindu.
  17. Da var årets første mår i boks. Det var den " hale hårlause" måren som var gått i fellen. Hårene på halen var vokst halvveis ut igjen, så det såg ikkje ut som om den var sjuk. Men litt snodig såg det no ut uansett. La den i frysen for sikkerhetsskyld slik at evt skabb eller andre dyr skal ta knekken før eg flår den. Fekk den om morningen den 25 januar. Litt treg med å få den på nett. Desverre så er slaget altfor langt bak. Måtte ta livet av den når eg kom om morningen for å sjekke. Hadde eit slikt tilfelle i fjor også. Kjøpte da nye feller for å unngå dette, men opplevde desverre dette igjen. Er ikkje kjekt å oppleve slikt. Håper eg slepp å oppleve det igjen. Lurer på om eg skal forandre på utløseren og lage dei om til fotutløser.
  18. Aron1

    Mår

    From the album: Ville dyr

    Mår
  19. Den "hårlause" måren har ikkje vårt sjå på kamera siden 28.desember. Og da var jo fellen nedspent siden det var romjul. Kanskje den foråt seg og er mett enda..... Men det er andre mårer i området. Har eit viltkamera stående ca 2,5 km fra der eg har fellene. Har kamera der for eg forer hjorten med epler. Men både mår og mikkel er også innom og inspiserer foringsplassen. Ser og ein del mårspor no når det kom litt snø. mår: " target="_blank Rev: " target="_blank Kjekt at det er liv i skogen, sjølv om eg ikkje har fått noen mår enda.
  20. Takk for alle svarene. Blei ikkje heilt klok på kva vi skal gjøre siden UK tydeligvis forlanger det i våpenpasset. Men siden Norge ikkje vil registrere lyddemper i det Europeiske våpenpasset (siden lyddemper ikkje er registreringspliktig i Norge...) så har vi eit problem..... Håper det går bra, for vi vil helst ha med dempere. Flyplassen i England er forøvrig Gatwick Sleit litt i fjor da vi var i Canada på jakt. Mellomlanda i Nederland.... Da måtte ein ha våpenløyve til Nederland sjølv om vi aldri såg våpnene. Og det måtte sendes på FAKS.... Trudde slikt var avleggs. Men vi klarte å få lånt ein faks og sendt det av gårde. Fekk til slutt tilbake løyve. Men allikavel blei eg stoppa i nederland og tatt til sides av 2 stk bevæpna politi når vi skulle gå ombord i flyet i Nederland. Såg litt mørkt på det da ei stund, men det ordnet seg til slutt og vi fekk gå ombord og våpnene blei og sendt med flyet. Flesland hadde gjort feil ved innsjekkingen der...
  21. Vi er tre stykker som skal til England på jakt i månedsskiftet februar/mars. Vi ønsker å ha med lyddemper. Trudde vi kunne ta med oss demper uten videre. Men no får eg høre om ein som var i England og fekk beslaglagt demperen sin.Grunnen var at demperen skulle stått oppført i våpenpasset. (Bot fekk han og ). Er det noen som veit om dette er blitt påbudt no? Evt korleis får ein innført demperen i våpenpasset? Tar ein kontakt med lennsmannskontoret? Har ikkje så stor tru på at dei (lensmannen) veit noe. Dei virker heilt "grønne" når eg har vært borte og spørt om ting før angående våpenløyver osv.
  22. Takk for tipsene. Skal sette på ein klosse i bunnen og sette på pinner ute på sidene. Da kan eg ikkje tru at han kjem seg inn. Har og tenkt på å prøve med fotutløser, men har ikkje gjort det til no, da eg ser for meg at måren trakker over og dermed ikkje løyser ut fellen. Skal spenne ned fellene i morgon for julen pga jobbing fram til jul. Må sjå om eg får modifisert kassene i løpet av julen. Knutis, kor stor avstand anbefaler du fra fellen til åten? Ser for meg at dersom den er for liten, så kan han lettere stjele åten (Han gjer det vist uansett.... ). antar at det er vel 20 cm på kassene mine. Lurte og på om han kunne ha skabb. Men synst det er litt rart. Bur på ei øy, og her har ikkje vært rev på mangen år. Siste reven som eg har sett her, sitt på hyllen i huset mitt . Men det er hjort her. Men måren ser ihvertfall litt redusert ut.
  23. Har ikkje fått noen mår enda i år. Men åten forsvinn heile tida (honning/sunda og rosiner). I den eine fellen er det lett å sjå kven som er syndren, for der ligg det plenti med museskit. Hadde samme problemet der i fjor, men fekk 3 mårer i den fellen i fjor (samme plass/boks). Men i den andre fellen, er det ingen tegn til mus. Monterte derfor opp eit viltkamera for sjå om eg kunne "fange" synderen på film. Og det gjorde eg. Måren har vært der trutt og jevnt. Kjem og går fleire ganger i løpet av dei 2 dagene eg har hatt kamera stående. Det er ei oneida victor conibear 160 felle som står i boksen. Kjøpte 3 slike i fjor samt 2 stk 120 feller. Har og noen 155 feller. For dei som husker bloggen i fjor, så måtte eg ta live av ein mår som hadde gått i ein av dei 155 fellene (blei ein diskusjon om dei fellene var kraftige nok). Kjøpte derfor noen nye feller. Men som ein ser av den redigerte filmen, så kjem måren seg inn uten at den er borti avtrekkeren/utløyseren. Avtrekkeren står i ro (ingen "slark"). Etter kvart går han inn på høgre siden av avtrekkeren og. Ser nesten ut som om fellen er for stor og avtrekkeren/utløseren dekker eit for lite areal. Er det noen som har opplevd dette problemet? 120 fellene hadde eg tenkt å bruke til mink, men dersom dei er egna for mår, så vurderer eg å bruke dei da måren da umulig kan klare å komme seg inn uten å løyse ut felle. Noen kommentarer/løsningsforslag på problemet mitt? Ps. Stygg hale på måren. Noen som har ei formeining om kvifor den er slik? " target="_blank
  24. Dette skjemaet til tollmyndighetene i Nederland: http://www.shakariconnection.com/suppor ... onsent.pdf Må det sendes via FAX eller kan ein maile det? Har ingen FAX tilgjengelig (skal alltid få ordnet ein). Skal og oppgi FAX nr mitt i skjemaet. Burde vel ha vært mulig å oppgitt mail adresse der i desse moderne tider
  25. Da blir den heime ja! Takker for opplysningen
×
×
  • Create New...