Jump to content

EirikRF

Members
  • Posts

    48
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by EirikRF

  1. Då fekk eg ein mår i går. Det var på tide. Den var tatt veldig langt nede i terrenget og nært vegen. Eg har hatt spor forbi fellene mine 7 gongar. Dei fleste mellom 30 til 5 meter. Har brukt tampongar som har trekt i oppkokt honning og stjerneanis. No siste tida når det har vore kaldt har eg brukt slakteavfall frå rype i tillegg til honning. Det eg lurte på var om eg brukar for lite åte? Kor ofte skiftar de åte i fellene dykkar? Kor mykje brukar de? Kva brukar de? Fungerar fisk generelt? Ein anna ting er at eg har brukt Speed Dip for første gong på fellene mine, og det verkar rart at akkurat når eg gjere det så tek det vekesvis å ta ein mår når eg har oppe 10 feller der det er mår på vertfall 7 av plassane. Ein anna ting er at den eg no tok vart teken i den einaste av fellene mine eg har kamuflert med granbar. Tempraturane her har vel låge på rundt 6 minus denne veka. Siste veke var det mellom 10 og 7. Veka før det var det ned i 14 minus. Før det var det plussgrader, stort sett. Men det har ikkje snøa her på fleire veke før no på mandag, så det som ligg og har låge dei siste vekene avslører alt av bevegelse i terrenget, og eg har hatt ferske spor fleire plassar no denne veka. Nokre tankar om dette?
  2. Sjekka to feller i dag. Det var ingenting i dei men det var mårspor i snøen ca 30 meter frå den eine fella. Men den har berre stått der i 5 dagar. Honning som åte. Eg blir alltid like frustrert når det skjer. Nokon som har gode tips? Vente til lukta av meg forsvinner? Vente til det blir frost og/eller skifte åte? Har både ekorn og slakteavfall etter ryper å legge i dei, men tenkte eg skulle vente til det blir litt kaldare før eg gjere det.
  3. Då har eg fått ut 5 belisle 160 og 5 conibear 160 i kasser. Såg mårspor på 4 av plassane. Fellene står på 5 forskjellige plassar her i fejellsidene på vestlande. Er eit godt stykke mellom kver plass og ca 300 til 200 meter mellom kver felle på kver plass. Ser alltid mårspor i kanten av plantefelta og i overgangen til bjørkeskog. Tampongar kokt i anis og honning som åte. No får vi sjå om dei går i.. fekk 3 stk dei to første vekene i fjor, og då hadde eg berre ute 3 feller. Kryssar fingrane.
  4. https://www.vg.no/vgpluss/article/2C07EBS8" target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank I VG artikkelen står det: Kommentarer? I følge min kunnskap om statistikken er det relativt lave tall. Veldig lave tall. Forøvrig er ordbruken der uttrykk som "stridsskyting" blir brukt rein svertekampanie, merkelapp-mentalitet og indirekte beskyldninger. Jeg forstår det slik at vedkommende enten ikke har fått med seg at det er ei ganske lang liste med halvautmatiske-rifler som er tillat på jakt, eller, han mener at halvautomatiske rifler hadde vært ulovlig på jakt om det ikkje var for at en gruppe personer i skyttermiljøet, som bruker de i sportslige sammenhenger, driver med lobby for å få det til? Det vil si, hadde det ikke vært for "lobbyvirksomhet" i denne gruppen, hadde vi endelig fått vekk de forferdelige halvautomatiske riflene fra samfunnet for godt. For at dette "argumentet" over, (om det kan def. som et,) skal få sin fulle tyngde, benyttes begrepet "stridsskyting" for å skape en negativ konnotasjon så man egentlig ikke trenger å levere et saklig argument, da teksen skal være "selvforklarende". Det vil si at om du ikke støtter det indirekte argumentet, så er du for at folk får springe rundt og skyte "cowboy," drive med terrortrening og vil derfor sidestilles med Anders B. Breivik uten at det blir sagt på en direkte måte. Dette er grunnen til at jeg ikke greier å ta slike personer på alvor. Endeløst emosjonelt viss-vass og ufulstendige uttalelser "du bare skal forstå" uten å stille spørsmål ved premisset vedkommende presanterer. Semantikk. Alt kan mer eller mindre def. som stridsskyting om det er ønskelig. Stang og hurtigfelt f.eks. Slike usakligheter tilfører ikke noe positivt til detbatten.
  5. Frå nest siste avsnitt på side 119 til side 122 kan du lese eit prakteksempel på kva holdningar anti-våpen tilhengara har og politiet generelt. Eg får fullstendig hakeslepp når seg ser kor unyansert og usaklig argumentasjonen er. Hadde det vore opp til dei hadde vi ikkje hatt lov til å ha våpen i det heiletatt. Og folk snakkar om at vi er paranoide? Maks 6 skudds boksmagasin i boltrifle? Kan seie ein enkelt ting, som det forøvrig blir argumentert bra for på side 113-114. ABB hadde med litt trening volda like mykje skade med ein sauer og eit par dusin magasin på 5 skudd. Dette er eit lovforslag som gir falks trygghet og går ut over uskyldige, lovlydige borgara som favna om friheten sin og vil drive med hobbyen sin i fred uten å få all mulig drit tredd ned over haue av bedrevitara som trur dei driv med forebyggande og prevantivt arbeid, i eit desperat forsøk på å opprettholde sin ad hoc organisasjon av ein arbeidsplass, rykke oppover i stillingane eller ha ryggen fri neste gong ting går til helvete. Null-visjonen når det kjem til uheldige situasjonar er blitt ein sjukdom i politikken, departementa og ellers i arbeidslivet her i lande.
  6. På side 116 står det "Videre er det oppstilt forbud mot repeter- og pumpehagler som med egenskaper som nevnt i samme forskrift § 3. Dette gjelder hagler med pistolgrep uten skulderstøtte eller pistolgrep frittstående fra kolben, samt hagler med stor magasinkapasitet mv." Dette er heilt hål i haue. For det første så er det mange med handikap som må ha frittståande pistolgrep. Og korleis gjer dette til at våpenet er farligare? Det ser skummelt ut så derfor må det forbys? Subjektivt svada! Det har ingenting med funksjonen til våpene å gjere og er heilt irrelevant.
  7. På side 106 og 107 står det om jaktvåpengarderoben. Siste setningen seier: "Den nærmere reguleringen av jaktvåpengarderoben kan utformes i forskrift, herunder antall skytevåpen." Med andre ord så ligg siste ord i saka hjå onkel blå, noko som sjølvsagt gagnar dei. Det betyr at vi ikkje får meir enn 6 våpen då dei helst vil ta ifrå oss mest mulig. Forslaget gir ikkje klare rettar i lovform - kvermann kan forholde seg til. Det skal fortsatt vere slik at vi må gå rundt og lure på kva nye lure innskjerpingar øvrigheita kjem med som motsvar til eit framtidig hylekor som krev tiltak og innskjerpingar. Når politiet har siste ord i saka kan dei justere og vedta alt etter kva tidsånden krever. Trudde at ein av grunnane til ny lov var å klarne opp i all slik uviss svada i lovverket? Korleis ligg det ann med begrepet "våpen av militær karakter." Er det noko om dette i forslaget? Er det òg like forbanna subjektiv som det alltid har vore? Politiet er fortsatt aktor, jurie, dommar og politi? I eit demokrati er det skille mellom lovgivande, dømmande og utøvande makt. Kanskje nokon bør forholde seg til at det er lurt å fordele mellom forkellige instansar kva som ligg i eit slikt lovforslag, som klart er subjektivt og oppe til fortolkning, framfor å stole på at politiet brukar skjønn, kjempar vår kamp og er på vår side i denne saka. Det har dei vist gang på gang at dei ikkje er! Oppdatering: på side 113-114 står det at utvalget går vekk fra "våpen av militær karakter" begrepet. Det var på tide
  8. Er det nokon som har prøvd å få innvilga eit sjuande våpen og kan vise til at søknaden av avslått? Visst vi seier at eg reit hypotetisk har følgande våpen 1. .22 LR 2. Over og under hagle for fugl. 3. .308 Win for jag under hjortejakta 4. Tung 300 Win Mag med kraftig kikkert for bøjakt 5. .338 Win Mag for elgjakta. 6. .416 for afrikajakt. Så viser det seg reit hypotetisk at eg treng ei rifle i eit middels kaliber som f.eks .223 til toppjakt, gjess og rev. Eg kan ikkje skyte storfugl med .22 LR, .308 blir for grovt kaliber og langt på veg overkill. Vil onkel blå forvente at eg brukar .308 eller selger våpenet og skaffar meg det meir versatile folkekaliberet 6,5x55, som eg ikkje er interessert i med tanke på blyforbudet som kjem til å komme og det som følger med med tanke på reduksjon av kulevekt og anslagsenergi ved bruk på hjort. Kanskje det blir forventa at eg selger .338'n og brukar .308 på elgjakta. Det er heller ikkje ei optimal løysing då eg føler meg meir komfortabel med litt meir trykk i patronen. Eller kanskje dei forventar at eg selger 300 Win Mag'n og brukar den vesentlig lettare .338 Win Mag'n til bøjakt, med skifting av kikkert, innskyting og alt det styret som følger med. Det blir som å velge mellom pest og kolera. Det einaste ein oppnår med begrensing er at folk føler dei ikkje har riktige utstyr til jobben og sjansen for skadeskyting økar. Det reelle for meg er at eg må bruke 17 HMR på alt opp til rev eller eit alt for grovkalibra våpen, selge eller kassere våpen som har anna bruks- og affeksjonverdi, drasse på ein blytung rigg, eller berre gje faen i heile planen. Tvingar dei meg til å ta det valget så kan ikkje eg gjere meir enn å trene for å utelukke skadeskyting. Om .17 HMR er lovlig men skjønn tilseier at det er i svakaste laget, så har idiotane bak reglane dei heilt ubegrunna prakkar på oss, noko å svare for om dette fører til unødig liding - eg personlig prøvar å unngå ved å skaffe riktig verktøy. Det samme kan vi seie om blyforbud og følgene det får for 6,5x55. Det er så lite gjennomtenkt! Ikkje er det mange våpen som blir stjelt etter påbudet om våpenskap og ikkje kan ein skrulling som klikkar bruke meir enn ei børse om gongen. Og skulle no vedkommande greie å få det til så er ikkje forskjellen mulig å merke når det allerede er lov å ha 6 våpen i eige i forhold til 8 eller 10 våpen, som burde vore grensa om dei absolutt må ha ei grense.
  9. Det kom kanskje litt feil fram, men det var i utgangspunktet meint som eit argument mot begrensinga til 6 våpen, ikkje som eit argument for at det er enkelt å dokumentere eit behov utover 6 våpen og få innvilging. Men no når vi er inne på det, trur de at argumenta i lista mi ikkje hadde holdt som dokumentasjon for behov utover begrensinga? Hadde onkel blå slått seg vrang?
  10. Så enig med tråstarter sitt syn på saken. Når det gjeld behov for meir enn 6 våpen så er ikkje det eit problem å dokumentere. 1. Lett rifle i .308 win til jakt på hjort under jag eller på hjort og rein på fjellet. 2. Tyngre rifle for bøjakt med kraftig kikkert i kraftig flattgåande kaliber som 300 win mag eller .338 LAPUA mag. 3. Grovare kaliber til elgjakt (mellom .338 og .50 cal for å få litt meir anslag enn nålestikket frå .308), men ikkje for tung og utstyrt med for kraftig kikkert då det blir ein del trasking i skauen. 4. Lett rifle i .22LR for trening og mindre dyr på kort hold. 5. Lett rifle i .17 HMR for rype så det ikkje blir for mykje kjøtødeleggelse. 6. Lett rifle for toppjakt i .223. Blir ein del trasking i skauen. 7. Tung rifle i 22-250 med kraftig kikkert for gåsejakt og rev. 8. Lett hagle o/u eller sideliggar for rype, skogsfugl og hare. 9. Tyngre hagle for stabilitet på post for gjess eller ender. Halvauto. 10 Tyngre hagle for sjøfugl som det ikkje er så nøye med når det kjem til saltvatn og rust. Billig robust 870 f.eks. 11. Kombi for rådyrjakt eller jakt der ein går etter fleire typar dyr. 12. Kraftig kaliber for afrikajakta. 13. Halvauto for villsvinjakta. Lista stoggar ikkje her, men det her får holde. Poenget er klart. I tillegg til dette så kjem våpen av affeksjonverdi. Kanskje ein vil ha ein tikka òg ein fin mauser i eit klassisk kaliber der ein velger alt etter kva ein ønsker å oppnå med jaktopplevelsen og kva sinnsteming ein er i og kva type folk ein jaktar med.
  11. Tok ein mår til i går. Gjekk i første fella eg satt opp. Belisle 160 og kasse-sett. Hannmår på 1,43 kg tatt i eit belte med granskog oppunder ei ur heilt oppunder fjellet. Då er eg oppe i 3 stk Bilder kjem seinare.
  12. Då har eg såtte opp ein fallstokk. Blir interessant om det går noko i den.
  13. Kort svar Mats i Skogen. Dette er sikkert gamalt nytt for dei fleste - men lukt er den avgjerande faktoren. Fellene avfettes (vaskes i vaskemaskin), legges ut så dei blir raude av rust, kokast så i kaustisk soda - skylles med vatn og kokes i dye. Sodaen må koke, dye skal ligge like under koke temp. Ein eller to timar, alt etter kem du spør. Fellerne står i dye over natta til den er nedkjølt. Dette fjerner lukt. Er ikkje så viktig at kassene går i eit med fellene, men du kan kammuflere dei med granbar du knyter rundt treet over kassene så dei går meir i eit med vegitasjonen. Veit ikkje om det er naudsynt, men det skadar ikkje å gjere det. Det sørgjer òg for lukt av granbar. Min bestefar som har tatt fleire hundre mår og lærte meg, kammuflerte alltid. Det viktigaste er lukt. Bruk hanskar. Legg kassene/fellene i gammal maurtue 2 veker før du setter dei ut eller heng dei ut god tid i førevegen. Eg brukar gamle sokkar eg fyller med ein god klatt honning samt gnikkar inn sokken på utsida. Henger dei etter eit tau bak i kassen. Åtekammer kan vere ein idé om du er plaga med mus.
  14. På kortet står det at det gjeld for småvilt. Det riktige er å spørre om ein er usikker - så det er det eg har gjort.
  15. Første 2 mår sia eg var 14 år med 14 år pause. Hadde ute 6 feller, sjekka dei etter 6 dagar. Ein hannmår og ei tispe på 1,78 kg og 1,15 kg. Honning og slakteavfall etter orrfugl som åte. Belisle 160 i kasser. Nakkeslag - stein dau. Hannmåren vart teken i overgang frå bjørkeskog til granfelt med ei stor ur under eit stup. Den minste vart teken i overgangen mellom ei myr og to granfelt. Bilder kjem når eg finner kabelen til mobilen.
  16. Når det gjeld faren for å ta husdyr, så brukar eg berre honning og alle fellene er over 1,5 m opp i tre, inne i kasser. Slik sett er ikkje den delen eit problem. Vidare veit eg at jakt og fiskelaget har holdt kurs i bruk av feller for å få opp bestanden av småvilt - spesielt storfugl. Skuddpremie har dei på mellom anna rev (ikkje at eg fangar det i feller), så vi kan seie det er eit ønske frå grunneigarane si side når det kjem til å beskatte rovdyrbestanden. For meg pekar alt i den retningen at jaktkort gjeld for bruk av feller. Men som sagt, kva er vanlig der du bur?
  17. Har eit spørsmål. I kommunen eg bur i vert det av grunnegarane sitt fellesstyre lagt ut for sal jaktkort for småvilt. Men er det sedvane at slike jaktkort óg gjeld for bruk av feller? Eg har ikkje hatt ute feller på 14 år, men i år har eg ute 6 stk på grunn der eg har tillatelse. Har ytterligare 7 stk eg ikkje har fått ut endå, men områdene eg tenker å sette dei i er oppdelt i så mange små skogteigar at eg må høyre om tillatelse frå eit 20-tals grunneigara. Hadde vore fint å sleppe dette om småviltjakt òg omfattar bruk av feller. Lurte på å ringe og spørre styreleiar i jakt og fiskelaget, men før eg gjer det, kva vil de seie er vanlig?
  18. Bra sagt Vet|Us. Eg trur det du skriv er det fleire av oss har tenkt i den her saka. +1
  19. Då har vi grunnleggande forskjellige synspunkt på saka. Visst det var breiare aksept enn det vi har i dag frå dag ein, hadde òg fordommande vore mindre utbrett. Når det er det estetiske før det praktiske og funksjonelle som blir det avgjerande, er det klart fordommar får gro. Først var det syntetisk som var "militært", deretter tofot og lyddempar, rødpunkt og vertikalt-grep. Men for fleire av desse forbedringane er det gradvis komme ein aksept. Tofot minskar sjansen for skadeskyting under bøjakt, til glede for fleire elendige skyttara. Lyddempar var visst ikkje så dumt det heller om ein ikkje vil ende opp som dauhørt i ein alder av 60 år. Og slik fortsetter det.. Kva kan vi lære av dette? Det er ikkje det estetiske og fordommar som bør styre kva som er akseptert, men funksjonalitet. Heilautomat er "militær karakter." Totallengd under 84 cm gjer våpenet lett å skjule. Kva andre lover og begrensingar er naudsynt? Kva skal meir omfattande begrensningar tjene til? Lure den vanlige mannen i gata til å tru at vi er klassiske jegarar som utøva jakt med bakgrunn i ein kulturelt hevdvunnen rett med bruk av tradisjonsbundne verktøy, som på ingen måte, reint funksjonelt, skil seg frå det som blir demonisert? Eg er enig i at vi kan ta det dråpe for dråpe så overgangen ikkje blir for brå, men med ein totalt negativ holdning vil vi forbli i bakevja - og hadde fortsatt vore det når det gjeld tillegsutstyr som no er å rekne som akseptert, om det ikkje var for åpenhet. Ikkje lag meir hysteri rundt dette enn naudsynt. Det tjener ingen at du postar bilde av modifiserte jaktvåpen som angivelig på grunn av dette er meir farlege enn jaktvåpen-varianten.
  20. Lovteksten angåande "våpen av militær karakter" er så skakkjørt det er rå å få det. Ein lov som etter subjektive preferansar kan tolkast dit henn ein vil. Grunnen til at den i det heiletatt eksisterar er grunna konservative, ignorante bedrevitara som meinar nøttetre, klassisk stokk med brekk/bolt/rolling/fall-block -mekanisme er det einaste akseptable. Folk som ikkje er interessert i forandring eller forbedring. Folk som handlar etter sosiale konstruksjonar framfor rasjonell logikk. Eg har ein venn som av genetiske grunnar, har problem med å vri hendene for å gripe om ei børse. Far min har brote handledde og slit med det samme no i ettertid. Begg spurte meg om ikkje eg kunne anbefale eit våpen for jakt. Dei kunne ikkje finne noko som var hendig i forhold til handikapet. Svaret måtte bli som bedrevitarane legg opp til. "Ja, du kan til dømes kjøpe ei Remington pumpehagle. Der er det mange mulighetar for modifisere slik at ein har pistolskjefte både bak og framme, men då vil dei sjå på deg som ein hillbilly og actionfilm-inspirert idiot når dei møte på deg på skytebana." Ingen av dei var lenger interessert om takhøgda var så lav, arogansen så utbrett og innsikta så snever. Det er alt for mykje forgubbing i skyttarnorge, og diverse personar her er ikkje akkurat til hjelp for å begrense dette.
  21. Hassel: No må vi slutte å fokusere på mini 14 og tru at forbud mot dette våpenet ville utgjort ein forskjell. Hadde ikkje ABB hatt tilgang på ein mini 14 så hadde han truleg gått til anskaffelse av eit anna skytevåpen, i kanskje grovare kaliber med potensiale som overgår .223. Ei anna halvautomat rifle eller ei boltrifle med magasin for den del. Ofrar du mini 14 på det politiske alteret fordi du trur dette skal tale vår sak, så tek du feil. Våpenmotstandarar bryr seg på ingen måte om du viser velvilje. Dei vil ha vekk alt, ikkje berre mini 14, halvauto generelt eller pistolar. Visst dei får inntrykk av at dei har argumenta til å ta litt, så vil dei gå for å ta alt - DU var tross alt einig med dei når det var snakk om mini 14, vil dei seie. Kva argument skal du komme med då? Ikkje grav di eiga grav, vær så snill, på vegne av alle du repressenterar. Ikkje vik ein einaste tomme. Gjer jobben du får betalt for å gjere og som medlemmane krev av deg. Stoltenberg sa vi ikkje skulle la frykten styre, vi skulle svare med meir demokrati, meir åpenhet og ikkje vere naive. Visst det blir innskjerpingar fordi naive personar som slår politisk mynt på tragedien, trur dei kan forby vekk at slikt kan skje, så har vi tapt. Då vil vi la frykten styre, vi vil ha mindre demokrati, mindre åpenhet, og vi vil vere ekstremt naive. For å unngå at noko slikt skal skje igjen bør politiet ha bedre trening, beredskap, utstyr (meir enn ein mp 5) og helikopterberedskap egna til å frakte mannskap i smakjør med Delta. Ikkje glem at han fekk drive på i 1,5 time utan å bli stoppa. Dette er ikkje eit problem som kan løysast med heksejakt og forbud mot våpen. Dette handlar om at politiet ikkje har dei ressursane dei treng til å handheve dei lovene som er. Dette er politikarane sitt ansvar og dei vil helst skyve og fordele skylda over på alle andre.
  22. Hei! Første posten min her. Mykje bra og gode argument. Eg skal adressere ei problemstilling i tråden. Eg ser at det er snakk om at ein må vise til aktiv bruk av skytevåpen ein har i besittelse for at ein skal få behalde lisensen. Korleis skal dette på nokon måte forhindre lovbråt? I dette ligg det ein implisitt påstand som går ut på at ein person som ikkje deltek aktivt er meir trugande til å begå lovbråt enn ein som er aktiv. Denne logiske sluttninga er på grensa til å vere infantil og luktar symbolpolitikk lang veg. Kva om ein er inaktiv fordi ein er student og velgjer å leggje børsa på hylla eit par år? Skal ein då risikere å få den inndratt? Skal det verkeleg vere naudsynt at ein deltek på ei enkel trening berre for å få eit symbolsk stempel og ei underskrift så ein ikkje får børsa inndratt? For eit møl av proformasvada! Eg ser berre ein gyldig grunn for at ein må vere medlem av ein skyttarklubb for å få ervervstillatelse: Ein viser slik sett at ein har kunnskap til å handtere eit skytevåpen med respekt for folk og kulturen rundt skyting. Om ein er aktiv eller ikkje er uviktig. Innaktive er ikkje kriminelle i større grad enn aktive! Det er ei heilt meiningslaus lov. Det verkar som ei desperat handling ein skytevåpenmotstandar har dikta opp som prevantivt tiltak så starten på slutten for skyting kjem igang. Ein kan ikkje forby vekk at nokre forstyrra individ handlar slik ABB gjorde. Ikkje ein gong med totalforbud mot skytevåpen.
×
×
  • Create New...