Jump to content

EirikRF

Members
  • Posts

    48
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by EirikRF

  1. Gratulerer til alle som har fått mår etter nyttår. Ser bra ut. Kva med ein oppdatering på lista.
  2. Kan gje deg eit par tips når det kjem til mår. Til åte kan du bruke alt frå honning, fiken, løk, slakteavfall etter rype, skogsfugl og ekkorn (når du av og til tek dei i fellene.) Eg brukar å koke opp honning (skraphonning frå birøkar eller blomsterhonning, billigaste du får på rema 1000) ilag med malt sterneanis (krydderhylla på butikken) og dyppar så tampongar (first price, 10 kr for 32 stk) ned i gryta. Eg let dei trekke til dei er godt oppsvulma. Deretter lagrar eg dei i ein plastboks for seinare bruk. Når eg henger dei inn i fella så skjerer eg av ei flaske slik at eg har toppen, og gjennom tuten trer eg tråden på tampongen og skrur korken over. Sjølve flaska henger eg opp med tråd eller streng så den henger fint på ein krok. Regn er alltid eit problem her eg bur, så åte må beskyttast, vertfall i starten av sesongen. Har du problem med mus kan du legge åte inn i avskårne ølboksar du stikker masser av hål i. Når du brettar ned kantane på boksane har du løyst problemet med mus. Du kan sjølvsagt henge boksane inn i toppen på ein 1,5 l flaske for å beskytte mot regn som nevnt over. For å få virkelig bra uttelling bør du koke opp honning og ha med på termos så du kan tømme litt på oppgangsstokken til fella. Dette vil gjere underverk. Slakteavfall frå skogsfugl og rype er førsteklasses åte, etter mi meining. Eit par ringar med løk er og ein idé. Når det kjem til luktestoff kan du bruke forskjellige typar. Eg brukar hawbaker's marten lure og sable oil. Hawbaker er avføring og sable oil er ei søt og veldig sterk lukt som kjennest veldig godt. Anbefalar sjølvsagt å bruke belislefeller. Kjøper du Belisle 120 frå jaktfall.no så får du eit dusin for 145 pr. stk. og du slepp frakt. Beste prisen og dei beste fellene spør du meg. Det er fleire gode grunnar for å bruke belisle feller. - Dei veg lite. Når du har fått kassene ut i skogen er det veldig lett å spenne fellene år etter år. - Belisle er ei veldig kraftig felle og kjeftane går heilt saman. Ei 160 felle vil slå både ryggen og nakken på ein mår tvert av. - Du brukar dei i ei kasse slik at du slepp at måren må dra i åte for å utløyse fella. - I ei kasse kan du ha så mykje åte og så stort åte du vil. - Når måren går i fella vert han hengande i lause lufta og du slepp plager med mus som gneg på skinnet, eit problem du ellers får med andre feller. - Dei er enkle å behandle med speed dip eller dye. Du berre spylar dei med høgtrykkspylar, avfettar dei med til dømes rødsprit, lar dei tørke og dyppar/kokar dei og henger dei til tørk i 1 mnd tid om sommaren, så er dei klare når hausten kjem. Du kan sjølvsagt sprayelakke dei, men hugs å bruk grunning og gjer dei skikkelig reine først. Andre feller som Haugen er det vanskelig å vedlikeholde. Kassene kan du feste med spiker, skruer eller streng. Eg lagar alltid til ein kloss eg setter fella på og så hengslar eg lokket så eg lett kan åte på nytt og få fella inn i kassa. Men du treng ikkje det. Eit tips er å lage kassene av 1,2x9,7 cm bord (trur eg) og laske dei saman, då vert dei ikkje så tunge å dra på. Kassene bør vere 35-40 cm lange. Når det gjeld plassering er det avhengig av kva terreng du fangstar i. Eg fangstar på vestlandet. Her har vi høge bratte fjell og nede i dalane er det ofte bebyggelse som skiller områdene til måren av. Når eg setter fellene mine så setter eg ofte to til tre feller slik at eg dekker heile fjellsida over ei rett-opp linje. Lukt vitrar forskjellig alt etter korleis veiret er. På denne måten vil måren kjenne lukt både når lufta stig og når den sig ned i dalen. Andre plassar det er lurt å plassere feller er der det er overgang mellom gran- og bjørkeskog, eller langs elvar og bekkefar eller under knausar og hammrar. Men den beste plassen å sette ei felle er nok der to dalsøkk møtes og måren vert tvinga til å gå forbi til dømes under ein hammar - ein typisk flaskehals der fleire store områder møtes. Eg har 3 slike områder der eg har nokre feller og alle områdene har gitt fangst kvert år. Måren likar stort sett ikkje å gå der det ferdast mykje folk. Har du område der "byfolket" trimmar, sett ikkje fellene der, dei får du ikkje noko i.
  3. Værmlandsk tunnellfelle er nok den som fanger best. Reven er mindre skeptisk når det er åpning i begge endar, seier teorien. Forøvrig kan det vere ein idé å lage utløysarmekanismen litt ulikt den som er vanlig, slik at det blir lettare å få på eit tak på båsen. Her er eit bilde som vart posta i ein tråd i gruppa "Revejakt" på facebook. Eg kjenner ikkje vedkommande, men sia han sjølv postar bilde i ein tråd i ei slik gruppe så går eg ut ifrå at det er greit å linke til bilde. https://www.facebook.com/photo.php?fbid ... 290&type=1
  4. Då vart det ein mår til på meg i dag. Ei tispe på 1,2 kg. Ho magla ei hjørnetann oppe og ei nede og tennene var brune og i dårlig forfattning. Den vart tatt på honningtampong/stjerneanis + honning frå termos på oppgangsstokken, fiken, løk, ekorn, winer pølse, hawbaker's marten lure og sable oil. Fella sto i kanten av eit granfelt oppe i lia mellom fjellet som går opp til 1080 meter og eit vatn som ligg på 225 meter. Typisk vestlande. Så ganske bratt og relativt lite skog med fjellet som naturlege barrierer. Fella var conibear 160, suit slag, veldig bra, men det ser ut til at måren pusta litt etter slaget då tunga hang ut og munnen var vidåpen. Ingen tegn til kloring då, så det tok nok ikkje meir enn eit par min.
  5. Eg har tatt ca 50 % av alle mår i vertikalt oppsett og bruk av conibear-style feller. Det virkar ikkje som eit problem, men det kan vere at ein fangar bedre når fella står på ein skråstilt stokk. Alle fellene mine no står på skråstokk. Eg har eit problem med at mår går rett forbi fellene mine. Det ser ikkje ut som om alle er like begeistra for honning. Etter nyttår skal eg bruke kjøtt og så dynke oppgangsstokken med honning eg har med på termos. Visst ikkje det fungerar, så veit eg ikkje. Skal hive inn noke fiken og. Når det gjelde saka med mus som har laga hål i pelsen, så godtar dei eit hål utan at du får redusert pris. Berre hugs å sy det att når du tørkar skinnet. Halen er ikkje veldig viktig, så vidt eg forstår. Visst musa har gnagd på undersida av halerota, så kan det vere at du greier å skjule det så det ikkje er så tydelig. Det er jo på den sida du sprettar opp halen og flår rundt analåpningen.
  6. Belisle 120 er vel like kraftig som conibear 160, men så har den óg bøyler som går saman. Det er akkurat det problemet er med conibear feller, alt for stor glipe mellom bøylane. Størrelsen har truleg ikkje noko å seie. Eg kjem til å prøve belisle 120 og fungerer det bra så skiftar eg ut alle fellene mine med den.
  7. Då vart det ein mår på meg i dag. Ei tispe på 1,05 kg. Vart 53,5 cm på tana. Tatt med honningtampong/stjerneanis i gammal furuskog. Conibear 120 felle. Når eg kom fram til fella vart eg egentlig mektig forbanna. Måren var i live men hadde perfekt slag over nakken. Den fella er heilt ubrukelig. Heilt ny var den og. Tidlegare har eg kun benytta meg av con 160 og belisle 160, men tenkte eg sku prøve 120 då alle seier den er bra nok. Eg kjem aldri til å bruke 120 noko meir og frarådar alle andre å bruke dei. Eg har aldri før hatt feilslag med ei felle eller tegn på at dei eg har tatt var i live etter at dei gjekk i fellene (åpne auge, ingen kloremerker) og det er noko eg er opptatt av å ungå så godt eg kan. Trur eg skal skifte ut alle med belisle. Der går bøylane heilt ihop og fjærene er kraftige nok til å brekke både ryggen og nakken tvert av. Bilde kjem ein eller anna gong seinare når den er ferdig tørka. Følte ikkje for å ta bilder av seansen i skogen.
  8. Då har eg fått ut 7 feller. I morgon blir det ei til. Så tenkte eg å sette ut 4 stk neste helg. 12 stk til sammen. 5 belisle 160, 6 conibear 160 og ei conibear 120. Tampongar kokt i honning og stjerneanis hengande inni toppen på ei flaske som åte. Hawbaker's Marten lure som lokkemiddel. Fellene er spredt ut over 6 mils avstand oppe i fjellsidene her på vestlande. Dei står stort sett der dalsider møter kvarandre oppe i toppen av granfelt slik at dei må forbi setta når dei går rutene sine. Så får vi sjå om det blir fangst. Eg tippar det er vel 20 stk i område. I fjor tok eg 5 stk, men hadde berre feller på 5 forskjellige plassar, to feller på kver plass, ei høgt i oppe og ei 100-150 meter lenger nede. I år blir det 12 forskjellige plassar, men ei felle på kver plass.
  9. Kva må diametern på røret for mår og mink feller vere på når ein brukar bakkesett? Og kor lange må dei vere? Visst eg hugsar rett så er det 70 mm for mink og 90 mm for mår, men eg hugsar ikkje kor lange røra må vere. Nokon som veit det?
  10. Då har eg behandla 12 feller med speed dip. Manglar berre å bygge 2 kasser og fore inn rundt om der 10 av kassene mine står. Det her blir kjekt.
  11. Eg koka honningen, fyller oppi ein pose med stjerneanis og så lar eg tampongar (first price er billig) ligge og trekke i oppkoket til dei svulmar opp. Tampongane lagra eg dertetter i ei plastkasse med lokk eg har kjøpt på biltema. Når eg henge dei opp så trekker eg tråden gjennom korken på ei flaske eg har skåre toppen av på. Når du skrur korken over tråden så henger den fint under utan at regn og snø har noko spesielt å seie. Det er no min måte. Det er sikkert dei som gjere det på andre måtar. Men her på vestlandet regna da jo støtt. Flaske-trikset er naudsynt her, etter mi meining.
  12. Korleis stiller dei forskjellige politiske partia her i lande seg til spørsmål vedrørande våpenhald som til dømes den nye våpenlova, halvautomatiske våpen, behovsprøving, jaktvåpengarderobe, aktivitetskrav, magasinkapasitet, magasinregistrering, reduksjon av våpen i samf., forbud mot spesielle kaliber etc. Eg har vertfall fått for øyre at Venstre vil gå inn for eit totalforbud mot halvautomatiske skytevåpen. Litt rart at det kjem frå eit sjølvutnevnt liberalistisk parti. Eskil Pedersen har sagt han ynskjer forbud mot halvautomatiske skytevåpen. Eg vil gjerne finne ut kor partia står i forhold til våpen i samfunnet før eg velgjer kva eg skal stemme.
  13. Angåande dømet med sauer 200 med ekstra løp og stokk vs. søknad om ny børse i 308. Det er kanskje ikkje alltid praktisk å skifte løp, stokk og montere kikkert og alt det som følger med den eine dagen for så skifte tilbake for trening den neste. Visst ein jegar velger å gjere det, blir det opp til vedkommanede å avgjere om det er verdt det. Det bør ikkje vere styresmaktene som påkrever at ein gjere det når saueren i utgangspunktet var tiltenkt som konkurransevåpen.
  14. hassel: Det er greit at argumentet ikkje er gyldig fordi eg ikkje forhelde meg til jaktvåpengarderoben. Men før den vart innført var det eit gyldig argument og jaktvåpengarderoben vart ikkje innført for å forhindre at folk ervervar seg ein bråte med våpen ved å spesifiserer ein spesiel type jakt. Den vart innført for å gjere arbeidet lettare for politiet, som du seier. Før jaktvåpengarderoben vart innført kunne folk bruke politiets vedtekt/våpensøknad mot politiet for å få fleire våpen. Ikkje heilt etter politiets eigne intensjonar vil eg tru. Politiet gav sjølv blanke i den underskrifta og det ein førte opp som bruksområde. Burde ikkje ein slik sedvane gjelde begge vegar? Meinar du at alle som førte opp rypejakt når dei erverva hagle før jaktvåpengarderoben kom, begikk lovbrudd når dei brukte hagla på storfugl? Eg har aldri høyrt om at nokon har fått pes av politiet for det. Sedvana har vel vore at ein brukar jaktvåpena på jakt der det er tillatt å bruke dei. Kvifor er det då så gale å bruke DFS saueren på hjortejakt? Visst det er eit lovbrudd å bruke DFS saueren på hjort, så var det vel eit like alvorlig lovbrudd å bruke rypehagla på storfugl før jaktvåpengarderoben kom? I så tilfelle er det mange titals tusen personar her i landet som skulle fått våpena sine inndratt tilbake i 1999, men politiet brydde seg ikkje. Kvifor skal ein då tru at dei bryr seg noko meir om at ein brukar DFS saueren? Dette er vel samanlignbart med ein sovande paragraf?
  15. Eg vil ikkje seie at eg har argumentert for det. Eg skreiv: "så kan kvermann erverve seg 20 våpen med det grunnlag at ein ikkje har lov å bruke rypehagla på storfugl etc." Visst ein ikkje har lov til å bruke rypehagla på storfugl, betyr det at ein må erverve eit nytt skytevåpen til bruk på storfugl sjølv om våpenet ein brukar på rype òg er det skytevåpenet som er best egna til bruk på storfugl. Det betyr ikkje at eg argumenterar for at eit skytevåpen ein brukar på rype alltid er det best egna skytevåpenet til bruk på storfugl. Det betyr berre at ein har mulighet til å bruke det på storfugl fordi det er egna. Det kan til dømes vere at eg har ei hagle i kaliber 20 til bruk på rype og ynskjer ei hagle i kaliber 12 til bruk på storfugl. Eg bør fortsatt få lov til å bruke 20 kaliber hagla på storfugl i det eg går ned frå fjellet og møter på ein. Arbeidsgivaren min forbyr meg ikkje å slå inn spikar med øks fordi eg har hammar. Han seier heller ikkje at øksa er bra nok, så derfor treng eg ikkje ein hammar. Det første bør du jobbe med å få inn i loven. Det andre er det politiet driv med. Eg har ikkje argumentert for at ein ikkje treng hammar fordi ein har øks. Eg argumenterte for at sedvane, slik det er no med tanke på at ein berre kan bruke redskapen på det ein har ført opp som bruksområde, gir meg rett og plikt til å erverve 20 like hamrar der eg brukar ein på stendarverk og ein anna på kledning etc. To forskjellige ting. Det var ikkje intensjonen med å spessifisere bruksområde, går eg ut ifrå? Ja, eg veit at jaktvåpengarderoben skulle forenkle dette slik at eg kan bruke alle jaktvåpena mine på jakt forutsitt at det er lovlig å bruke dei med tanke på kaliber etc. Men kvifor blir jaktvåpen og konkurransevåpen behandla forskjellig? Eg kan ikkje sjå at det er hjemmel i loven for dette eller jaktvåpengarderobe. Dei kan like gjerne stryke heile jaktvåpengarderoben. Den har blitt til meir belastning enn hjelp.
  16. Det Chiefen.v2 sa. Visst vi berre kan bruke skytevåpenet til det vi har skrivi opp på våpensøknaden, så kan kvermann erverve seg 20 våpen med det grunnlag at ein ikkje har lov å bruke rypehagla på storfugl etc. Det var aldri intensjonen. Intensjonen var å sørgje for at du ikkje brukar det ulovlig. Dette er heilt feil tolkning etter mi meining. Ein kan bruke skytevåpenet på alt det er lovleg å bruke det på, men ein må bruke det på det ein har skrivi på våpensøknaden i tillegg for å oppretthalde ervervsgrunnlaget.
  17. Problemet er at dette vil gjøre Jaktgarderoben meningsløs. Da blir fort som Hassel skriver, til at jaktgarderoben blir gjort om til en våpengarderobe..... Eg er enig i det. Jaktvåpengarderoben er meiningslaus. Eg er av den formeining at formålet med den er å forenkle søknadsprosessen for den vanlige jegaren og forenkle behandlinga av søknaden når den kjem politiet i hendene. Men tragisk som det er, har det blitt slik at jaktvåpengarderoben er blitt de facto lov og sedvane. Ingen får fleire enn 6 jaktvåpen. Dette må forandrast på. Visst vi får etablert at jaktvåpengarderoben er ei lov som gir tillatelse-utan-nærare-grunngjeving, ikkje eit maks tal på skytevåpen jegaren kan eige gjennom forskrift, så er den nøytralisert. Politiet brukar jaktvåpengarderoben til å rettferdiggjere noko dei ikkje har rett til. Dette er eit prakteksempel på ostehøvel-mentalitet. Det var det same med medlemskap i skyttarklubb. Først var det noko skyttarar og politikarane slukte utan protest då det sytte for at dei som brukte skytevåpen hadde den rette opplæringa. Og bra var det. Deretter gjekk det over til å bety at du ikkje er skikka til å eige skytevåpen når du er innaktiv, og til slutt at du manglar eit gyldig behov når du er innaktiv. Dei kjem til å vri på dette med jaktvåpengarderobe på same måte så det passar agendaen dei har medan alle sit og godtar at dei rundar alle hjørna på rettane våre. Tek dei for mykje på ein gong blir det ramaskrik. Dette jaktvåpengarderobe-tullet er eit godt døme på dette. Forøvrig kan eg ikkje forstå at det er så lite motstand mot behovsprøving her på forumet. Visst du har vist at du kan bruke skytevåpenet på ein ansvarlig måte og det er privat eigedom, kvifor skal nokon då ha rett til å ta det frå deg? Visst det er fordi det er farlig så burde du aldri fått lov til å erverve det i utgansgspunktet. Det finst ikkje eit einaste godt argument for at du ikkje skal få beholde skytevåpen du har erverva, uavhengig av aktivitet, visst skytevåpen først skal vere lovlige her til lands. Janus-ansikt politikk.
  18. Det lovteksten burde spesifisere er følgande: Skytevåpen erverva for bruk på jakt kan brukast på jakt eller til konkurranse visst skytevåpenet er egna. Skytevåpen erverva for bruk til konkurranse kan brukast til konkurranse eller til jakt visst skytevåpenet er egna. Jaktvåpengarderoben burde vere det talet på våpen du kan erverve utan å spesifisere bruksområde. Det burde ikkje vere eit problem å erverve våpen ut over jaktgarderoben visst ein kjem med grunngjeving. Gyldig grunngjeving brude vere kaliber, størrelsen på dyret ein jaktar, vekt på våpen, jaktform, terreng/miljø og treining. Visst eg vil ha tung rifle for gåsejakt og lett rifle i same kaliber for toppjakt, så bør det vere bra nok grunngjeving. Visst eg vil ha kombi for rådyr, så bør det vere bra nok grunngjeving. Visst eg vil ha grovkalibra rifle for elg og .308 win for hjort, så bør det vere bra nok grunngjeving. Visst eg vil ha ei grovkalibra rifle i eit flattskytande kaliber til bø-jakt og Tikka T3 til jag, så bør det vere grunn bra nok. Vil eg ha ei halvauto til villsvinjakt bør det vere grunn bra nok. Eller ein sideliggar så eg kan kle med opp i klassisk engelsk stil og skyte hare, så bør det vere bra nok, sjølv om eg har o/u hagle eg brukar på rype og skogsfugl og halvauto eg brukar på ender, samt ei billig pumpe for bruk på sjøen det ikkje er så nøye med når det kjem til rust. Visst ikkje lovteksten sørgjer for dette, så er den elendig og lite gjennomtenkt og tjenar ikkje til anna formål enn å stikke kjeppar i hjula for jegarar. POD burde heller ikkje ha noko med lovarbeidet å gjere. Den praksisen vi har her til lands er kun ein bannanrepublikk verdig. Utøvande makt SKAL ikkje utforme lover, ei heller komme med anbefalingar når nye lover utredast. At ikkje journalistar tek tak i dette er mildt sagt hårreisande.
  19. Takk for svar. Etter litt grubling kom eg fram til det KBee har skrivi. Einaste eg lurer på no er kva All under "lyshet" betyr. Men det er ikkje så nøye.
  20. I dag fekk eg salgsrapport frå Oslo Skinnauksjoner. Eg kan ikkje seie at eg forstår så mykje av dei prosentane som står i skrivet. Eg skjønnar at eg har levert 5 skinn, eit skinn i str 2, 3 og 5 og 2 stk i str 4. Men bortsett frå det så skjønnar eg ikkje så mykje av tala. Gjennomsnittsprisen var på 690 kr. Men eg trur den reelle prisen var noko høgare då det største skinnet var dårleg. Kan nokon forklare? Kva betyr dei prosentane under Auksjon %? Kva betyr kvalitet l? Kvifor blir "Størrelse" 82 % tilsammen medan den delen ang. "Lyshet" berre blir 65 %? Eg sitte her som eit stort spørsmålsteikn. I brevet står følgande: Størrelse |Konto % |Auksjon % | Kvalitet | 2..........|20.......|4...........|l 3..........|20.......|29 4..........|40.......|34 5..........|20 ......|15 Videre står det: Lyshet |Konto % |Auksjon % Dark...|40.......|29 Pale....|20.......|4 All......|40.......|32 Renhet............|Konto % |Auksjon % Colour1/Colour 2 |100.....|83
  21. Kammermusikk. Du kan stort sett kjenna at den har penisbein. Gratulerer med fangs
  22. Skal vi sjå. Her har vi nokre bilder for dei som lika det.
  23. Var vel labrador bigland på youtube som fekk $650 for 1 marten. Ser fram til å sjå kva vi får for våre her i norge. Skal høre med han om han har bilder og informasjon om skinne.
  24. Kva type plastkasser er det der?
  25. Fekk ein mår til i dag. Ein hannmår på 1160 gram. Flanged: Eg brukte speed dip i september ein gong. Dei hang til tørk fram til eg sat dei opp, og vi hadde ganske varmt vêir her i haust. Eg tvilar på at det er grunnen no når eg har tatt mår i fellene. Eg har kanskje brukt litt lite åte. Ein eller to tampongar kokt i honning og stjerneanis er kanskje litt lite. Dei hang inne i toppen på ei avkappa brusflaske inne i kassene for å beskytte dei mot regn. Det regna ganske kraftig i begynnelsen av november her eg bur. Fram til no har eg brukt relativt små kjøttåte. Etter nyttår skal eg dele opp nokre ekorn eg har og henge dei inn i fellene ilag med 3 tampongar med honning. Kor mange delar høgg de ekorna opp i? 3-4? I tillegg til det skal eg henge opp rypevinger i trea fellene henge på som innflagging. Lurer òg på å dynke oppgangstokken til fellene med honningoppkok eg tek med på ein termos, eller blod frå slakteriet om eg får fat på det. Har og ein heil pose med småfjær etter skogsfugl og rype eg skal spre utover rundt fellene. Eg brukar og hawbaker marten lure eller kva det heiter. Ei avkappa brusflaske og ein q-tip hengande inni/under med luktestoffet på like utafor fella. Har òg aure liggande eg har tenkt å bruke. Er det nokon her som har tatt mår på berre fiskeåte?
×
×
  • Create New...