Jump to content

cortinaman

Members
  • Posts

    67
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by cortinaman

  1. Jeg har nå kjøpt meg røykeagregat så jeg fyrer i det rusfrie agregatet på utsia av røykeriet og ei vanlig akvariepumpe sørger for at kald røyk kommer rett inn. Fyller jeg røret brenner det i syv timer. Agregatet kosta 1700.- komplett og er en fantastisk og lettvint oppfinnelse.. Husker ikke adressen hvor jeg kjøpte, men det kan jeg nok finne om det er interesse for det.

     

    Om ikkje du finn adressa kunne det i alle fall vera interessant å få vite merke/modell.

    Har du bilder av oppsettet ditt?

  2. Og hugsa at eg på ingen måte har sagt at vi "må" ha ein småviltprøve, var berre meint som ein tanke til diskusjon.

     

    Ja, det har kome fleire gode innlegg på å ikkje innføre småviltprøve mykje pga 22LR og avgrensingane dens. Kva med gjess, rev, hare, skogsfugl osb.. Har de nokre tankar her ?

     

    Om vi ser bort frå at premissa for diskusjonen er feil (hensikta med storviltprøven) innrømmer du her eit viktig moment for at ei skyteprøve for småvilt blir vanskeleg å gjennomføra. Først ville du at skyteprøve kun skulle gjelda for eit lite mindretal som brukar rifle. Nå ser du at det ikkje er praktisk for alle rifler heller så kanskje det må enno meir diffrensiering til. Skyteprøve for småviltrifler med praktisk rekkevidde over 100 meter? Korleis definerer ein praktisk rekkevidde? Kva med dei som ladar ned ammunisjon? Eller vil du skilje på kaliber? Kor mange jegarar står du att med når du har fått snevra inn utvalget til å passe? Kor liten del av småviltjegrane er dette? Du ser vel sjølv at dette blir heilt meiningslaust?

     

    Den viktigaste grunnen til at der er eit dårleg forslag synest eg likevel er dette: Forslaget hadde hatt forsvinnande liten innvirknad på omfanget av skadeskyting av småvilt. Dermed er snakk om ein ny papirregel uten praktisk betydning, kun irritasjon og ulemper.

     

    Bakgrunnen for at du åpna emnet er etter det eg forstår at du meiner småvilt er like etisk verdifullt som storvilt. Det er ein interessant diskusjon. Dessverre var det ikkje den diskusjonen du la opp til.

     

    Du poengterte til og med at du kun var opptatt av skadeskyting med rifle. Kvifor det? Spesielt når rifle i liten grad blir brukt til småvilt? Er det ikkje småviltet du er opptatt av likevel?

     

    Om så var burde du heller føreslått obligatorisk TRENING både for rifle og hagle, ikkje obligatorisk prøve.

  3. Så det eigentlege motivet er altså at du øsker bedre skyttarar. Eit nobelt ønske, men då er samanlikning med storviltprøven ikkje relevant. Den er så vidt meg bekjent tiltenkt å kontrollere våpen/siktemiddel, ikkje skyttar.

     

    Det er vel ikke skummelt å trene? Samme om det gjelder rifle eller hagle, i det ene eller andre kaliberet.

     

    Eg kan ikkje sjå at eg har hevda det er skummelt å trene, viss du greier å lese det ut fra innlegget mitt er du i overkant ivrig på å skape konflikt.

     

    Det eg derimot har hevda er at storviltprøva primært var tiltrnkt somer kontroll av utstyr då den blei innført.

     

    At det seinare har spredd seg ei misoppfatning av at det er kontroll av skytter fører til slike debattar som vi ser i denne tråden.

     

    Storviltprøven er ikkje spesielt vanskeleg, men ja: den vil so bi-effekt luke ut dei som er heilt håplause.

     

    Den er heller ikkje særleg realistisk med tanke på jaktsituasjon.

     

    Trening er bra, la det ikkje vera nokon tvil om det! Småvilt skal også ha respekt, ingen tvil om det heller.

     

    Men det hjelper ikkje å blande korta og innføre fleire reglar, vi har alt for mange reglar i landet slik det er.

     

    Eg trur vi er langt betre tjent med ei nøktern vurdering av årsaker til skadeskyting framfor å ha blind tiltru til at byråkratiet skal redde oss.

     

    Eg vil tru at dei fleste skadeskytingar med rifle skuldast feil virdering, ikkje mangel på skyteferdigheiter. Skal vi innføra ein paragraf om vurdering i felt?

  4. Nå er vel storviltprøven mer en måte å tvinge jegerene til å ta i børsa før jakta enn en ferdighetsprøve.

     

    Strengt tatt er det vel ingen av delene, det er ein kontroll av at siktemiddel fungerer og er innskoten med jaktammunisjon på det våpenindividet ein har til hensikt å bruke på jakt. Kvifor ellers skulle våpennummer bli oppført på jegerbeviset?

     

    Dei 30 prøveskota derimot, ja dei er for å tvinge folk til å kjæle litt med muskedunderen før jakta.

     

    TS sitt spørsmål er vel såleis knytta til det etiske i at siktemiddel ikkje treng kontrollerast for småviltjakt. Er skadeskyting av småvilt etisk sett mindre problematisk? Den enkle forklaringa er nok at ein ikkje var så opptatt av slike spørsmål når ordninga blei innført.

     

    Om det er hensiksmessig å innføre ordninga for småvilt også? Eg trur ikkje det. Det meste av småviltjakta blir utført med hagle uten justerbare siktemiddel.

     

    La oss ikkje blåse dette opp, det er ingen tjent med.

     

    End of discussion!

  5. Gryte med hjortelever, hjortekjøt, bacon og diverse grønnsaker står alltid på menyen, den pleier vare i to dager.

    Røykt middagspølse av hjort er som oftast også planlagt for to dagar.

    Uten kjøleskap torer eg ikkje ha med meir ferskvarer, så da er det på tide å dra til bygdars for å handle inn til resten av jakta.

    Fårikål varer også to-tre dager, den er best andre og tredje dagen.

    I tillegg blir det spedd på med fisk og diverse anna.

  6. Av typen vanleg kniv med ca centimeterstor fordjupning på ryggen. Noko liknande som denne:

     

    Master_Hunter_Plus_San_Mai_III_37.jpg

     

    Ser for meg eit rundt bryne og har funne nokre alternativ, bl. a. Spyderco. Men kjekt å høre hvilke erfaringer andre har.

     

    Likte den fra Biltema ut fra bildet, må sjå nermare på den. Som julegave blir den nok litt billeg, men kan jo alltids finna ei anna gave i tillegg.

  7. Nokon som har prøvd med asiatisk vri?

    Har sett at koriander ofte blir brukt for dette føremålet, men har ikkje særleg til overs for koriander sjølv.

     

    Andre forslag eller erfaring?

    Chili, ingefærpulver, sitrongraspasta, kaffer lime blad?

  8. Ja det kan sjå slik ut....

     

    Men sant å sei hadde eg også tenkt å moderere forslaget etter at kammerfolket fekk tygd litt på det.

    Av og til kan det vera ganske nyttig å setje ting på spissen, ja endå til framføre meiningar som ligg utanfor det ein strengt tatt står for. Sånn for å få andre til å tenke gjennom sakea frå fleire innfallsvinklar og såleis trekke opp sine eigne grenser. Den andre ekstremiteten var jo allereie presentert, nemleg å trekke på skuldrene.

  9. Herregud, ikke rart det er krig i verden... :oops:

     

    Jeg synes du skal kjøre saken helt til høyesterett, og hvis ikke det hjelper går du videre til Strasbourg. Bruk masse kapasitet i rettsvesenet, de har ikke noe viktig å ta seg til allikevel. Eller kanskje rett og slett drite i det og bruke energien din på noe positivt.

     

    Hehe, litt humor må man jo kunne unne seg ein onsdags kveld.

     

    Sjølv hadde eg nok ikkje fulgt sporet heilt ut, men eg hadde nok tatt kontakt med selgar å mint han på at avtalen er rettsleg bindande. Vidare hadde eg truleg gitt referanse til lovverket og KANSKJE påpeikt hvilke rettsinstansar som handterer slike saker. Viss det ikkje hadde ført fram hadde eg nok latt det ligge.

     

    TS har uansett nytte av å kjenne lovverket.

  10. Krikkert har servert fasit nokre poster lenger opp.

     

    Send ein vennleg epost til selger der du minner om at dere har ein bindande avtale.

    Så opplyser du om at han ikkje kan oppfylle sin del av avtalen er han pliktig å utbetale dekningbidrag som tilsvarer differansen mot det du må betale for tilsvarande våpen andre plasser, fortsatt i vennlege ordelag. Så avslutter du med referanse til lovverk der dette står ( kanskje Krikkert kan hjelpe igjen? ).

     

    Viss dette ikkje fører fram kan du velge om du vil la svinet sleppe unna med det eller om du vil ta jobben med å vise han konsekvensane av sine ynkelege handlinger. Så pass drittsekk har du lov å vera.

  11. Du kaster ting i søpla nesten hver eneste dag som gir en totalt fremmed like store muligheter til å svindle deg ... en totalt fremmed kan sjekke postkassa di hver dag før du kommer hjem og antagelig finne nok til å svindle deg, et brev fra banken etc etc ... har du låst den?

     

    Postkassa er låst ja, og alle konvolutter og brev går i ovnen nettop med hensyn til slike problemstillinger. Av papir er det kun aviser og uadressert reklame som for lov å havne i bosset.

     

    Avfall og postkasse har ein jo kontroll på sjølv, det har ein ikkje med papir ein leverer frå seg til folk ein ikkje kjenner bakgrunnen til og dermed ikkje har grunn til å stole på.

     

    Kan vera einig i at risikoen er lav, men prinsipielt er det like fullt ein risiko. Ein risiko vi velger å akseptere i mangel på alternativ.

  12. Har ikkje så mykje erfaring med store jaktlag, men eg biter meg merke i gode forslag her. Skytetrening under varierande forhold er bra, mengdetrening også sjølvsagt. Men eg trur ikkje storviltprøven er ein relevant parameter, den er jo først og fremst tenkt som ei stadfesting på at våpen og siktemiddel fungerer, og ikkje egna til å vurdere skyttaren sine jegerferdigheiter.

  13. Sjølvsagt er det lov å eige, det er jo lov å kjøpe. Bruke derimot, det er ei anna skål. Det veit dei fleste av oss som jegarar, men eg vil fortsatt hevde at det er begrensa almennkunnskap akkurat på dette feltet. Tvilar også på at særleg mange kjenner til betydninga av utropstegn bak CE merket, for eigen del er dette første gangen eg har høyrt om dette.

     

    Samanlikninga med våpen er heller ikkje særleg fornuftig då våpen ikkje er fritt tilgjengeleg pver disk.

     

    Så då har vi ein situasjon der NJFF betalar lisens for desse frekvensane utan å ha reell kontroll på bruken av samme. Det utstyret som er lovleg å bruka på desse frekvensane blir programmert av leverandør og markedsført som jaktradio med betalt lisens, alt vel så langt. Men det finst altså lovleg omsette produkt som ikkje er lov å bruka fullt ut utan at brukar nødvendigvis er bevisst på dette. Nokon av desse radioane blir til og med markedsført som "Ypperleg til jaktradio", men er ikkje lov å brukast til det formålet, i beste fall villedande marknadsføring. NJFF som rettigheitshavar er utan både kontrollmekanismar og verkemiddel, myndigheiter utøver heller ikkje denne funksjonen sidan dei tillet at utstyret vert omsatt lovleg over disk. I praksis kan ein derfor sjå på dette som delvis åpne frekvensar, sjølv om regelverket ikkje tillet fri bruk.

     

    NJFF betalar i praksis altså ikkje for for restriksjon av desse frekvensane, dei betalar for at frekvensane er åpne. No meiner eg likevel det er fornuftig at NJFF eller andre interesseorganisasjonar for jakt opprettheld lisensensen. Det vil i det minste hindre at frekvensane blir auksjonert bort eller tatt i bruk til andre lukka føremål.

  14. Disse får man levert på døra til under 500kr. Så langt har den fungert helt ok med bra batterikapasitet. http://www.409shop.com/409shop_product.php?id=108974
    Med dagens kurs så koster disse 260.19 levert på døren...? E det mulig? Har du den som det er linket til Rufus?

    edit; harkkje tid å vente- bestilte en. Kom på 267 kroner :lol:

    Den er ikke lovlig brukt som jaktradio! I tillegg til at den er midt i radioamatørbåndet, så har den stillbare frekvenser som bare radioamatører har lov til å bruke. Det skal være kanaler med ferdigprogrammerte frekvenser på en jaktradio. Altså en radio med vfo er ikke lovlig som jaktradio.

    Vet jo selvfølgelig at mange synder her, og som nevnt tidligere i tråden her så betaler tross alt NJFF en betydelig sum til P.T. for leie av jaktfrekvensene.

     

    Eit interessant spørsmål er kva NJFF faktisk betaler for, kva får dei igjen for pengane?

    Betaler dei for at alt utstyr som bli seld i Norge og kan bruke jaktfrekvensane skal registrerast og krevjast avgift for?

    Eller betaler dei for at frekvensane er reservert for jaktbruk, altså at dei ikkje blir auksjonert bort til anna bruk?

     

    Hvis me ser bort frå radioar frå 409shop.com og dx.com så er jo tydelegvis åpne radioar lovleg tilgjengeleg også i Norge, gjennom seriøse forhandlarar.

     

    Om eg som forbrukar kjøper eit produkt for eksempel på Elkjøp kan ein ikkje forvente at eg skal ha oversikt over hvilke frekvensar eg ikkje har lov å bruka, det må butikken fortelja meg i så fall. Det kan heller ikkje forventast at eg veit det skal betalast lisens, det må også butikken fortelja meg. Det er ikkje ein gong sikkert eg har høyrt om jaktradio. Ein kan rekne med at eg har høyrt om politiradio, men som forbrukar vil eg jo gå ut frå at produktet er sperra for dei frekvensane (og andre begrensa frekvensar).

     

    Når eg kjøper eit produkt lovleg vil eg ta i bruk dei eigenskapane som bruksanvisninga opplyser meg om. Korleis kan vi forventa at eg, Hansen i gata eller Jørgen på hjørnet veit at ein VFO radio som er kjøpt lovleg ikkje er lov å bruke på alle frekvensane den tilbyr?

     

    Så kva betalar NJFF for hvis det ikkje er eit system som fangar opp dette?

  15. Hei, har nå lyst å kjøpe meg rifle. Denne skal da brukes til storvilt og gås, men jeg har også lyst til å prøve meg litt på langholdskyting da kompissene mine driver litt med dette. Hvilket kaliber bør jeg satse på? Hvilket merke ? Jeg ønsker å kjøpe en rifle inkl. optikk for rundt 15.000, er student så har nok ikke råd til så mye mer enn det.

     

    Tusen takk for svar !: )

     

    Ser du har fått mange råd om ulike fabrikat.

     

    Tenkte derfor eg kan nevne nokon moment å tenke på ut over fabrikat.

     

    Optikk er like viktig som våpen. Bruktmarkedet er din venn for begge deler.

     

    Skyter du med hagle fra før eller reknar du med å jakte med hagle seinare?

    I så fall kan det vera verdt å vurdere ei rifle med sikring på kolbehalsen. Ikkje høyr på dei som seier at du venner deg til andre typer sikring uten nevneverdige problem. Ja du venner deg nok til det, men i ein travel situasjon opererer fingrane etter ryggmarksrefleksen, det du er mest vant med. Irriterande å gå glipp av ein situasjon fordi ein fomlar med sikringen. Ikkje høyr på dei som kjem til å gi meg pepper for dette heller! :D

     

    Eit dårleg avtrekk kan bli bedre etter ein runde hos børsemaker, men jo bedre utgangspunkt jo bedre sluttresultat. Avtrekk er viktig!

     

    Ligg unna våpen der bolten kjennest ut som den går i sand, smør er det du er ute etter.

     

    Ein dårleg stokk kan bytast ut, så ikkje sjå deg blind på den som sit på våpenet sjølv om det beste sjølvsagt er eit våpen med bra stokk i utgangspunktet. Rett kolbe er ikkje spesielt gunstig i kombinasjon med kikkertsikte, betre å finna ein Monte Carlo stokk med kinnstøtte som løfter auga opp til ein naturleg posisjon for kikkerten.

     

    Ignorer åpne sikter, det er irrelevant eller enda til negativt da det kan komplisere lyddemper om det skulle bli aktuelt. Og det blir det før eller seinare :)

     

    Kaliber er ikkje avgjerande med mindre du har spesielle behov. 308 er bra, 30-06 er bra, men 6,5x55 er kanskje bedre hvis du vurderer gås og annan fuglejakt.

     

    Uansett om du kjøper nytt eller brukt så ta ein tur til børsemakar for bedding og trimming av avtrekk.

     

    Lykke til!

  16. Ser det er mange fine konstruksjoner av røkeovner og røkehus her.

    For hjemmebruk kan man kaldrøke veldig enkelt. Det er nok med en trekasse, eller pappeske om man vil. Samt en brødform. Det er alt. og rist til å legge fisk eller kjøtt på.

    Trikset er å fylle en brødform med røkespon, helle på noen dråper rødsprit i den ene enden og tenne på. når spriten slukker har man gløding i sponet, og det eter seg sakte bortover.

    Dette utvikler røk i 10 timer og ubetydelig varme.

    Våre danske venner bruker dette endel.

    Legger inn en link her http://www.roegeovnens-venner.dk/

     

    Brødformtrikset høyrest så enkelt ut at til og med eg kan greie det! :D

     

    Seriøst, har kikka på ulike løysingar i det siste, men dette er særs tiltalande sidan det er særdeles portabelt og enkelt å bruke på terasse.

     

    Spørsmål: kor fint røykespon bruker du? Sagflis eller høvelspon? Tørt spon?

×
×
  • Create New...