Jump to content

Lindy

Members
  • Posts

    76
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Lindy

  1. Klubben eg er medlem i jobbar med å skaffe nye klubbvåpen. Eg har leita litt, og ikkje funne ein tråd som omhandlar dette. Set pris på link om eg ikkje har søkt godt nok.

     

    Så langt vi har sett må ein stille følgande krav :

    - robust, tåle mykje og like flest typar ammo

    - unngå anatomisk skjefte, men likevel eit godt skjefte

    - .22 er mest aktuelt for oss

    - presis nok til standardpistol mm

    - stillbare sikter

    - tåle tørravtrekk til trening mm

     

    Eg tenkte at browning buckmark og hammerli e-xesse er aktuelle, men så langt er det vel ein ruger mk III som er den som fyller krava best (den som tåler tørravtrekk best). Vi trur vi ønskar ein type pistol i første omgang, får tenke på fleire seinare. Er det andre moment vi må tenke på ? Andre pistolar som er aktuelle ?

     

    Set stor pris på tilbakemelding.

  2. Eg er i same situasjon som deg. Dessverre har eg ikkje moglegheit for personleg trenar der eg bur. Her må eg lære alt sjølv, dessverre med moglegheit for å lære inn mange feil .

    Eg har skaffa den aktuelle boka, og kan anbefale den sterkt. Ved å analysere skotet, lære og automatisere dei enkelte delar og føre loggbok har resultata vorte mykje betre. Også eg trener så mykje som mogleg med luft for å luke ut feil i avtrekk, sikte mm + at eg kan trene heime. Så les boka, trur den vil gjere underverk.

     

    (Ikkje sikkert at dette var nyttig info, men ville berre streke under at vi er fleire som er 30 ++ som ønskar å treffe sentrum med .22 og selvfølgelig skyte 600 i standardpistol) :lol:

  3. Vi jobbar som spurt om i eit tidlegare innlegg med elektroniske skiver. Dette ligg grunna økonomi litt fram i tid. Inntil vidare nyttar vi papir, og vi har idag ei 15 m bane. Både hurtigskive og presisjonsskive i pistol skal då vere 0,6 gongar storleike på vanleg skive for at vi skal kunne trene reelt. Eg har leita litt men ikkje funne noko plass som sel desse tilpassa skivene. Pr idag tilpassar vi og skriv ut/kopierer, men prisen er litt høg. Coltskiver vert faktisk for små, og om vi skal drive reell konkurransetrening er vel dei ikkje bra nok. EG har ikkje funne noko tråd med løysinga, dersom slik finnast set eg pris på link. Evt link til noko som sel slike skiver

  4. Klubben min jobbar litt med å få på plass elektriske skiver. Så langt har eg prøvd å setje meg inn i KME, Megalink, og ser også at Sius ASCOR er mogleg å nytte. Er det nokon som har erfaring med kva som er best og billegast i drift. Har prøvd å søke litt, men ikkje funne trådar som passer. Dersom slike finnast legg gjerne med ein link.

  5. Eg tilrår deg å lese boka Sikt mot toppen. Det er det svært mykje bra, mellom anna mykje god informasjon og teori bak sikting. Faktisk er det ideelle å sikte sentrert, ikkje rullande, men dette krev relativt breie korn. Nest best vert då sikte rullande. Men det som går igjen gjennom heile boka er ei kort setning : FOKUS PÅ KORNET. Alt anna du gjer som stilling, posisjon, grep, løft, hold , avtrekk, etterhold mm skal vere automatisk. Det einaste ein skal vere medviten om er FOKUS PÅ KORNET. Trening skal gjere at det andre går av seg sjølv. Faktisk nemner han at ein kan flytte kornet nærare skuret for å få mindre skjelving, men uansett er maksimal presisjon det du får med maks avstand mellom korn og skur, og FOKUS PÅ KORNET. SÅ er det berre å trene fysisk styrke, mental styrke og klikk/tørrtrening. Ja , så for streke under det eg har lest siste par vekene : FOKUS PÅ KORNET.

     

    (er forøvring veldig fersk, men dette har faktisk gjeve gode resultat. Det eg sjølv jobbar med for tida er å sikte godt nok med begge auger åpne, men det gjekk det og etter ca 50 skot. Då var eg like god eller dårleg som med eit lukka ).

  6. Eg fekk ei fantastisk bok til jul : Sikt mot toppen av Svingen. Så no ser eg at kornet som sit frampå min Buckmark er for smalt. Tok kontakt med Intersport , men har førebels ikkje fått tilbakemelding. Er det noko som kjenner til om dette er å få kjøpt. Har leita litt på sidene til Browning med delelister, men er førebels like klok. :oops:

  7. Eg driv relativt aktivt med pistolsskyting, og tenker også på å skyte litt med rifle. Er nok ingen jeger, men vil nok moglegvis jobbe meg innanfor DFS-systemet. Førebels er vel ein Sauer STR 200 uaktuelt, men eg kunne tenkt meg ein relativt rimeleg og presis salongrifle som passar til vaksen. Dette for å trene meg opp. Eg har sett ein god del på ulike våpen, og går nok for ei bolt-rifle. Det eg er litt uviss på er kva skjefte eg bør satse på. Dei som driv seriøst både i .22 og andre kaliber på bane verkar å ha våpen med pistolgrep . Mange som vert tilrådd td på cz , ruger mm har ikkje dette. Har dette noko å seie, bør eg bruke såpass mykje at eg får eit slikt våpen ? Det eg lurer på er altså om eg bør tenke på kva type skjefte som sit på våpenet, slik at eg evt slepp å kjøpe meg nytt om kort tid.

    Har prøvd å søke litt utan å komme fram, dersom dette allereie er diskutert set eg stor pris på om noko legg ut ein link til denne diskusjonen

  8. Tørrtrening er viktig etter det eg ser, og sidan eg nyttar pistol i .22lr må eg vel nytte dette kaliber. Eg har kjøpt ei type snap cap som må matast ein og ein , noko som er litt problematisk på min buckmark når ein skal få flyt i treninga. Har ein alu-type ,men den skal kun nyttast til magasintrening, ikkje til avtrekk. Nokon gode råd om kva eg kan kjøpe, evt lage sjølv ? Har prøvd å søke, men ikkje funne fram. Set pris på evt linkar.

  9. Gratulerer. Eg testa idag min Buckmark URX og fekk beste serie på 49 !! Skulle eigentleg kjøpe ein Hammerli x-esse sport, men ein god selger på Intersport overtydde meg om at ein URX med NIL grep villle vere like bra og 2000 kr billegare. Vel , idag gjekk den 150 skot utan ein einaste klikk, litt justering på sikte og så har vi 49. DIGG.

  10. Det å skyte er moro, og snart skal eg gå til anskaffelse av første pistol. Eg ser nok dessverre at eg ikkje vert OL-mester , så målsettinga er å skyte best mogleg. Eg vil byrje med .22, men etterkvart gå over til å beherske 9 mm og mogleg .45.

     

    Dei fleste råd er jo å skaffe seg ein god matchpistol, som i hovudtrekk skil seg frå dei andre med anatomisk grep og låg rekyllinje (og PRIS :-) )

     

    Om målsettinga er å beherske større kaliber etterkvart er det betre å td kjøpe noko med høgre rekyllinje i .22 først som sist ?

  11. Verkar svært logisk. Problemet for oss som er i små klubbar i distrikta med stor overvekt av 9 mm og 0.45 acp er å få prøvd ut ulike våpen. Krev mykje reising for å prøve , i tillegg er det jo svært begrensa utval hjå dei ulike våpenforandlarane. Eg har sett at eg må ta meg ein rundttur som går frå Trøndelag via Stavanger til div plassar på austlandet berre å få halde i dei ulike merka :cry: , men tvilar på at eg for prøve våpen hjå forhandlar.

  12. Hehe. Tenkte faktisk på at eg burde spesifisert i kva plan ein vrir/snur/vender skotet. Om ein gjer det riktig kan ein vel faktisk treffe 2 sidemenn/kvinner. Ein med kule i låg fart men høg masse, og ein med hylse i høg fart men låg masse. :twisted: Kan hende vi kan vere samde om at eg kan dreie hylsa 90 grader om eiga akse i kammeret, trykker litt ekstra før ein let stiften :D gjere jobben.

  13. Takkar for tips. Då snur eg hylsa 90 grader og skyt igjen. Dersom ikkje dette går , trekk eg ut kula og tømmer ut kruttet. Til slutt tek eit alvorsord med stiften som ikkje klarer å prestere under press (noko som vi karer etterkvart merkar med alderen ??)

  14. Eg skyt ein del med pistol og rifle , førebels .22LR. Førebels har eg vore heldig , men det er vel eit tidsspørsmål før eit skot ikkje går av, dvs er defekt. Eg har leita litt på nettet for å finne ein sikker måte å gjere dette skotet ufarleg. Nokon skriv at ein berre kan kaste skotet, men eg er litt uviss på dette. Det byr meg litt imot. Har ikkje fått noko godt svar i klubben eg er med i enno. Går det an å trekke ut kula av hylsa, og på den måten gjere skotet ufarleg (gjerne med verkty) eller gjer ein dette berre maks 10 gongar (ein gong pr finger som forsvinn) ?

    Eg har leita litt på forumet utan å finne svar. Dersom dette er behandla tidlegare, legg gjere ein link som svar . (gjerne med bilete eller video som instruksjon).

  15. Takker for tilbakemelding. Bøker bestilt.

     

    INteressant å sjå på samanlikningane mellom våpen og ammo. Eg ser klart at variasjon frå eit våpen til eit anna våpen av samme produsent og modell kan vere stor. Det samme med ammo. Synd at ikkje ein har ein base ala Cochrane innan medisin. Der kunne ein samle ulike testar med samme våpen og ammo over tid, for å få eit gjennomsnitt av kombinasjonane. Men likevel - kan hende den ikkje hadde vore brukande i røynda .

     

    Testane som er gjort på desse sidene viser jo klart at visse pistolar vart klart overlegne andre nesten uansett ammo. Kunne vore kjekt å vite om dette gjeld som ein regel , eller som vert påpeika over ikkje er relevant grunna stor variasjon frå våpen til våpen/ammo til ammo. Kan hende vi får opprette ein base her etterkvart, med moglegheit for å legge inn våpen og ammokombinasjon og spreiing ?

  16. Eg har relativt nyleg komme inn i denne fantastiske sporten og ser at eg har mykje å lære, spesielt om pistolskyting. Eg kunne godt tenke meg å lære mest mogleg, og har fått nokre gode linkar, men ønskar fleire.

     

    Eg har fått med meg at ein bør skaffe seg ein pistol med liten munningsvipp, og er låg kjernelinje viktig. I tillegg er godt hold viktig, her er skjeftevinkel viktig. Mykje trening er naudsynt, både for pust, styrke, konsentrasjon , og ikkje minst for å gjennomføre skuddet til etter kula har forlate løpet.

     

    Angåande munningsvipp ser eg at mange har meningar om dette, og dette er sjølvsagt "noko av feelingen" med ein pistol. Teknisk sett kan eg sjå for meg at det faktisk går an å måle krafta i munningsvippen i standardiserte former. Er dette gjort, og er nokon våpen samanlikna ? FInnast det linkar til dette?

     

    Eit element av uvisse ligg alltid i korta, då ingen kuler går rett fram, men har ein viss spreiing. Det samme gjeld våpenet (løpet). Opp på dette legg ein skyttaren som i mitt tilfelle er den desidert største feilkjelda. Finnast det nettsider der ein samlar informasjon om ulike kaliber, våpenmodellar og ulike kombinasjonar av ammunisjon for å sjå der spreiinga er minst ? Eg reknar med at våpen i desse tilfella er spent fast. Kunne vore spennande å vite kva ein kan vente seg av våpen, ammunisjon mm før eg legg på mine feilkjelder.

     

    Som sagt ser eg klart at det er mykje uvisse og mykje subjektivt her, men vil lære mest mogleg . Kva kaliber ? .22 og 9x19 i første omgang.

  17. Takkar for tilbod. Sidan søknad først vert sendt over sommer må du nok vente litt :-) Leitinga mi held fram, og eg har falle litt for morini, mest for den har låg siktelinje, samt moglegheit for å justere vinkel på kolbe. Er også litt lysten på ein feinwerkbau aw93, men den kan vel ikkje justere vinkel

  18. Eigentleg noko til å kunne trene fornuftig med. Dvs sikte, kroppskontroll, avtrekk mm. Planen er å kunne overføre det til .22 seinare. Er nok ikkje aktuelt å satse fullt på luftvåpen. Har ein CO2 beretta sak som faktisk fungerer på ein måte til sitt bruk, men avtrekket er for hardt og den er nok litt upresis. Har lånt ein gamo compact og denne verka greit mop avtrekk, vekt og sikting. Prismessig tenkte eg vel å unngå noko som vert for dyrt, slik som proffe luftvåpen opp mot 10-15000. Gamo compact kostar ca 2500 og det er vel i det aktuelle nivået eg tenkte meg. Dersom andre aktuelle kandidatar finnast, vil eg gjerne vite om det. Og , er det det då aktuelle butikkar i Ålebyen, Molde ??

  19. Takkar for tilbakemeldingar. Eg har leita ytterlegare på ulike forum, testar på nett , sett på norske butikkar mm.

     

    Eigentleg er eg meir frustrert enn beroliga. Vi er truleg alt for få i dette landet som driv med pistol. Det å bruke kring 15 000 kr på ein ny pistol er ikkje noko problem, men det å ikkje kunne samanlikne dei, dvs halde dei i henda mm er eit problem. Så langt eg ser på nettsidene til dei få butikkane som driv med slikt så har dei ein leverandør. Dvs at det er svært vanskeleg å gå inn for å halde og samanlikne. Det er utruleg frustrerande. No må dei som les ikkje mistenke meg for å overdrive eigne eigenskapar. For dei pistolane ein diskuterer her er nok dei største begrensingane i skyttaren, og alle pistolar , Benelli, Walther, Morini; Pardini osb vil alle gjere nytta si. Bomme gjer eg likefullt. Truleg vil eg ikkje kunne gjere noko fornuftig samanlikning likevel, men eg vil ha valet. Det er litt som å kjøpe bil, ein går innom fleire forhandlarar og testar og ser før ein gjer eit dårleg val :lol:

     

    SÅ langt som råd vil eg tråle og teste. Førebels kan det sjå ut som Benelli sin rimelegaste variant er den mest aktuelle, men det kan vere at eg når eg får løyvet dreg til Danmark slik at eg kan gå inn i ein butikk og halde i minst 5 ulike pistolar før eg gjer mitt dårlege val.

     

    Dersom nokon veit om norske butikkar som har meir enn ein pistoltype - gjer gjerne beskjed.

×
×
  • Create New...