Jump to content

Lindy

Members
  • Posts

    76
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Lindy

  1. Takker for alle råd. Tesro såg spennande og er vel ein ssp-klone. er litt feig og går for det mest kjende med støtte lokalt i landet.

     

    Munningsvippskilnad var nytt for meg. Eg trudde at dei fleste våpen gjekk rett opp, og berre kraft skilde dei. Er det faktisk slik at våpen er konsistente på vippretning mellom merker/modellar, og skuldast dette noko form for sidevegs kraft når sluttstykke går bakover ?

  2. Kan nokon gje meg noko som kan hjelpe meg med valet ?

     

    Har i dag Buckmark med Nill grep. Skal bytte til matchpistol . Har ikkje moglegheit for å prøve pistolar så eg skal til Børselars om kort tid og må då gjere valet. Det står mellom desse grunna reguleringsmoglegheiter på skjefte.

     

    Litt om meg . Trenar for tida standardpistol, skyt luft x3 heime pr veke (izh 46M) og "live" .22 x1 pr veke. Kryp opp mot 500 i standardpistol, må derfor bytte ut våpen.

     

    Ideelt burde eg prøve dei live , men har altså ikkje moglegheit til dette. Dei fleste let vel om morini, ang matchgun har det vore litt ymse ang driftssikkerheit når ein les på nettet. Men nettet er no ikkje alltid sanninga.

     

    Så , igjen , kan nokon hjelpe meg litt vidare ?

  3. Har prøvd litt på Java, men det verka litt for vanskeleg. Spesielt med lyden kom eg til kort. Men det verka som det sikraste, så eg kan få alle til å køyre programmet uavhengig av os. Det ser ut som eg må over frå noko anna enn python likevel, så får vel bruke java istandefor VB. Sjølv likar eg no pepsi max best, og ikkje kaffe :-)

  4. Takker for tilbakemelding. Takke for zip- burde tenkt på det sjølv. Er Visual Basic ? ein køyrbar veg, i så tilfelle skal eg sjå litt på VB framover. Tanken er vel også å lage eit val for felt, og trening av duell med gjentekne serier på 3 og 7 sek ikkje berre 5 stk, slik at ein kan trene løft. Vi får vel kalle det noko anna enn standardpistol etterkvart ?

     

    :-)

  5. Nye våpen er som det meste anna preferanser og ingen har vel direkte fasit for deg :-)

     

    Eg kan gje det litt råd ut frå det som var rett for meg. Eg stod i samme situasjon og valde Buckmark. Fin pistol, lite funksjonsfeil. Etterkvart har eg fått ein relativt stor interesse for skyting og ønskar å konkurrere meir. Eg meiner bestemt at Buckmark då ikkje er bra nok og eg held derfor på å skifte, truleg til Pardini. Årsaken til at eg vil bytte er at den er for lett framme (kan fiksast med meir eller mindre fikse vekter ) , men hovudproblemet er for dårleg avtrekk. Det er for tungt og ikkje mogleg å justere. Dersom du vil satse på noko meir seriøst trur eg du vil oppleve at problemet ligg her.

    Om du prøver skyte standardpistol vil du finne ut at 150 sek serier går greit nok, det samme gjeld 20 sek, men på 10 sek serier ligg du sørgeleg bak (i alle fall gjer eg det)

     

    Det skal nemnast at eg fekk sett på eit Nill grep for å betre opplevinga. Eg trur Hammerli har betre avtrekk, så mitt råd er klart å gå får denne.

  6. Takker for tilbakemeldling. Eg har prøvd å køyre den på min win 7med python installert, men den henger dessverre. Jobber litt med det. I tillegg skal det i teorien gå an å konvertere til .exe filer via diverse program men eg har heller fått hengen på det. Fekk eit råd om å reprogrammere det i java. men synest førebels det var vanskeleg å forstå (spesielt lyddelen). SÅ , eg jobbar vidare.

     

    8)

  7. Eg har prøvd å lage eit lite program i python. Eg har lite erfaring med programmering, men det fungerer greit på linux maskin. FÅr det ikkje til å fungere godt nok i windows enno. Link til programmet er

     

    http://www.4shared.com/folder/Nms2pIoI/_online.html" target="_blank

     

    Prøv det gjerne og endre /gje tilbakemelding så eg kan gjere det betre (når eg får tid). Eg veit at tidsintervalla ikkje er perfekt, men greie nok.

  8. Eg sit i styret i ein pistolklubb som har vore litt lite aktiv over nokre år, men vi prøver å endre det .

     

    I den samanhengen går vi gjennom lover/vedtekter for klubben, sikkerheitsreglar mm. Vi manglar ein god skriftleg dokumentasjon på innhald i sikkerheitskurs/opptakskrav for kommande medlem. Finnast det det nokon slik oversikt over kva ein bør inkludere i eit slikt kurs/ ein slik opplæring ? Har leita litt på nettet utan å finne slikt.

     

    Det er ikkje meint med nokon baktankar (som ein lett kan få idesse tider) , det er berre det at det kan vere greit å oppdatere det formelle i klubben med jamne mellomrom slik at arbeid for kommande styremedlem, skyteleiarar mm vert lettare.

  9. Klubben vår ligg relativt langt frå våpenforhandlarar og vi skulle gjerne sett litt på prisar på lappar til blinkar. Eg slit litt å finne fram på nettsidene , då ikkje alle i nærleiken har desse på nettsidene sine. Vi skyt for det meste .22, men ein del 9 mm. Burde vi gå får 12 eller 17 mm ? Nokon som har tips på kvar vi kan skaffe desse til best pris ? Kan hende lit off-topic, men fann ikkje noko anna passande plass.

     

    PS

    Vil forresten slå eit slag for å leige seg trener. Gjorde dette for litt sidan og samlingane går saman så bare det :lol:

  10. Eg har søkt litt og ikkje funne direkte svar enno. Vi prøver å få til litt felt i klubben, men ingen av aktive medlem har prøvd dette før . Med andre ord ein liten passiv klubb som prøve å verte meir aktiv.

     

    Når eg les regelheftet ser seg at det er tilrådd med minst ei skive som er 2 cm i bredde og høgd for kvar meter avstand. Vil det seie at ein eigentleg kan laga så store og små blinkar som ein vil ? (Innan for rimelege grenser). Kan form vere slik ein vil ? I tillegg ser eg at ein får 1 poeng pr treff og ein pr treft blink. Kan tal på blinkar variere frå 1 til 6 på ein stasjon og poengsummen dermed variere frå 7 til 12 med 6 skot i magasinet ?

     

    Det er mogleg at eg les dette feil, ser gjerne eg vert korrigert slik at vi kan gjere treninga litt meir korrekt før vi går i konkurranse. Gjerne link til andre trådar som dekker akkurat dette.

  11. Eg har etterkvart oppdaga at tørrklikk er minst 60 % av treninga. Dette går greit på min luftpistol (IZH-46M), men eg vil gjerne kunne gjere dette enkelt på min Buckmark. Den skal ikkje fyrast utan ammo for å unngå skade. ER det mogleg /tilrådeleg å kjøpe ein ny tennstift med det vesle tilbehøret som finnast det og file ned stiften slik at den ikkje når heilt fram. Kan ein då tørrtrene utan å øydelege våpenet ? Eg har prøvd syltestrikk og brukte patroner, men eit slik bytte gjer eg raskt og verkar som ein betre løysing.

  12. Dette skal eg klare, vonar eg. Desse hjula som vaier skal gå på har eg leita etter, men dei er vanskelege å finne. Anten det eller så stemmer det som fruen seier : eg kan ikkje leite, eller så er dei vanskelege å finne . Kan nokon tipse meg på kvar desse hjula kan finnast ?

     

    Vinduspussemotor : trudde desse berre gjekk fram og attende, eg ? Er vel noko med kraftoverføringa som leier sirkelrørsle til viskerørsle. Må skaffe meg ein slik for å sjå......

  13. Eg er heilt blank på dette, minst 12 tommeltottar og bør ikkje nær korkje elektriske eller andre apparat som kan gjer skade. Han no likevel fått våpenløyve :lol:

     

    Finnast det ein oversikt /liste over kva motorar (12 v ?), knappar og kontatorar ? ein kan bruke , og korleis montere det. Kvar kjøper ein slikt ?

     

    Kunne vore kjekt å laga ein bane på loftet til 10 meter med skivetrekk der alt går fram og attende med 2 knappar.

  14. Denne diskusjonen var spennande og for meg opplysande. Eg må innrømme at eg hadde avskrive det å sikte midt i det kvite, mirror hold , eller lågt rullande - altså i 3-4 området.

     

    Ved å kombinere dei rådene som står i boka til Svingen samt å sikte mot 3-4 området fekk eg samlingar i luftpistol som eg ikkje har vore i nærleiken av tidlegare. Det gjekk opp for meg at ved å fjerne den svarte flekken frå sinnet, så kunne eg fokusere mykje betre på kornet. Siktebilete vart mykje rolegare og eg kunne faktisk ane kvar skotet gjekk før eg gjekk fram. Faktisk fekk eg 4 skot i nesten same holet.

     

    Eg vil rette ein takk til Nooby, fin forklaring.

     

    Får eg komme med eit lite spm. Korleis veit ein kvar i det kvite ein sikter, blir det berre sånn som ein føler for eller ?

     

    Så no avventar eg breiare korn og nye baksikter, trener vidare. Så var det skytteren og ikkje våpenet likevel, dessverre :lol:

  15. Eg trakkar i salaten og tilrår boka om pistolskyting som finnast på sidene til skytterforbundet. Der står nokså godt forklart ein del teori omkring dette, mellom anna å bruke begge auger og sikte både sentrert og rullande. Så langt eg kan sjå er sentrert det optimale, men det stiller ein del krav til bredde på korn (som må vere breiare enn den uklare svarte flekken i senter) og dermed også skur som må kunne stillast i bredda. Forøvring er det ein del om at ein må prøve seg fram , slik at ein ser kva som passar ein best. Nokon likar dottera, andre ......

     

    Pr idag sikter eg rullande, men vil prøve sentrert. Noko som igjen stiller litt krav til mitt utstyr (buckmark) som må ordnast litt på.

     

    Forøvrig er del vel slik at om du treff sentrum med kvart skot, så er vel siktemetoden irrelevant :moresarcasm:

  16. Eg har bestemt meg for å leike våpensmed light. Eg vil bytte ut framsikte . Det er grei skuring, kjøp nytt og mekke litt på sjølve siktet. Eg skal ha breiare sikte for å prøve å sikte sentrert tross alle gode råd. Då treng eg vidare skur /baksikte. Det bør helst vere stillbart, noko som ikkje finnast på buckmark. Kan nokon gje meg råd, link eller liknande til andre produsentar som har slikt som kan brukast. I veste fall får ein kjøpe ny toppskinne på pistolen for å gjere små ytre endringar på denne for å kunne feste den nye siktet.

     

    Når dette er utført, og eg framleis skyt like dårleg, skal eg heller komme attende krypande til korset og sikte rullande /sub-6.

    :moresarcasm:

  17. Takkar for tilbakemeldingar.

     

    Det er ein del å tenke på. Å søke på nett og sjekke forum er alltid litt vanskeleg , dette då ein kan risikere å få tilbakemelding frå berre den som har fått ein "måndagsutgåve" av ein ellers perfekt pistol. Dersom dette berre er den som svarer får ein inntrykk av at denne pistolen er uaktuell. Ikkje det at eg seier det gjeld her. EG har fått mykje god info tilbake.

     

    Eg trur at anatomiske skjefter er uaktuelle. Dette då dei nok er det beste for den einskilde skyttar, men må jo tilpassast kvar enkelt. I tillegg vil vi måtte tenke på evt links mm. Ellers bør det helst vere ein pistol som er under produksjon mop reservedelar mm. (Men linken til FWB AW93 gjorde at eg sjølv fekk lyst å bytte :-) )

     

    VI får jobbe litt med finansiering, så får vi sjå. Skal prøve å sende melding på kva valet vart.

×
×
  • Create New...