Jump to content

abc

Members
  • Posts

    15
  • Joined

  • Last visited

About abc

  • Birthday 08/28/1978

abc's Achievements

Rookie

Rookie (2/17)

  • First Post
  • Collaborator
  • Week One Done
  • One Month Later
  • One Year In

Recent Badges

0

Reputation

  1. mår nr 2 hang i fella i dag. dei har vore vanskelege å lure i år, men denne likte tydeligvis lukta av rakfisk og honning bak ei conibear 120:)
  2. Skaut ein mår på hjortejakt i haust:) Elles har eg ikkje sett ut nokon feller endå, sidan her ikkje er komt snø endå. Synest det er meir spennande når ein kan sjå litt spor i skogen. Dessutan har eg best erfaring med å sette feller der eg ser mårspor, då heng den stort sett i fella innan 14 dagar.
  3. blei ein mår på meg i dag. 1.6kg. conibear. godt fornøgd med 5 stk denne sesongen!
  4. tre gonger har eg tatt ein pose anisfrø og strødd frøa ette meg frå fella og så langt pakken rakk, kvar gong etter dette har det hengt ein mår i fella. Det kan vere tilfeldig, har tenkt å teste dette ut fleire gonger så får vi sjå. (tenkte tredje gangen at dersom det virkar no og, så kan det ikkje vere tilfeldig, og jammen hang det ein veka etterpå,men er ikkje heilt overbevist likavel)
  5. her er bilde av mår nr 4 omsider. også eit eksempel på oppsetting av syningfella....har større trua når holet peikar rett ut frå stammen, enn når det peikar rett nedover.
  6. fann noko gamle saker, kan det vere av interesse for nokon?
  7. mår nr 4 hang i fella forrige helg! Den gjekk i ei syningfelle(!!) agna med rypefot dyppa i honning.
  8. sjekka fellene i dag, var masse spor, måren hadde klart å komme seg inn i kassen utan å gå i fella, den hadde renska alt. blant anna ein hermetikkboks med honning, eit rypehovud, ein del fiken og beina frå ein røykt makrell. satsa på han kjem att. hadde ikkje med noko åte, så la inni ei halv appelsin og ein sjokoladebit samt litt rypeskit som eg fann på turen......(det rare var at han hadde reist med heile hermetikkboksen luringen)
  9. Alle tips mottas med STOR takknemlighet. særs avansert boks!!! Skal ikkje uttale meg skråsikkert om kva som gjer susen for deg, men eg ville smurt inn kassen med jord og søle slik at den ikkje lyse opp heile skogen din. Oppgangsstokken var litt langt frå holet og synest eg, ville kanskje dratt den heilt bort under boksen 20-30 cm under holet. må jo gjere det så lett som mulig for måren,samtidig som du held musene vekke.... (eg bruka helst rotne nedfallstre som eg kan rive kvisten av, slepp då å få sagflate som lyser opp) ville og hengt opp noko som vaia i vinden på oppgangsstokken. og surra fast endå litt meir granbar slik at boksen blir litt betre kamuflert. lykke til
  10. hang ein mår i fella i kveld, var ute på ein liten måneskinnstur og sjekka fellene. ein liten ein denne gangen og, 1.0 kg. Var ute å sjekka fellene i helga, då hadde det vore mår innom to av fellene, skifta åte og fiksa litt på oppsettet-det var tydeligvis noko den likte.... åte var rypeføter som har lagt i honning ei stund. bilde av mår nr to som eg tok like før jul,åte honning:
  11. Det kan du sjekke med viltnemda når du ringer og spør om dei har åte til deg....så kan du opplyse her om kor mykje det er! kor i gaular jakta du?
  12. fekk ein liten mår i conibearen 1kg, inne i ein gammal fjøs...åte var honning og fiken. ødela desverre skinnet då eg gløymde ta det av tana i tide, så det revna... har komme 5cm nysnø no, så blir spennande å gå tur i skogen til helga
  13. stemme det!tar det man har....hovudet av ein kaldrøykt makrell i dette tilfellet.....
×
×
  • Create New...