Eg hadde ALDRI fotografert med noko anna enn maksimal oppløysing, det vil alltid løne seg. Som sagt tidlegare, kjøp eit stort sandisk-kort (eg kjøpte mitt 12GB frå B&H i USA for ein semi-billig penge). Ein 250GB harddisk kostar no godt under tusenlappen, og med mindre du tek mange hundre bilder om dagen som meg, vil du ikkje fylle den opp på lenge.