Jump to content

magnumlars

Members
  • Posts

    298
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by magnumlars

  1. Er det nokon i nevnte område som praktiserar langholdsskyting, eller har tilgang på egna område? Bur sjølv i nevnte område, men har ikkje tilgang på egna område.

     

    Om det er nokon som har tilgang på område eller som driv litt med dette, ikkje nøl med å ta kontakt! :D

  2. Eg har litt erfaring med 260 remington då eg i 6 år har vore lykkelig eigar av ei remington 700 VLS i dette kaliberet. 260 Rem er eit kaliber eg trur mange undervurderar, og ein anna sak er jo at problemet med folk som meinar mangt og mykje om våpen og kaliber dei aldri har hatt ikkje er ukjent på eit internettforum.

     

    Først av alt, anslagsenergi:

    Kaliberet vert stadig betegna som svakaste lovlige kaliber til storviltjakt. Den gir og mindre hastighet enn 6,5x55 pga mindre hylsevolum skal ein tru ekspertane. Har noko her lest ladningane for 260 rem kontra 6,5x55 i nyaste versjon av ladeboka? Om eg ikkje huksar feil er ikkje utgangshastighetene i 260 lavare enn i 6,5x55.

     

    For det andre, tunge kuler og hylsevolum:

    Mine PRAKTISKE erfaringar viser at 260 rem drar ifrå 6,5x55 sjølv med tunge kuler. Og igjen; om eg ikkje huksar feil oppgir siste versjon av ladeboka 800 m/sek med 156grs Oryx frå 260 Rem.

     

     

    Eg har rifler i begge kalibera og har testa ein god del ladningar til begge.Rett nok e pipelenga ulik på desse børsene, men forskjellen i utgangshastighet er større enn det ein ville forvente av ulik løpslengde.

     

    Mi Rem 700 Varmint har 66cm løp som gjer at 260`en kan yte sitt maksimale. Denne børsa bikkar V0 880 m/sek med 140 grs Sierra gameking når eg har nådd maks ladning. I tillegg til ein etter mitt syn ekstrem presisjon (i alle fal i forhold til prisen) er denne god som gull til lengre hold og anna skyting der høg presisjon er påkrevd. Med 130 grs Nosler Accubond har eg skote ein god del samlingar på rundt 5-6mm/3 skudd/100 meter. Selvfølgelig kan ein ikkje påstå at ein klarar slike resultat i gjennomsnitt, men eg skal tør å påstå at alle "presisjonstest"-samlingar på 100 meter har vore under 15mm. Ikkje verst for ei børse som vart mi for 4990,- frå Jakt&Friluft

     

    Ladedata 260 Rem:

    http://www.norma.cc/sortimentladd.asp?K ... ton&Lang=1

     

    Ladedata 6,5x55:

    http://www.norma.cc/sortimentladd.asp?K ... ser&Lang=1

  3. Har ein Sako AV i 375 H&H som er utrusta med Sako Optilock kikkertmontasje. Med min Leupold 3-9x40 blir denne montasjen unødvendig høg sjølv med lave ringar. Har derfor vurdert Leupold sine stålringar som monterast rett i spora i låskassen. Men er litt skeptisk til korleis dette blir på eit våpen med so kraftig rekyl.

     

    Nokon som har erfaring med desse kikkartringane i kombinasjon med kraftige kaliber?

  4. No er det frå tid til anna liknande tema oppe her på forumet med folk som har kriminell bakgrunn og vert nekta våpen av den grunn.

     

    Her i landet er det slik at politiet skal vurdere om vedkommande er skikka til å inneha våpen, og om dei meinar at det ikkje er tilfellet skal søknaden avslåast.

     

    Ein ting er psykiske lidelsar som ikkje utsetter folk for fare, men eg trudde vitterligen at når ein måtte gå til det drastiske steg å tvangsinnlegge nokon so er det på bakgrunn av at vedkommande er ein fare for seg sjølv og/eller omgivelsane. Eg har soleis full forståelse for at våpensøknaden vert avslegen.

     

    For mange virkar nok dette særs urettferdig, men eg trur enkelte rett og slett må innsjå at dei ikkje vert betrudd å inneha våpen. Det er ingen menneskerett å eige våpen i Norge!

  5. Noko slikt kunne vore innterresant å testa på kipplauf-børser og:

     

    http://www.testfakta.se/Article.aspx?a=16439

    http://www.testfakta.se/img/2007/8/23/16464.pdf

     

     

    Sølv om nytteverdien i ein slik test kan diskuterast, er det ikkje tvil om at den viser litt kva som skjer når mekanismen vert utsett for store belastningar. No er det jo først og fremst løpa som går til dunders her, men enkelte vil nok få ein aha-opplevelse når ein ser kva fabrikat som vert betegna som "meget bra" (kunne ikkje dy meg Jørgen :wink: )

  6. Helløu. :D Jeg er DFS skytter, og konkurerer med min Sauer 200str i cal. 6,5X5,5. Ettersom jeg tok jegerprøven vil jeg i tillegg drive me jakt, og derfor lurer jeg på om noen vet om noen steder jeg kan få kjøpt jakt kolbe og/ eller jaktløp, ettersom konkuransedelene er mye tyngre og massive....

     

    Ein anna ting er at du kan faktisk ikkje nytte banesaueren din til jakt då den er (mest sannsynleg) erverva til DFS/baneskyting og du har på våpensøknaden skrive under på at du ikkje skal nytte våpenet til andre formål enn det som er oppgitt som bruksområde på våpensøknaden. No veit eg meget godt at det er mange som gjer dette, men med den utviklinga ein ser i enkelte politidistrikt kan ein faktisk risikere å få problem om det finnast juristar og polititenestemenn/kvinner som har heiltfirkanta skjermbilde på lovdata.no. Eg ser det som langt frå usannsynleg at eit eller anna skyttar/jeger før eller sidan vert anklaga for dokumentforfalsking for å ha nytta våpenet sitt til noko anna enn oppgitt ervervsgrunnlag. Det er ikkje meir enn eit par mnd sidan politidirektoratet laga eit fæla leven og sette stoppar for konkurranseforma praktisk hagle nettopp fordi det vart hevda at skyttarar som deltok i denne konkurranseforma hadde ervera våpena sine til jakt.

  7. Mine testar viser at raskare krutt som N-140 ikkje har noko føre seg i 6,5x55 sjølv med kort løp. Eg har i alle fal funne ut at MRP/MRP2 gir høgast utgangshastighet uansett løpslengde i dette kaliberet, og forskjellen er ganske betydelig i forhold til N-140

  8. 6,5x55 har stort hylsevolum i forhold til kaliber og gjer beste hastighet med dei samme krutta som vert nytta i "skikkelige" magnumkaliber som 300 Weatherby,300 ultra magnum osv. Dette er kaliber som dei fleste veit treng langt løp for å yte sitt beste, nettop pga kruttet som er det samme som blir brukt i 6,5x55. Legg ein i hop 2 og 2 for ein forhåpentligvis 4 og konklusjonen er at hvis patrona skal yte maks hastighet treng den langt løp.

     

    Eg skyt sjølv med ei Blaser R93 i 6,5x55 med 50 cm løp. Funkar heilt topp, og so lenge holdet er under ein halv kilometer kan eg aldri tenke meg du hadde truffe noko betre om hastigheten var 50 m/sek høgre. Til samanlikning har eg ei 260 remington med 66 cm løp, og denne er reine magnumen i forhold til 6,5`en med 50 cm løp nettop fordi den får utnytta potensialet i Norma MRP

  9. Er det nokon som veit om løpsblanks i 458 med 1-8 stigning eller liknande egna for subsonic-prosjekt?

     

    Har ein M98 som er planlagt utrusta med dette løpet, men eg er litt usikker på kva patron løpet skal kamrast i. 458 Socom er mest nærliggande, men eg kan ikkje fri meg heilt for frykta for mateproblem med denne i Mauseren. Har derfor og vurdert 450 Marlin/458-2" då eg veit av eiga erfaring at mauser i 458 winmag funkar heilt fint med tanke på funksjonering so lenge børsemakaren er edru.

     

    Ser fram til konstruktive innspel og tips om plassar (i Norge) å handle løp.

  10. Kjøpte meg for eit par mnd sidan ein nydelig liten Beretta 950 B av tidlig produksjon (uten sikring) i 25acp. Grunnen til dette våpenvalget er at eg har ikkje funne andre "moderne" våpen her i landet som går i Sivilpistol 1. Ein er stort sett henvist til babybrowning og liknande saker som etter mitt syn ikkje egnar seg til å skyte med i det heile. Berettaen har faktisk ein meget bra ergonomi størrelsen tatt i betraktning.Har testa den so vidt med S&B fabrikkammo, og det var faktisk mogleg å halde samlingane innanfor svarten (når ein sikta ein halv meter over/til sida). Men fabrikkammo til 25acp er SVINDYRT!. Den vetle rakkaren er steikandes moro å skyte med so rimeligare alternativ er hjertelig velkommen. Er det nokon som har erfaring med lading til denne patronen (hint hint C.Patron :) )?

     

    Her eit bilete av patronen med 22lr til høgre og 9mm og 44 mag til venstre:

    DSC_0758.jpg

     

    Her er våpenet, Beretta 950 B i 25 acp med ein 44 mag-patron for å gje eit inntrykk av størrelsen:

    DSC_0765.jpg

  11. Ikkje nødvendigvis, men i mi børse er det ingenting som slår N-160 når det gjeld presisjon. Når det gjeld hastighet på kuler på 140-160 får ein høgre hastigheit ved å bruke MRP/N-15, men eg har ikkje fått like god presisjon med dette kruttet

  12. Eg har testa mykje rart i mi 260rem (Remington 700) og mi rifle går desisert best med VV N-160, omtrent uansett kva kule eg putta i. Eg har lada både Nosler Accubond 130grs og Lapua Scenar 108grs med 43 grs N-160. Begge har utgangshastighet på 850m/sek (66cm løp) og har ca 2 cm forskjell i treffpunkt på 100 meter.

     

    3-skuddsamling med Scenar låg på rundt 10mm, medan Accubonden samla ein del betre. Målte ikkje samlingane, men vil anslå att mesteparten av dei låg mellom 3-6mm.

     

    Ein merkelig sak med børsa mi er at den går desidert best med nye uskotne remingtonhylser som kun er prima og satt kule i.

  13. Då eg reiser mykje rundt om i verden treffer eg mange som driv med jakt. No for tida er eg i Spania og har blitt tilbudt av ein kollega å vere med på villsvinjakt når sesongen byrjar i August, og selvfølgelig heilt gratis :D

     

    Er det nokon som har prøvd villsvinjakt i Spania?

     

    Kva må til av papir for å få børsa trygt inn/ut av landet? Held det med Europeisk våpenpass?

  14. Generelt vil eg sei at prisen på varer i Norge er av dei rimeligaste i heile verden sett i forhold til vår økonomi. Eg reiser rundt heile verden i jobben og får eit godt inntrykk av prisar osv. Samtidig er vi sikkert ein av dei landa det er vanskeligast å drive butikk i med høge kostnadar.

     

    Mange klagar over at drivstoffet er so dyrt i Norge. Etter mi meining er det direkte billig! Greit nok at bensinen kostar 5kr/liter i kina, men der er kanskje inntekta 3000,- i mnd. Då er det rimelig med 12 kr/l og 30000,- i mnd i lønn!!

  15. Eg har ikkje prøvd Steyr GP, men har vunne eindel feltløyper med andre våpen:)

     

    Når det gjeld kva våpen som er konkurransedyktig og ikkje er det bere å troppe opp på eit NM å sjå kva eliten skyt med.Akkurat samme svaret eg gir som når nybegynnarar har våte drømmar om Glock som feltpistol.

     

    Det er ein grunn til at det er eindel våpen som går igjen på toppen av resultatlistene ( og Glock er ikkje ein av dei). Skyttarar testar mykje rart og etter ei stund blir våpena som ikkje er potensielle toppscorekandidatar fort gløymt. Det er vel ein ganske stor andel av dei betre feltskyttarane som nyttar eit ganske snevert utvalg av våpenkonstruksjonar som f.eks diverse versjonar av 1911 og cz 75 med alle mulige modifikasjonar og fabikat (STI, Sphinx, Tanfoglio osv), Neuhausen og Pardini.

     

    Sjølv har eg vunne mange militærfeltløper med min 23 år gamle CZ 75 :)

     

     

     

    Skal du vinne feltløpa, kjøp noko som er velprøvd :wink:

  16. Eg har no vore medlem i det samme skyttarlaget i 20 år. Dei siste 12 åra har eg hatt adgang til å disponere skytebana til skyttarlaget på ein betingelse, at det er ein standplassledar (dvs minimum 2 personar) når skyting pågår. Etter at det vart bytte av formann i skyttarlaget for eit år sidan har no dette endra seg. Skyttarlaget har no innført ein regel om at det skal vere "godkjent standplassledar" ved all bruk av bana. Dette er i følge leiar i skyttarlaget eit pålegg frå DFS. Dette medfører at personar som ynskjer å nytte bana utanom fastsette treningstider er ekskludert. Som ivrig heimeladar medfører dette eindel problem for meg då det ikkje er ideelt å skyte på ei vanleg trening på elektroniske skiver. Ein anna ting er at det er få personar som benyttar bana utanom sesongen/faste treningar.

     

    Men noko eg finn merkelig er at på tross av at det har blitt krav om "godkjent standplassledar" virkar det som styremedlemmane i skyttarlaget og familie av desse har dispensasjon frå dette kravet og nyttar bana når det passar.

     

    Dei fleste andre skyttarlag i distriktet lar betalande medlemmar disponere banene so lenge nødvendig sikkerhet er ivaretatt osv.

     

    Eg finn det merkelig at eit skyttarlag som mottar statstøtte for å fremme norges folk skyttarferdighet skal hindre deira betalande medlemmar å gjere nettopp dette. Etter mi oppfatning bør både styremedlem og Jørgen hattemakar ha like rettningslinjer so lenge dei har bidratt likt til lagets konto..

     

    Kva meinar folket her? Er dette rimelig?

×
×
  • Create New...