Jump to content

magnumlars

Members
  • Posts

    298
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by magnumlars

  1. Korleis vil det vere å bruke dachsen på både hjort og rev? Er dette ein uheldig kombinasjon? Og hvilke av dachsrasane egnar seg best til mitt bruk?

     

    Gløymte å ta med at eg godt kunne tenke meg ein hund som eg kan bruke til ettersøk og.. :)

  2. Lykke til! berre " LITT" misunneleg

     

     

    methusalem

     

     

    Er ikkje sikkert du er like missunnelig på resten av reisa! Eg skal love deg at det er langt frå bra for blodtrykket å prøve å halde kustus på ein heil bøling med hottentottar. På ein plass der kun eit fåtall kjenner til openbare ting som f.eks tyngdekrafta er det ikkje bere bere å få til noko :D

  3. Eg kunne godt tenke meg ein drivande/støtande hund til hjortejakt.Som vanlig vil ein ha både i pose og sekk, men for meg er det viktig at hunden ikkje driver for langt då terrenga eg jaktar på er tildels ganske små. Eg kan og tenke meg å bruke hunden på rovdyr som rev og mink.

     

    Eg vil helst ha ein liten hund som passar godt som familiemedlem resten av året. Korleis vil dachsen vere til mitt bruk. Vil hundens fysiske størrelse vere med på å begrense arbeidsområdet i bratte vestlandslier?

  4. Neste veke reiser eg nedover til Namibia på jobb ein måneds tid. Kunne i den samanheng tenkt meg å forlenga turen nokre dagar med litt jakting.

     

    Nokon som veit om muligheter for ei slik "hoppe på" jakt med muligheter for å låne/leige våpen?

  5. Kjør på. Noko av det beste du kan få til ditt bruk. TXP har blitt brukt i store mengder her hos oss, i 300 winmag. Har tatt vare på ei kule som har gått igjennom en hjort 2-TO ganger ;)

     

    Swift'n er nok bedre til 300 Win.mag hastigheter enn til 3006 og 308. Vårt lags erfaringer med Swift A-frame på elg, er relativt lange utras, opptil 100-200 meter. Mulig det kan komme av at kula rett og slett er for solid, og ikke ekspanderer fort nok til stor nok diameter. Oryx og Woodleigh virker langt bløtere, og har blitt vår favoritt. Til hjort kan det jo være greit med raske fall i bratte lier, så der vil nok normalkuler som Sierra, Hornady og Norma Alaska evt. Vulcan gjøre en god jobb..

     

     

    Dette er og mi erfaring, og grunnen til at eg no brukar Hornady Interlock i standardkaliber på hjort (med utmerka resultat på dei 30 dyra eg har skote).

  6. Jeg har lagt fra meg viktigheten av skumringsverdi og bruk nattestid.

    Men jeg bruker jo pr i dag en fontaine 3-9x40 til måneskinnsjakt, og vil tro at En S&B Klassik 1,5.-6x42 stiller sterkere.

    Eller tar jeg helt feil?

     

    Om du er villig til å ta deg ein 25-minuttars kjøretur ein kveld kan du få prøve min S&B Classic og samanlikne den med min Zeiss eller ein Leupold for den del. Er jo kjekt å treffe likesinna Sunnfjordingar :)

  7. No har eg fleire forskjellige rifler i skapet mitt, og har prøvd enda fleire. På storviltjakt er det i hovedsak 5 forskjellige konstruksjonar eg har brukt. Blaser R93, Mauser m98, Schultz&Larsen M97,Remington 700 og Sako Hunter.

     

    Med desse våpena har eg hatt anslagsvis 3-500 jaktdagar og tør på bakgrunn av det påstå at eg har litt praktisk erfaring.

     

    Når det gjeld funksjonssikkerhet er det eit våpen som skil seg ut i positiv retning, Blaser R93. Eg har aldri opplevd problem med dette våpenet uansett om tempen er -15 eller +30. Dei som har jakta hjort i bratte vestlandsfjell veit at dette er ei jaktform som kan sette våpenet på prøve. Blaseren har fått akkurat same behandlinga som dei andre våpena, påpassa best mulig. Men under slike forhold er det ikkje til å unngå at våpenet får juling.

     

    Det er og nokre av våpena som skil seg ut i negativ retning med tanke på funskjonssikkerhet og det er S&L M97 og Rem 700. Remingtonen kan vere litt kilen på ufullstendige ladegrep noko som ved eit par jakttilfeller har medført problem med matinga. S&L-børsa hadde ved fleire anledningar problem med matinga og var rett og slett ikkje til å stole på med tanke på funksjonssikkerhet. Den hadde og nokre tekniske problem som f.eks knekt boltstopp og ein sikring som gikk veldig tregt.

     

     

    Sjølv om eg er Blasereigar er eg på ingen måte fanatisk, men er veldig godt fornøgd med våpenet og til mitt bruk har eg i alle fal ikkje prøvd ei børse som er betre. Men Blaseren har selvfølgelig sine bakdelar den og, og det er ikkje ei børse (i likhet med endel andre fabrikat) eg tar med på "ekstremjakt" eller jakt etter farlig vilt. Når eg var til Afrika på jakt i vår var det Sakoen som vart med. Ei fin børse av god kvalitet!

  8. Eg har i haust vore so heldig å få jobbe i nærområdet til der eg bur, slik at det har blitt litt hjortejakt før og etter arbeidstid. I går var det so flott vær at eg tenkte eg måtte ha meg ein kort tur til fjells etter arbeidstid. Trakka meg rett opp fjellsida og gav meg til å vente på svogeren min som skulle gå smygjakt langs lia. Medan eg stod å venta dukka denne karen opp:

     

    Bilde038.jpg

     

     

    01102008.jpg

     

    Skoten ståande på omlag 70 meters hold. Våpen: Blaser R93 standard 6,5x55 m/ Schmidt&Bender 6x42.Kule:Hornady interlock 140 grs.

     

    Bukken har 12 taggar og var i fint hold, truleg ikkje komme i brunst enda. Det var litt av eit styr å få dyret ned frå fjellet, men etter 3,5 time gjennom busker og steinurer fekk vi dyret ned til traktorveien, mykje takka vere eit par spreke karar som kom til og hjelpte oss å dra.

  9. Noen her her inne som har kjennskap til hjortebestand/fellingsprosent i Fjaler kommune (Korssund)? Mulig leie av terreng på gang :wink:

     

    Eg kan vel skryte på meg å ha litt kjennskap då eg jaktar/er grunneigar i samme kommune.

     

    I ytre Fjaler har det dei siste åra vore knallhard avskyting, etter det eg har forstått mykje på grunn av at enkelte har funne ut at det går an å gjere gode pengar på jakta.Det som har skjedd er "skeivskyting" av store avlsdyr og auka kvotar. Eg trur det i enkelte områder er ned i 120 mål pr dyr i løyvetildelinga. I følge ein kamerat som jaktar ca 7-8 km frå der du snakkar om er hjortestammen i fritt fall. For nokre få år sidan krydde det med hjort, no kan han gå fleire dagar i skogen uten å sjå eit dyr. Men når sant skal seiast so er det til dels store lokale variasjonar ute å går.

     

    No er terrenget i Korssund ganske spesielt då det er eit typisk kystterreng flatt og utan noko særlig med skog

  10. Heisann godtfolk!

     

    For dei som kunne tenke seg å starte opp med praktisk skyting vil det 22-23/11 bli sett opp eit godkjenningskurs for nye skyttarar. Kurset blir arrangert av Sogn og Fjordane Sportskyttarklubb og blir helde i Førde. Dette kurset er påkrevd for å bli aktiv medlem i klubben.

     

    SFS er ein klubb med medlemmar frå heile Sogn og Fjordane, men om det skulle vere nokre Sunnmøringar eller Nordhordalendingar som skulle vere interreserte so er dei og hjertelig velkomne til å bli med.

     

    For meir info om kva praktisk skyting dreiar seg om sjå: www.nfps.no eller ta kontakt med underteikna via PM.

     

     

     

    Mvh

    Leiar i Sogn og Fjordane Sportskyttarklubb

  11. Eit nokre av dei 15 dyra eg skaut når eg hadde meg ein tur til Sør-Afrika i vår. Alle dyra vart skotne med 375 H&H og 235 grs barnes-x med utmerka resultat

     

    Bushbuck:

    DSCF0780-1.jpg

     

    Impala:

    DSCF0816-1.jpg

     

    Blue Wildebeest (cull):

    merecedesc-klassesalg172-1.jpg

  12. Om du bør bytte kuletype er ikkje enkelt å sei. Eg kjenner til 2 hornadykuler med rød plastspiss. V-max, som er ei eksplosiv varmintkule som ikkje er egna, og SST som er vel meir som ei Interlock med plastspiss og boattail. Ei kule for lange hold, som liknar ein del på Nosler balistic tip. Ei slik kule vil i dei fleste tilfeller trygt felle hjort i moderate hastigheter, sjølv om enkelte vil hevde det motsatte.

     

    Men av og til skjer det uforklarlige fenomen som ein kan undre seg vel og lenge over.

  13. Har oxo en kompis som brukte denne kula i sin 6,5. da 140grains. Samme resultat. Måtte hive nesten hele boger på elg og hjort som han hadde skutt. Kula splintret. Interlock er ikke ei kule for matnyttig vilt.Hvorfor spikke å spare noen få kroner på kulene? Hva koster jaktkulene dine i det store og hele, når du ser på total budsjettet på jakta?? Skyter du såååååå mange jaktskudd iløpet av et år, at du går konkurs om du kjøper ei skikkelig kule??

     

    Skjønner meg ikke på folk som ABSOLUTT må kjøpe de billigste, og oftest de dårligste kulene.

    Har dere ikke råd til å kjøpe skikkelige kuler til jakta dere driver med, så synes jeg dere har valgt feil hobby.

     

    Jo takk for det :!: Eg går garantert i kategorien "har valgt feil hobby" då eg jaktar med Blaser/Zeiss-kombinasjon til 50000,-. Og om du måtte lure;so ja, årslønna mi er omtrent det du må betale for ein ny mercedes s-klasse.

     

    Det er jo klart eg ikkje har råd til dyrare kuler en interlock då!Hjelpe meg altså!!;enten er du trangsynt som f.., eller so har du ikkje rare erfaringa. Eg håpar det er det første.

     

    Til mi jaktform vil eg ha ei kule som ikkje er altfor solid på grunn av rikosjettfare osv, derfor brukar eg ikkje barnes-x osv på hjortejakt. Eg skyt 2-sifra anntal storvilt kvar haust og er meget fornøgd med interlocken som er ei kule eg har valgt heilt bevisst. Derimot var 6 felte dyr med sierra gameking nok til å avstå frå denne.

  14. Eg har testa 200 grs interlock i 338 winmag og vart utruleg overaska over kor godt denne holdt saman. Sjølv med ei utgangshastighet på 900m/sek såg kulene ut som reklamebilder. Har og skote nokre hjort med 250grs RN med utmerka resultat.

     

    På bakgrunn av ca 20 felte hjort med denne kula hadde eg ikkje dusa på å brukt den på elg. Etter mitt syn er hornady interlock ei meget undervurdert kule.

     

    Eg har felt nokre hjortar med sierra gameking og mi erfaring er at desse er i ein heilt anna divisjon enn interlock. Eg ville ha dusa litt på å brukt desse med mindre farten er låg.

     

    Lad opp med interlock er mitt råd!

×
×
  • Create New...