Jump to content

Fjellreven

Members
  • Posts

    2
  • Joined

  • Last visited

Fjellreven's Achievements

Newbie

Newbie (1/17)

  • First Post
  • Week One Done
  • One Month Later
  • One Year In

Recent Badges

0

Reputation

  1. Det stemmer at tenestene er svært dyre på Svalbard, anten det handlar om overnatting, arrangerte turar, m.m. Så er det mykje dyktige folk der nord som er i servicebransjen på Svalbard. Eg har god røynsle med drivande dyktige guidar frå Spitsbergen Travel. Tross skyhøge prisar. Guidane gjer ein fantastisk jobb, og det gjer andre servicearbeidarar der også. Kombinert med god tilretteleggjing og den fantastiske naturen og landskapet nord i Arktis, meinar eg det er så absolutt verd pengane. Med unntak av isbjørnen (som er heller sjeldan og sjå, sjølv om det er eindel av dei) og kvalrossen (som er meir vanleg frå Forlandsstredet og nordover), har ein ei god von om og oppleva mykje av det andre dyrelivet. Ver klar over at Spitsbergen Travel er eit langt på veg komplett destinasjonsselskap. Tek ein kontakt med dei, ordnar dei alt, med flybillettar og overnatting. Når ein tingar har dei oversikt over når ein kan reisa. Det må stemma med at det skal vera både plass på fly og ledig overnatting. Svalbard har eit stort trøkk heile sommaren, og det har teke heilt av med turistar no. Ein må ofte vera fleksible med reisetidspunktet, eller tinga plass minst 2-4 månader i førevegen skal ein kunna vraka og velja. Så skal ein vera klar over ein ting til. Det er vêret. Isfjorden har svært tett skodde heilt ned mot sjøflata i periodar. Det hender det går fleire dagar utan at fly kan landa i Longyearbyen, men det er heldigvis ikkje ofte at dette varar over 2 dagar, men det skjedde i august i fjor. Folk kom seg verken til eller frå Svalbard. Då flyplassen opna for landing kom det 4-5 fly nestan på ein gong. Det skulle også henta dei som hadde vore isolert på Svalbard i opp til over 3 døgn. Forvent at arktiske strøk opptrer forrædersk til tider. Ein normal sommardag ligg på +4-8°C, og snøbyger førekjem gjerne midt i juli. Tru ikkje at det alltid er kaldt om sommaren heller. Eine dagen på båtturen over kalde Isfjorden var det godt og vera ute i den lune sommarsola. Temperaturen var oppe i +15°C på det varmaste då eg var der første veka i august 2008, og då skulle ein ikkje tru at Nordpolen er mindre enn 12 breiddegrader unna. På båtturen eg var på til Nordenskiøldbreen var det ein kar som skulle liggja i telt åleine ei stund. Han hadde med seg våpen, så klart. Båten ankra opp utanfor breen, og mannskapet ombord tok han med i ein lettbåt frå båten til lands. Han skulle definitivt opphalda seg uforstyrra og åleine i eventyret, nokre meter frå breporten mot Isfjorden. Så har me Barentsburg, der ein kan byrja og lura på om ein er i isødet nord i Russland. Barentsburg og fråflytta Pyramiden er russiske samfunn på Svalbard. Sjølv vonar eg på nye turar til Svalbard i framtida. Det er eit herleg reisemål for vidarekomne. Då er draumen og dra i gjennom Forlandstredet til Ny Ålesund, Kongsfjorden og 80°N. Tidlegare hurtigruteskip går utover der om sommaren, når isen har gått opp. Så startar opplevingane allereie på flyturen. Og sjå utover bre- og tinde-landskapet på Svalbard er utruleg vakkert. På avstand kan ein sjå øyane som er stengt for allmenheita, nemleg Edgeøya, Barentsøya og Nordaustlandet. Til og med sørenden av Bjørnøya kom til syne i eit hol i det evige skydekket over Nordis- og Barents-havet. Det er avstander over havet der nord. Frå Tromsø er det nestan like langt nordover til Longyearbyen som sørover til Gardermoen (Oslo). Frå Oslo er det berre litt lenger til Kanariøyane eller Egypt, enn det er til Svalbard.
  2. Våpen på Svalbard. Sjekk denne linken. http://www.sysselmannen.no/hovedEnkel.a ... id=2351437 . Svalbard kan oppfattast som internasjonalt område, så det vil ikkje overraska om pass vert innført, om det ikkje allereie er det. Har ein ikkje vore på Svalbard er det mykje ein ikkje veit om reise til og frå. Ein skal vera klar over at når ein kjem frå Svalbard og attende til Fastlands-Norge, skal ein gjennom tollen. Det er det same om de går av flyet i Tromsø eller Oslo. Flyet går til ein gate der ein må gjennom tollen. Slik var det sist sommar iallfall, då flyet landa i Tromsø etter 3 herlege dagar på Svalbard. Dei som skal til Svalbard kan gle seg til turen. Det er eit eventyr og oppleva den kalde ishavs-øygruppa på 76-80°N. Dyrelivet er mykje meir intenst også. Svalbardrein, svalbardrev, eit eventyrleg fugleliv, sel, kvalross, m.m. Isbjørnen er den største attraksjonen, men den viser seg ikkje særleg ofte. Flott planteliv i småskala er det også, men absolutt alt som veks på bakken er totalfreda. Sjølv fekk eg med meg guida båtturar (Spitsbergen Travel) til Barentsburg, Pyramiden, Esmarcbreen og Nordenskiøldbreen. Ein kan leiga bil på Svalbard, noko eg gjorde, og tok turen til både Bjørndalen, Adventdalen og gruve 7 i den lyse augustnatta, (midnattsol i tida 19/4-23/8 på 78°N). All ferdsel er på eige ansvar, og ute i terrenget er våpen sterkt tilrådeleg. Trur det er påbode også. På guida turar har guidane med seg våpen også. Det fortel vel sitt. Så er det mykje god mat på Svalbard. Tipset er kvalbiff frå definitivt arktiske strøk. Rimelegaste overnatting er på Spitsbergen Guesthouse i Nybyen, drøye 2 km. ovanfor sentrum i Longyearbyen. Så har ein hotell og rigg for overnatting. Busstransport mellom flyplassen og Nybyen/hotell/sentrum i forhold til flyankomst og flyavgang. Helsing artsfrenden til svalbardreven.
×
×
  • Create New...