Jump to content

Finnbear30-06

Members
  • Posts

    85
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Finnbear30-06

  1. Først vil eg applaudere eit dette flotte tiltaket! :D

     

    Eg er ei 18 år gammal jente med jegerprøven, og tilgang til til terreng med hjortejakt. Eg er foreløpig ikkje medlem av NOJS, men det fikses på flekken om det blir aktuelt.

    Som nicket tilseier har eg fått brukt ei rifle, men eg har to søstre med jegerprøven, så me er mange om beinet...

     

    Student er eg og, og kjem til å vere det i mange år framover.

     

    Det var min lille søknad, seint, men forhåpentligvis godt :wink:

  2. Hopalong: Det som mest sannsynlig har skjedd med epletrea dine er at dei har begynt med vekselbæring, altså mykje eple eitt år, og lite det neste.

     

    Dette kan du bli kvitt ved å tynne vekk noko av eplekarten på år det er mykje kart.

  3. Skaut min første hjort i går, ein bukk som mest sannsynlig har hatt 6-8 tagga, men mesteparten var knekt.

     

    Dyret datt rett ned i smellen, men stoppa ikkje der...Posta på toppen av eit bratt gjel, så den ramla ca 200m i kollbøtte nedover ura. Det hadde visst blitt sagt om plassen at "om du leite plassen rundt med lykt og lupe, så finne du ikkje j****are plass!" :wink:

     

    Flott start, kan jo håpe at den satte standarden 8)

  4. Eg leser mykje på trådene som ofte blir "chatta" i, og eg har lagt merke til at enkelte moderatorer har tatt litt av (mi meining) når det gjeld å slå ned på sitering.

     

    Syns det er meiningslaust å slette eit sitat på ei linje (greit nok om det er chat), men ein bør heller ta dei som siterer laaange innlegg, ofte med bilder.

  5. Drar opp igjen denne tråden, etter et fortreffelig måltid på hybelen. :)

     

    Som jegerer er det jo klart at en må ha viltmiddag på hybelen! Me lagde ei hjortegryte i fløtesaus, med ovnsstekte potetbåtar til.

     

    Finn så mange poteter du trur du treng, ta et par til, vask dei og kutt i båtar. Ha olje på kuttflatene og legg dei på et brett med skallet ned. Dryss på salt eller anna ønska krydder. Sett desse i ovnen på ca 200oC til dei er ferdige (ca så lang tid det tar å lage resten).

     

    Skjær kjøttet i lillefingerstore biter (me hadde faktisk både rein og hjort, man tager hva man haver osv…). Steik kjøtet til det er ca gjennomsteikt og legg dei på eit fat, bruk krydder under steikinga til den som vil ha det. Juksekraft lager ein med å ha litt vatn i panna og koke ut. Ha alt kjøttet oppi igjen og tilsett fløte. Ikkje spar på den!

     

    26012009201056Mu1q9eY9R8Tw.jpg?91

     

    26012009201057sHtU4n5lxb27.jpg?47

     

    Så skal alt småkoke nokre minutt, så er det klart for servering. Potetene skal vere ferdige ca samtidig.

     

    26012009201057bFOu8I6d75y4.jpg?34

     

    I ekte hybel- ånd serveres retten uten grønnsaker, og med Sørlandschips :D .

     

    26012009201057N9Yn9HDHs838.jpg?52

     

    Enkel og vanvittig god middag på ca 45 minutt, men kjøttet treng jo lang tid i forvegen på å tine.

  6. Har fulgt denne tråden lenge no, og har veeeldig lyst til å bli med!

     

    Problemet er berre det at kjæresten fyller 18 samme dagen og dette skal selvfølgelig feirast. Prøver å overtale han til å bli med (har er jo tross alt medlem av forumet), men han har delvis et opplegg med kompiser...

     

    Så kva gjer ein då? Håper at de flytter feiringa selvfølgelig.....

  7. Råmelkspudding, eller spannost som me kallar det, er obligatorisk om hausten under kalvinga og så frys me overskuddet, slik at me har året gjennom :)

     

    God dessert, og sikkert minst like effektivt som ein CuraMed-tablett (staves slik?)

×
×
  • Create New...