Jump to content

beagle

Members
  • Posts

    679
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by beagle

  1. eies, eg trur du må snakke med saueeigarane frammi dalen og få dei med deg på at jervebåsen skal vere i drift og på dei vilkåra du vil ha.

    Kor langt er det fra båsen og til reveåte?

    Motargument er jo at han øydelegg for jervefangsten med sitt åte :-)

  2. Har ikkje fått reven til å kome inn på åte dei siste tre vekene. Har sett den fleire ganger i god fart passere åte på god avstand. Har fått den til å stoppe eit par ganger, men av har prestert å skyte bom! :(

    2 ganger har dette skjedd og da har reven vore borte i ei veke før den forsiktig har visst seg godt ute i dei mørkaste partia rundt åte.

    Sauen som ligg der er visst ikkje så fristandes. Fekk litt kyllingfilet som var gått ut på dato i går. Lurte på om eg skulle vente eller spre det ut på marka rundt åte og bort mot der eg har sett reven dei siste gangane.

    Klarte sjølvsagt ikkje å vente så seint i gårkveld var det ut med godsakene. Noko av det lukta skikkeleg, bra at eg venta med å opne pakkene til eg var ut kommen.

    La meg tidleg for å stå opp kl 04.30, lurde meg inn på badet der eg har rigga meg til og skyt fra. Såg ingenting som forventa. Brukte porselenen til det som den er tiltenkt. Har høyrt reveskrik eit par kveldar og ville høyre etter om det var skrik ute. Oppner glaset forsiktig og står og lytter. Der for det ein mørk skugge ned fra den borteste plassen med godbiter, rev ikkje nokon stor rev men ein rev! Borte var den. Venta eit par minutt, og der kom den igjen :-). Rett opp til godbitane og opp på ein liten snøhaug der det låg tre biter.

    Står og sikter på den, men med bilen til naboen i bakgrunnen så er det uforsvarleg å skyte.

    Har den i siktet der den står og sikter fremdelse på den når den byrjar å gå. Pokker og, eg må oppne glaset meir for å ha den i siktet. Mens eg gjer dette forsvinn den ut av synsfeltet mitt. Bruker kikkertsiktet og saumfarer hele marka men ingenting å sjå. Der kjem den fram fra baksida på garagen, passerer åte på 10m avstand før den stopper opp.

    Avstanden til glugga er 50m og raudpunkten i kikkerten ligg på rett plass. Eit kontrolert avtrekk og rev nummer 6 for sesongen er klar for å hengast opp på furtebua :D

  3. Har observert mange revespor på markene rundt huset mitt. Har fått tak i litt kjøt som har gått ut på dato fra ein butikk og kutta det opp i små biter. På søndag kasta eg ut to kløyvde smalahove, var vekke dagen etter. Mandag så var det nokre kilo med koteletter som gjekk samme vegen, borte dagen etter. Tirsdag prøvde eg kasta ut litt hundemat, men det rørde ikkje reven. I kveld hivde eg på 2kg med kyllinglår. Og har teke 3 små posteringar i baderomsglaset.

     

    1 rev kom springande gjennom tunet og bort til åtle kl. 22.15.

    1 rev kom lurande i utkanten av lyset og ville ikkje heilt inn på åtle kl. 00.35.

     

    Foreløbig så ligg det 2 rev attmed garasjen, får prøve om det kjem ein til i natt.

     

     

    Åtle ligg foresten attmed garasjen, 3m fra veggen :smile:

  4. Her er det 2 motstridande opplysningar om kva opplæringa til politiet dekker!

     

    Avliving av dyr er ikke en obligatorisk opplæring/leksjon ved PHS i dag. Det var det "før i tiden". Den praktiske og løsningsorienterte politimannen har måttet vike for akademikeren.

     

    Avliving av hjortevilt er pensum på phs! Når tenkte du å spise det politiskiltet eies? Lager du film og legger en link i tråden?

     

    Lurer litt på kva som er rett.

    Eit av utsagna må vere feil, og for eies har det stor betydning for fordøyelsen kva som er rett og feil. :winke1:

  5. Medlemmane i kompetansegruppene til NKK er valde. Dei som er der er foreslått av f.eks. ein hundeklubb.

    Hausten 2012 (hugsar ikkje nøyaktig dato) so var det ein ny runde der hundeklubbane (det er dei eg har kjennskap til) skulle koma med forslag på medlemmar til dei ulike kompetansegruppene. Kva tid dei skulle velgast hugsar eg ikkje.

    Reknar med at andre også var invitert til å koma med forslag til personar i gruppene.

  6. bland hjorten med tynnribbe av svin istede, så kan det hende at kjøttdeigen kan brukes til noe også :winke1:

     

     

    Øydelegge god mat med å blande den ut med anna kjøt :roll:

     

    Til gryterettar, taco og andre ting der ein brukar berre kjøtdeig så er det unødvendig å blande den.

     

    Skal du lage kjøttkaker så er det opp til oppskrifta korleis du gjer det. Mange påstår at dei må blande inn svin for å få kjøtkakene til å henge saman. Eg har reint hjortekjøt og fine faste kjøtkaker. Brukar litt potetmjøl for å binde dei saman og det fungerer veldig bra for meg.

     

    Er ikkje sikker på om hunden hadde vilja ete kjøtkakene om eg blanda svin i dei. Skal eg ha kjøtkaker av svin så lager eg det av svin, og øydelegg ikkje det som kan bli gode hjortekaker.

  7. Klart du kan blande rådyr og hjort. Men eg hadde ikkje gjort det! Det er etter min meining stor forskjell på smaken mellom dei to kjøttypane og slutt produktet vil derfor ha ulik sm ak.

     

    Kor mange ganger du vil kverne er opp til deg. Me bruker kvern med 3mm holskive og kverner stort sett berre 1 gang. Medan foreldra mine køyrer gjennom 2 ganger på samme maskina. Smak og behag, men eg likar litt grøvre kjøtdeig, tykkjer det er meir smak då ( sikkert berre inbilling).

  8. En anne sak er at dette er produktet av Utøya, og som kom opp i dagen svært kort tid etter tragedien, før folk klarte å tenke klart igjen.

     

    Har folk byrja å tenke klart igjen?

    Eg vil på ingen måte forsvare bruk av våpen når dei er brukt til å drepe folk. Men uansett kvar i verden den vestlige verden nokon vert drept med våpen så starter rabalderet på nytt i media og blant ein del av våre politikara. Våpen må forbys, det må bli strengare våpenlover osv.

     

    Som jeger og våpeneigar så tykkjer eg det er synd når slikt vert fokusert på i media. I Norge har me eit lovverk som er strengt nok, og som allerede setter store begrensningar i kva den einskilde kan eige av våpen og våpentyper.

  9. Hund og eiere kan samles på Finse for en fredfull nyttårs feiring !

     

    Er det nokon på Finse som har gjort deg noko, sidan du vil hindre dei i fyrverkeri? :winke1:

     

    No smell det godt rund huset på alle kanter. Resten av huset er allt komne til sengs og det er ikkje lyd fra nokon, verken 2 eller 4 beinte.

  10. Krydder til hjortekjøt.

     

    Ta allt krydderet du har i skapet, lukt på alle før du setter det inn i skapet igjen. Hjortekjøt er allt for mykje smak i til at eg kamuflerer den med krydder. Bruker heller ein saus med mykje smak.

     

    Skal du først kryddre så kan du like godt bruke PIFFI eller eit anna universalkrydder i rikeleg mengde på ein ytrefilet av gris. Den har ikkje så mykje smak fra før.

     

     

    Til bruning så er det meierismør som gjer best resultat med Melange margarin som eit alternativ.

     

    Steiketermometer er lurt å bruke for å ha kntroll på temperaturen, den stiger raskt på slutten.

  11. - men det finnes alltid noen jævler der ute i antakeligvis prepubertal alder som begynner allerede i romjula, men aller verst fra mørkets frambrudd på selve nyttårsaften.

     

     

    Heldigvis so hugsar eg framleis at eg har vore ung og sendt opp fyrverkeri både i tide og utide. Rakettar vart sendt opp på fest i heile julehelga utan at det var noko problem.

     

    No vert det berre på nyttårsafta, men som regel 2 ganger. Fyrste gangen er rett før junior skal legge seg, han vil sjå fyrverkeriet men klarer ikkje vere vaken til midnatt. Hunden får lov til å vere inne medan me skyt opp det me skal.

  12. Jeg stiller meg undrende til hvordan kvotene fastsettes. Nå er ikke jeg noen ekspert, men jeg tror hensynet til grunneiers ønske om profitt må avveies mot den langsiktige forvaltningsplanen for hjorten i de aktuelle hjortetrekkene. Jeg konstaterer at Jølster har 14 vald mot Luster med sine 87 (!)

     

    Sidan du likar å samanlikne så kan me gjere det med fleire tal for Luster og Jølster.

     

    Totalt areal: Luster kommune 2608,4 km2 Jølster Kommune 671 km2

    Tellande areal: 571,3km2 199,7km2

    Snitt valdstørrelse: 6,6km2 14,3km2

     

    Som ein ser så er det stor skilnad på snittstørrelsen for valda i dei to kommunane slik det er for tellande areal og totalarealet for kommunane. Det er og stor forskjel på kommunane geografisk, noko som ein ser fort på eit kart. Og her ligg noko av grunnen til at det er mange fleire vald i Luster enn i Jølster. Med samme snittet på valdstørrelsen i begge kommunar så ville det alikevel våre 3x så mange vald i Luster.

     

    Statistikkar er ein moro ting å jobbe med men det er ikkje alltid ein kan få noko anna enn ein teoretisk samanlikning. Ofte er det faktorer som ein ikkje klarer å få inn i ein statistikk.

  13. Det er vel kansje sånn att vestlendingene tror det værste om hundefolk ,Jeg påpekte bare at det finnes unntak deriblant for jakthunder som jeg er eier av .Selfølgelig har vi tilatelsen i orden før vi slipper hundene men ingen kan påstå vi har full kontroll på hundene 1000m ute

     

    Som sagt så er ikkje problemet dei som har tilatelse til å slippe hunden sin. Og dei fleste gjer det dei kan for å hindre uhell, dei har aversjonsbevis for sau eller rein kansje begge deler. Men me veit at ikkje alle gjer det dei skal eller viser den varsemda som dei skal.

     

    Kan bruke min eigen svigerfar eller svoger som eksempel. Når hundane vert lufta morgon eller kveld skal dei springe lause i 10-15 min i skogsterreng uansett årstid. Eg luftar alltid min hund i band når det er bandtvang eller dyr på beite, sjølv om eg har saueaversjonsbevis. Det vil sei eg kan sleppe den når sauene som beiter på min eigendom er vekke.

     

    Har alltid lurt på kvifor det vert blånekta for at enkelte ikkje fylgjere lova, men at ein henviser til at ein sjølv gjer allt korrekt. Trakkar eg nokon på tærne?

  14. Det er ingen som sier at vi kan slippe hunder som vi vil på østlandet også. Og det er alment kjent at man følger lova slik det er intensjonen. Men det er noen som tolker loven på en litt annen måte en hva andre gjør, det er synd, det er også synd at lovverket har den åpningen til fri tolkning.

    Og om Du tar til deg det jeg skrev så er det din sak, det var det ikke fra min side, men traff tydeligvis et ømt punkt, det var egentlig synd at jeg gjoorde det...

     

    Har ikkje teke til meg det du skreiv så det er ikkje noko problem.

     

    Gjennom tidlegare tråder her på Kammeret så har dette blitt diskutert mange ganger. Og ofte er det mange som tolker lova til at det er fritt fram å slippe hund uten å ha tillatelse til det. Og det er ikkje intensjonen med lova.

    Det er alment kjent at mange følger lova men diverre så er det og alment kjent at mange ikkje gjer det. Treffer ofte på andre hundeeigara når eg er på hytta ( ligg på austlandet) som benytter sjangsen til å slippe hunden laus uten å bry seg om yngletidsfredning eller ordinær bandtvang. Og det er dei som er problemet og ikkje dei som venter til etter den 20 .8 og som tar hensyn til vilt og beitedyr før dei slepp hundane lause.

  15. Har en følelse av at noen her leser denne loven som fanden leser bibelen, det skulle tilfeldigvis ikke ha noe å gjøre med geografisk tilhørighet blandt enkelte, for her på Østlandet er ikke dette noe problem slik det blir beskrevet her.

    Om det er meg du sikter til så les eg det som står skrive i lova. Og ikkje det som eg meiner skulle ha vore der :smile:

     

    Ut fra min bustad som ikkje er på austlandet so må me diverre dagleg prøve å forklare folk som trur og ikkje veit kva som står i hundelova at me faktisk har lov til å bruke hundane våre på jakt og trening mens det framleis er beitedyr ute. Men at det er eit lovverk som regulerer det, og at lovverket er blitt forandra. Me fekk eit viktig skille i 2004 med verknad fra 2007 i korleis me kan bruke hundane våre på ein lovleg måte.

     

    Det er flott at ein på austlandet kan slippe hundar som ein vill utan å bry seg om kva som er lovleg. Me andre får prøve å fylje lova, noko som ikkje er noko problem. Det set ein del begrensningar, slik som at me ikkje slepp hundar før etter 20 august. Spørr om lov til å gjere det osv.

  16. Hei beagle.

    du bør ta med untaka i lovverket også :D

     

    § 9. Unntak fra sikringsreglene

     

    Båndtvang fastsatt i eller i medhold av §§ 4, 6 og 7 gjelder ikke for

     

     

    Eg valde å sitere den § som vert mest synda mot blant hundeeigara flest, og linke Lov om hundehold og rekna med at folk tok seg tid til å lese den om dei ville vite kva som stod der.

    Du refererer til § 9. Unntak fra sikringsreglene og meiner det kansje då er fritt fram for å slippe hund som du vil? Det er den største feilen som vert gjort blant jakthundeigara.

    Les "§ 8. Særlig om hundedressur, jakt og fangst

     

    Jakthundtrening, jakthundprøver og dressur kan bare foregå med samtykke av grunneieren eller den som har en allmenn bruksrett til eiendommen. For statsallmenningene gis samtykke av fjellstyret.

     

    For bruk av hund under jakt og fangst mv. gjelder også viltloven § 23, jf. § 26, og reindriftsloven § 65.

     

    Endret ved lov 15 juni 2007 nr. 40 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 15 juni 2007 nr. 627). "

     

     

    § 9. slik den står hindrer kommunane i å lage forskrifter på generell basis som stopper hundeaktiviteter. Men det er ikkje lov å gå bort i skogen og slippe hunden din utan at du har oppfylt krava i § 8.

  17. HEr er det ikke båndtvang nå. Den intreffer senere på vinteren. Så mesteparten av det Vingemuttern lirer av seg er bare tull. Reglene i sverige kjenner jeg ikke men jeg går ut i fra at du ikke kan skyte en ulv om du ser den i skogen. Kanskje du kan skyte den hvis den angriper tamfe, men da kan du også skyte hund. Er bikkja etter elg kan du i Norge IKKE avlive den. Og i hvert fall ikke nå så lenge det ikke er båndtvang.

     

    krone, mykje av det som Vingemutteren har skrive er ikkje tull. Har linka til gjeldande hundelov så bruk litt tid på den. Spesielt kapittel 2. Sikring av hunder. Det er strenge krav til å ha ein hund laus uansett om det er bandtvang eller ikkje.

     

    http://www.lovdata.no/all/hl-20030704-074.html#map0" target="_blank

     

    Kapittel 2. Sikring av hunder

     

    § 4. Alminnelige regler om sikring av hund. Vilkår for å la hund være løs

     

    Hunder kan være løse bare når de

    a) blir fulgt og kontrollert på aktsom måte, eller

    b) er forsvarlig inngjerdet på et sted som ikke er åpent for allmenn ferdsel.

     

    Den som holder en hund i bånd, skal være i stand til å ha kontroll med hunden, hvis de ikke blir ledsaget av noen som har slik kontroll.

     

    Hundeholderen skal påse at hunden ikke farer mot, hopper på, forfølger eller stiller seg i veien for folk som ikke godtar dette. Har en hund dette for vane, skal den bli holdt i bånd på steder som er åpne for allmenn ferdsel.

     

    Hundeholderen skal vise særlig aktsomhet der det er barn, for å hindre slik kontakt mellom hund og barn som barnet eller voksne som følger barnet, ikke inviterer til, og for å forebygge at barn blir skremt. Om nødvendig skal hunden bli satt i bånd eller holdt tett inntil hundeholderen.

     

    Hunder skal alltid holdes under slikt tilsyn at de så vidt mulig hindres i å drive eller forfølge vilt, jf. likevel § 9 tredje ledd.

  18. Er desverre ikkje tradisjon for å skyte inn jula her eg bur. Bygda mor mi er fra hadde/har tradisjon med å skyte inn jula kl. 1700 på julafta. Dette for å markere julefreden! Det ein må hugse på er at i gamle dager so var julafta ein normal arbeidsdag og ikkje ein fridag slik det er for mange i dag.

  19. Lovverket og forskriftene kring ettersøk av storvilt er ryddige og klåre.

     

     

     

    Korleis bruk av kunstig lys ved ettersøk blir handtert i ulike kommunar vil vera ei interessant gransking.

     

    Sjur du treng ikkje å reise lenger enn til nabokommunen din før du kan byrje å granske korleis kommunen handterer lysbruk på ettersøk. Ettersøk med hund er ikkje lov, men jaktoppsyn reiser ut med lommelykt og prøver på eigahand. Med vekslande resultat.

×
×
  • Create New...