Jump to content

s85

Members
  • Content count

    7
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

0 Neutral

About s85

  1. REVEJAKTEN 2016-2017

    Fullt mogleg dette er diskutert tidlegare. Men ein jaktkompis av meg må få kjøpt seg eit nytt kikkertsikte til sin CZ i 22 Hornet. Han sit på eit åte ved ei myr i skogen og har ikkje hjelp av kunstig lyskilde. Holdet til åta er ca. 70m frå der han har ordna seg post. Eg veit ikkje kva for eit budsjett han har, men han har ønske om opplyst retikkel/dot i siktet. Nokre som har tips?
  2. Jegere söker jakt i Vestfold

    Eitt anna tips er å høyra med bøndene i området deira om revejakt. Slik jakt pleier ikkje koste mange pengar, men kan vera rikt på opplevingar.
  3. Reven den største synderen.

    Dette var berre eit forslag G.Larson og slett ingen fasit. - Årsaka til at eg la fram dette er at Notodden kommune i Telemark nettopp har ein lignande konkurranse som vert gjennomført til stor stas. Eg trur at Notodden jeger og fisk har gått inn eit samarbeid med Sport1 på Tuven slik at samskipnaden vert sponsa med gåvekort i staden for reine pengar. Dette har verkeleg auka interessa og minka revebestanden. Noko lignande kan sikkert gjennomførast som tiltak mot mindre rovvilt. Eg les her på Kammeret at "mårfangt trådane" er rikt illustrerte og med mykje deltaking dei gongene det ligg ein premie i trådane. Dei andre sesongane er langt frå like gjevande. Vi menneske verdset fritida så høgt at eg trur det vert vanskeleg å mobilisera store grupper til bekjemping av rev slik situasjonen er rundt omkring i kommunane. Kom med forslag kameratar, det finst heilt sikkert mange løysingar. Forslaget mitt fungerer i ein kommune, kanskje ikkje i ein annan.
  4. Reven den største synderen.

    Eg håpar og trur at vegen til meir målretta avskyting på rev bør gå via viltforvalting eller lokale jeger/fiskesamskipnader. Auk pengesummen for kvar felte rev i kommunen. Det finst sjølvsagt mange måtar å gjera dette på, ein konkurranse kanskje? Poenget med noko sånt er å få mobilisert òg storviltjegerar til å pella ned elgrifla etter avslutta elgjakt for så å jakta rev. Vi er alt for få jegerar i Noreg som jaktar for å verna småviltet. Skinnprisen er i dag sørgjeleg låg så den motiverer ikkje. Eit forslag til helårs konkurranse: 3 premiar på tilsaman 9000kr i kalenderåret. Fordelt på: 3000kr til jegeren med flest dokumentert felt reiv. 3000kr til jegeren med størst dokumentert felt reiv. 3000kr etter vilkårleg trekking av dei andre jegerane som har dokumentert felt rev.
  5. Sakoklubben

    Eg reknar med du refererer til meg med det innlegget? Med "anna småvilt" så meiner eg kråkefugl og grevling - ikkje matvilt. Eg har allereie ein Sako i 6,5x55 som eg brukar på bever, rådyr og hjort. Skjønner godt argumenta dine, og det klokaste med tanke på ammunisjon og økonomi er nok 223 Rem, men her vel eg å trassa klokskap. Eg synest rett og slett 204 Ruger er ein mykje meir snasen patron med den vesle kula i tuppen.
  6. Sakoklubben

    Melder meg gjerne inn i klubben her på Kammeret med ein Sako 85 i kaliber 6,5x55 . Eg er veldig godt nøgt med Sako og sparar no til ein ny rifle i 204 Ruger som eg har tenkt til rev og anna småvilt. Les at Schou ikkje har akkurat 204 Ruger på heimesida men det finst vel ei løysing slik at ein stakkar for bestilt.
  7. Ny brukar

    God kveld Eg for vera hyggeleg å presentera meg sjølv i korte trekk. Den største interessa mi ligg i jakt på storvilt og småvilt. Ut ifrå min gjesta tilvere på Kammeret har eg søkt fram mykje interessant og ikkje minst mange gode jakt rapportar. No er ikkje eg ein god skribent sjølv, men eg er flink til å lesa! Eg har først no i ein alder på 40 år verkeleg fått auga oppa og lesebrillene på når det gjeld å lada eigne patroner. Dette er eit tema eg kjem til å fokusera mykje på her inne. Eg er heilt i startfasen og det verkar utruleg inspirerande og kunna denne kunnskapen.
×