Ivrig småviltjeger som jaktar med hagle og 22lr.
I fleire år har eg tenkt på og få fatt på eit grovare kaliber, og har tenkt på 6,5x55. Ynskjer og kunne jakte sel, skyte rype på lengre hald og Ikkje minst få has på reven som ofte snik rundt på tunet. Kan nevne eg mest har erfaring med 22lr, knapt nok skutt med anna riflekaliber.
Har jakta heilt åleine alle dei år, so har ikkje nettverk med andre jegere for utveksling om våpenerfaringar. Har sett trenden på nett at folk går over til systemvåpen og DYRE kikkertsikter. Og ikkje minst, mykje modifisering. Eg har for det meste alltid brukt min gamle brunosalong og har fangsta mykje fugl. Skyt ein del tusen skudd årlig og treff der eg vil.
Kjøpte for ein del år sidan ein splitter ny CZ salong, 455 systemutgåva med dempar. Solid salong som går godt. Funderte ei stund om eg skulle kjøpe eit 17hmr løp, men kvifor ikkje berre hoppe overt på storviltkaliber med det samme?
No er eg i utganspukte ikkje so nøye om korleis eit våpen ser ut, i jaktsamanheng vert no det slitt etter mykje bruk. Hakk og overflaterust er no nesten halve sjarmen på eit bruksvåpen. Det viktigaste for meg er solid mekanisme og stabilt løp.
Såg ein mauser m98 på finn.no som eg lurar på er noko og satse på?
https://www.finn.no/bap/webstore/ad.html?finnkode=97436707
Har som sagt ingen peiling på våpen utover dei eg har, bruno og cz 455-salongrifle, ukjent gamal enløpshagle og nyare remington 870.
Har helder ikkje tenkt og blakke meg på sjølve rifla. Maks 5-6000 kr. Kikkert får eg sjå kva det vert til.
Nokon som har innspel på ei god billig rifle? Kanskje har du ei i skapa til salgs?