Jump to content

Mine erfaringar med Hodgdon Varget krut...


xc70

Recommended Posts

Som dei fleste andre heimeladarar har eg vore innom det meste av krutsortar på leit etter den ultimate samlinga/presisjonen.

 

I haust når det var "tørke" på vithavouri, og det meste anna, tenkte eg at eg skulle forske litt på eit alternativ. Dei fleste, eller alle som ladar her rundt om, brukar Vithavouri. Godt krut det, men er lei av å ha 3-4 forskjellege krutboksar ståandes. Kva med å finne eit krut som kunne vere so "fleksibelt" at det kunne brukast til fleire kaliber og til forskjellige kulevekter? Drømmen er å ha kun ei krutboks å forholde seg til.

 

Eg har Tikka T3 light i kal 6,5x55 og 223 med orginal lengde på løp (57cm?).Timar på nettet blei brukt og ei boks Hodgdon Varget blei handla inn. Dette skal vel ikkje vere det optimale i 6,5x55, men eg ville prøve. Nett med tanke på å kunne ha berre denne eine boksa med krut å forholde seg til.

 

Starta med testing i cal 223:

 

Testskyting er med tofot og pøll under/bak kolbe og på 100m. Vil tru at samlingene kan krympast litt i benk. Ville ha kuler til trening, varmint til rev og kuler til fugl. Har kjaurt uttallige ganger til og fra heim og skytebane med testladninger frå min til max. Her er mine ladningar som eg no er fornøgn med.

 

# 40gr Hornady V-max med 26gr Varget, som gir i mi rifle ca 930ms og ei samling på ca 15mm.

 

# 69gr Nossler cc og Lapua scenar 69gr med 23,5 gr Varget, som gir i mi rifle ca 820ms og ei samling på ca 20mm.

 

# 77gr Lapua scenar med 20,5gr Varget, som gir ca720ms og ei samling på ca20mm. Denne skal eg prøve på fugl.

 

# 55gr Sierra fmj med 24gr Varget, gir ca 810ms og samling ca 30mm. Skal og prøvast på fugl.

 

# 50gr Sako fmj med 25gr Varget, gir ca 860ms og samling 25-30mm. Må og prøvast på fugl .

 

 

 

Så til 6,5x55 der eg vart positivt :D overraska:

 

Her blei det og mykje fram og tilbake til skytebane med testladningar frå min til oppunder max.

 

# 85gr Sierra varmint med 42gr Varget, gir i mi rifle ca 920ms og samling på ca 25-30mm.

 

# 140 gr Sierra matcking med 36gr Varget, gir ca 750ms og samling ned mot 15mm.

 

 

Etter mykje fram og tilbake ser det ut til at eg har funne mitt krut og mine ladningar. :D Har vore ei lærerik tid og ser fram til å ha kun denne eine krutboksa å forhalde meg til. :D

Dette er data som passar til mine rifler og dermed ikkje nødvendigvis vil passe i andre sine rifler. Hylsene mine ser fine ut uten sot og uten trykkteikn. So alt i alt er eg no meget godt fornøgd. Det neste som no kan velte heile lasset, er tørke på Hodgedon Varget. Difor har eg i dag handlet inn 3,6kg Varget. Gledje! :D

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...