x-force Posted May 28, 2013 Share Posted May 28, 2013 (edited) Ulvik Jaktbogelag inviterer til to dagars 3D stemne i Ulvik laurdag 31 august og søndag 1 september. Resultat frå laurdag og sundag vert slått i saman og det er totalsummen som vert telande resultat. Etterpåmelding mellom 10.00-11.00 laurdag. Stemnet byrjar kl 12 på laurdag. På søndag startar me kl 10.30 og vil vera ferdig i god tid for dei som skal reise langt. Reglar: Laurdag skyt me 24-måls 3D-jaktsti. Søndag skyt me og 24-måls 3D-jaktsti. Løypa vert bygd om mellom laurdag og sundag. Fullstendige reglar vil stå på poengkortet. Klasser: Buer m/sikte: senior, junior (11-16 år ) og rekrutt ( yngre enn 11 år ) Buer u/sikte: senior, junior og rekrutt Det blir premie til de 3 beste i kvar av seniorklassene. I junior er det premie til alle. I tillegg til premiering på skytinga er det trekning av deltakarpremie blant alle som startar Deltakaravgift ( laurdag og sundag ) Senior :350 Junior/rekrutt :100 Påmeldingsfrist: 27/08 send melding til aevik@hotmail.com eller tlf. 91111376 Gi også beskjed om du ønskjer middag på laurdag. Laurdags kvelden vert da sosialt samvær med enkel servering. Her vil Hamish Skead frå Lowlands hunting safaries vise film og bilde frå jaktområda deira. Uttrekningspremie. På laurdags kvelden er det trekning av ein deltagerpremie. Premien er ein 6 dagars jakttur til Lowlands Hunting Safaris. Inkludert i premien er og eit vortesvin, ein Impala og ein blesbuck (eller eit dyr med tilsvarande trofé pris). (Flybilletten er ikkje med i premien) Tidspunktet for jakta avtalast med Hamish. Juniorar og rekruttar er diverre ikkje med i trekninga. Overnatting/mat: Camping/telting ved Osa Grendahus (like ved banen). Mat og drikke kan ein kjøpa ved løypa under konkurransen begge dagar. Laurdags kveld serverast ??? m/tillbehør, kr 120,- pr person. Me riggar til leiren på fredag. Her kan du sette opp telt eller parkere campingvogn/bil. Me fyrer opp ein stor grill, der du/de kan grille medbragt mat. Det vert bålbrenning og sosialt samvær utover kvelden. Innskytingsbanen er open for skyting heile helga, 10-40m. Velkomen til stemne! Ulvik Jaktbogelag v/leiar Aun Egil Vikør 91111376 Edited July 11, 2013 by Guest Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
x-force Posted June 25, 2013 Author Share Posted June 25, 2013 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
x-force Posted August 16, 2013 Author Share Posted August 16, 2013 Minner om påmeldings frist for stevnet er 27.08.2013. Send påmelding til: aevik@hotmail.com På grunn av dobbel booking av Grenda Huset, har me dessverre ikkje tilgang til da i år. Anbefale derfor alle tilreisende å ta kontakt med Ulvik Camping Middag og sosialt samvær på lørdags kveld, blir på Ungdomshuset (ca 5 min å gå fra campingen). Mer informasjon vil bli gitt på lørdagen. Mvh Aun Egil Vikør http://www.camping.ulvikfjord.no/index.jsp" target="_blank" target="_blank Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.