Trolldal Posted November 6, 2012 Share Posted November 6, 2012 Endå ein hjortejakt haust er i ferd med å ebbe ut det er på tide å begynna å oppsummera litt.Her på sørvestlandet som eg jakte er det merkbart blitt mindre dyr dei siste 2 åra.Det merkast litt i fjor og endå meir i år.Me kjem til å be om redusert tildeling til neste haust,før bestanden får eit skikkeligt krakk.Me hadde 4-5 år som bestanden var skikkeligt svær,det vrimla av dyr.Men dyra var små og bukkane vart aldri gamle nok til at dei kunne oppvisa eit skikkeligt gevir.Eg håpa me greie å forvalta stammen slik at me kjem på eit nivå me hadde på 80-tallet.Då hadde me ein stamme som var stor nok og heller ikkje for stor slik at det blei mykje beiteskader som igjen satte press på myndighetene til å auka kvotane. Så lenge det fins ein hjort i skogane vil det vera ei eller anna ekra som hjorten går på,det kan ein ikkje unngå.Men nå er ein komme så langt at ein ser på hjorten som ein stor ressurs og då må ein fovalta den deretter.Ikkje som i enkelte område nå,gi altfor mange løyve slik at det blir mange som gjer gode pengar på å leiga ut,eller til andre som jaktar sjølv og selger dyra til oppkjøperar. Eg er grunneigar sjølv og slepp å leiga jakt,men det eg vil påpeika er at me må sjå mange år fram når me skal planlegga og forvaltya hjortestamma.I eindel av nærområda mine meina eg at det ikkje er forvaltning i det heile tatt.Og det er trist å sjå resultatet av dette. Når det gjeld jakta i haust så er det merkeleg korleis det enkelte år er slik at ein vassar i bukkar medan andre år er håplaust å få sjå eit gevir i det heile tatt.I år var det eit "bukke år" for min del.Fantastisk spennande og innhaldsrikt.Det var bukkar som kom på lokking,bukkar som kom spaserande rett på meg og bukkar som låg utan å stikka av før eg såg dei. Begynna faktisk å grua meg litt til neste år som etter alle soledømme då skal gje meg ein haust utan ein bukk å sjå!! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.