Jump to content

Kronografering av rhino 140 grain i 6,5x55


Kolbein

Recommended Posts

Har nett vert på skytebana og kronografert 140 grain rhino kuler i 6,5x55. Fekk desse resultata: 833m\s, 834, 825, 833 og 839. Har brukt 46 grain N-160 krutt og våpenet er ei Schultz & Larsen med 55cm lang pipe. Har ein kompis som har våpen i same kaliber men eit anna merke, som og har lada sine patroner med same kule og lik mengde krutt. Han fekk derimot gasslekasje rundt tennhettene og dårleg samling. Slik eg har forstått det, er dette tegn på for høgt trykk. Har sjølv ikkje fått nokon gasslekasje rundt tennhettene og samlingene mine med rifla i benk er bra. Nokon her inne som har erfaring med desse kulene og om 46 grain N-160 for desse kulene er i grenseland for kva som er fornuftig? Er hastigheten for stor?

Kva kan vere grunnen til at han får gasslekasje? Hylsene er pressa etter hans eget kammer sjølvsagt og patrona tilpassa etter kammerlengda i våpenet med den friflukten som er tilrådd (1mm-2mm). Vi har begge brukt norma hylser og CCI tennhetter.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...