Jump to content

Blue Wonder "Blånering"


Recommended Posts

Har lenge vore på utkikk etter kaldblånering til å blånera småskadar på børsa med. Kom over Blue Wonder når eg leita på nettet http://www.bluewonder.us/. På sida deira ligg det og ein link til ein demovideo, som viste seg å vera "broken". Fann litt seinare videoen på youtube

. Her vert produktet på klasisk amerikansk vis framheva som overlegent alt anna innan blånering. Slår ein litt av for kjennsfolk så ser alikevel produktet interessant ut. Fann og ein positiv omtale av produktet her http://www.surplusrifle.com/reviews/bluewonderblue/index.asp. Neste hopp vart derfor å finna ut om nokon forhandla det i Norge, sidan det å importera kjemikaliar frå Junaiten kan vera litt problematisk. Det viste seg at Våpenloftet hadde det i hyllene http://www.vapenloftet.no/uc.php?ucat=43. Prisen var heller stiv, kr. 395,- men luriumet skal jo innhalda både "24 carat gold and stirling silver", så då så. Ein får då eit sett med 1 oz med "Gun Cleaner", 2 oz med "Gun Blue" og 1/2 oz med "Developer".

 

Eg las gjennom bruksanvisningen og såg videoen ein gang til før eg sette i gang. Eg bruka ein varmluftspistol i staden for propanbrennar og det fungerte fint. Det er faktisk ikkje mykje å legga til det som vert synt på videoen. Det var enkelt å påføra luriumet og resultatet vart faktisk rimeleg bra. Sikkert ikkje noko som vil få Fossdal og kollegane hans til å ta bølgen, men heilt OK på eit bruksvåpen. Som med all finish så er det jo kvaliteten på forarbeidet som gjer utslaget. Problemet er at skal ein til med smergel og Scotchbrite så har ein brått ikkje berre ei lita ripe som skal blånerast, men "halve" løpet. Eg slipte og polerte nokre djupe hakk og riper forsiktig med Dremelen og det vart sånn nokonlunde. Har dessverre ingen før og etter foto sidan det er vanskeleg å få gode bilete av blanke flater grunna refleksar frå blitzen.

 

I høve til tradisjonelle kaldblåneringsvesker så er Blue Wonder enkelt å bruka, ingen stålullpussing mellom "strøka" og ingen svovellukt. Du ser med ein gang om resultatet vert bra og er ikkje fargen mørk nok er det berre å gå på med fleire "strøk". Prisen tilsvarar ein Pizza og to - tre Pils på Peppes og er etter mi meing vert det.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...