Jump to content

Ljos

Members
  • Posts

    4
  • Joined

  • Last visited

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

Ljos's Achievements

Newbie

Newbie (1/17)

  • Reacting Well Rare
  • Conversation Starter
  • Dedicated Rare
  • First Post
  • One Year In

Recent Badges

1

Reputation

  1. Den enkle konklusjonen for den gjengse jeger vert altså: Dersom det funkar med bly, funkar det utan bly? Kulevekt kan vel reduserast noko med homogen kule? Dette gjev i så fall ein noko snillare rekyl. Snillare rekyl gjer lette rifler marginalt enklare å skyte med og høgre toleransegrense for nedkorting av piper, MEN homogene kuler har pd. lågare toleranse i høve fartreduksjon grunna ekspansjonseigenskapar? Av dei tre nemnte kaliber, vil, med homogene kuler, 6.5x55 framleis vera det "snillaste", men med anbefalt 150grn kulevekt(?) for både 308 og 30-06, utliknar sistnemnte rekylfordelen til 308 og framstår kanskje endå meir allsidig enn tidlegare? Enkelt oppsummert er endringane så marginale, at om det, lett spissformulert, går nokon hus forbi at kulene ikkje lenger inneheld bly, så vil dyra dette akkurat som før.
  2. @M67 Må nok sei meg samd i påstanden om at eg tek feil om rifle anno 2001 vs 2023. Poenget eg forsøkte å få fram var mest at tidlege lettvektsrifler vart vanskelege å skyte med fordi balansen var dårlegare. Primært fordi vekta stort sett vart slanka med å setje på "blyantpiper", med baktunge rifler og "vinglete" piper som resultat. Meir moderne lettvekstrifler reduserer vekt over heile rifla med nyare design og andre materiale. Men ser at me nok bør gå noko lenger attende i tid enn 2001 for å finne dei store forskjellane. Går me endå lenger bak i tid var det rekylen som var orsaken til at lettvektsrifler var "bannlyst", noko som helst botna i at rekylputa på den tida var i metall og ekte mannfolk bruka ikkje anna. Hjalp nok forøvrig heller ikkje at øvrig "mjukt" materiale vart like hardt som metallet etter eit par år... Poenget ditt om riflestigning syns eg er interessant, noko eg aldri har ofra ein tanke tidlegare, og var det som starta denne "spiralen nedover i kaninholet" knytt til blyfri ammunisjon. Overgang til blyfritt ut frå eit perspektiv om kva som er lovleg og kva som fungerer for å få jobben utført og dyret til å dette ("9,3 har mest drep") har nok lite å seie for den gjennomsnittlege jeger. Eg siktar meir til kva det har å seie for utstyret for øvrig: "Dersom 46cm pipe er "for kort" for 308 m/bly, er det like for kort for 308 u/bly når kulevekta kan reduserast?" "Med redusert kulevekt og lågare rekyl, vil munningsvipp verte mindre framtredande utan dempar, ev. med lettare dempar" osb. ...og slik held eg på nedover kaninholet... @Think! Trur og at andre kaliber fort kan verte meir aktuelle. Og trur like fult at vegen til at desse vert like lett tilgjengeleg over disk, utan å gjera lommeboka tilsvarande lett, som "dei tre store" framleis er relativt lang. Gjeve at det framleis er desse tre kalibra som vel i hovudsak okkuperer dei fleste plassane i våpenskåpa rundt om i landet. Heilt klart interessant for heimeladaren. @Per-S Teknologien er den same, men vil påstå at "innpakninga" har endra seg noko med tida, nyare design og andre materiale. Ingen revolusjon med andre ord, snarare ein evolusjon? Absolutt ikkje alltid dette gjev noko meir enn teoretisk endring frå førre generasjon, og det treng heller ikkje alltid vera positiv endring...
  3. Fare for at eg "sparkar opp ei ope dør" med dette innlegget, men føler eg berre er i stand til å finne brotstykke når eg leitar rundt i eksisterande trådar. Skal nemnast at eg leitar som eit mannfolk i følge den heimlege regjeringa... Det er diskutert, opp, ned og i mente; kaliber, pipelengd, våpenvekt, rekyl, munningsvipp, anslagsverdi, utgangshastighet, riflestigning mm. Kva som er optimalt/best, fungerer og ikkje fungerer. Prøvar meg på ei lita, mogelegvis spekulativ(?) oppsummering med utgangspunkt i det eg oppfattar som "konsensus" pd. og "historisk": Dei mest kurante kaliber til allsidig jakt, mtp. tilgjenge og pris, framstår pd. å vera 308, 6.5-55 og 30-06, med utgangspunkt i ferdigrulla kjøpt over disk. Kva som er mest kurant/best avheng av kven du spør og kva som pd. er "på moten". Dei fleste påstandane vert godt underbygd av både teori og praksis, ned til eit enormt detaljnivå, og framstår "legit". Lette rifler er vanskelegare å skyte godt med enn tunge. Kor mykje, varierer ut frå påstandane. Kortare piper gjev lågare utgangshastighet med tilsvarande lågare anslagsverdi, er med på å auke følt rekyl og risiko for munningsvipp. Dempar av ein viss storleik; vekt og lengd, vil redusere, og på eit gjeve punkt, eliminere(?) to sistnemnte verdiar. God/riktig ekspansjon av kule avheng av kulas ibuande eigenskapar, kombinert med kulevektas samspel med oppnådd hastighet. Oppnådd hastighet heng igjen saman med fysiske føresetnader som lading (lat oss halde oss til den ferdigrulla over-disk-varianten), samt nemnde pipelengd. Kunne sikkert lagt til minst dobbelt så mange kulepunkt, men var desse som var tilgjengelege mellom øyro mine i skrivande tidspunkt. Det er mogeleg å danne seg eit visst bilete (sjølv om dette biletet for meg er noko ute av fokus...), og ein slags "personleg konklusjon" om ein legg summen av diskuterte og godt underbygde påstandar på forumet til grunn. Dette biletet vert framkalla gjennom eit sett av føresetnader. Har sirkulert og lese på forumet over tid, både av rein nysgjerrighet og interesse, samt søk etter konkret behøvd kunnskap. Merkar at eg i stadig større grad føler eg bør diskriminere eldre innlegg då div føresetnader har endra seg eller me har grundigare og betre evidens. Til dømes er ikkje lett rifle i 2023 det same som lett rifle i 2001. Her har materialval, produksjonsteknikk og kunnskap utvikla seg = føresetnadane har endra seg. Nemnte rifle-konfig ala 2023 vil, mellom anna, ha mykje betre balanse. Så til det eigentlege spørsmålet: Kor mykje endrar overgang til blyfri ammunisjon føresetnadane for kulepunkta eg lista opp (...og dei eg ikkje lista opp)? Vert det kun teoretisk, eller vil det ha reell påverknad på kva som er/bør vera dagens konsensus? Har til dømes forhaldet mellom kalibra endra seg? Las ma. i ein tråd at 30-06 kanskje vil kunne framstå som meir kurant enn tidlegare grunna mogeleghet for lågare kulevekt og snillare rekyl. Vil tilsvarande lågare kulevekt påverke dei to andre nemnte kalibra på ein slik måte at toleransen for korte pipeløp vert annleis; mindre rekyl, munningsvipp, akseptabel utgangshastighet i forhald til prosjektil osb.? Dersom eg er heilt på jordet vert vel denne tråden kortare enn innlegget...
  4. Den gamle originalmauseren, kal.8-57, etter min bestefar har vorte pensjonert grunna utslite løp, og har dei siste åra lånt min fars, nesten like gamle, mauser, kal30-06. Tungvindt å skrive låneavtale kvart år... så tenkjer det er på tide å investere sjølv, og gjerne i noko meir moderne og smekrare enn nemnte. Jaktar primært elg, rådyr og hjort, sistnemnte med dachs, så vert ikkje mengder med trasking i alt for krevjande terreng. Ynskjer likevel ein rigg som ikkje vert for tung og "drassete", men i utgangspunktet ikkje behov for noko "mountain rifle"-nivå. Ei superlett bikkjeførarrifle kan ev. kome seinare om behovet melder seg. Har fått tilbod på ein schultz & larsen classic dl synt 30-06, kappa til 47cm og påmontert A-tec H2. Lengde og dempar etter anbefaling. Har ca. null erfaring med kapping og demping sjølv... Kjem i utgangspunktet til å nytte aimpointen på denne. Med fare for å dra i gang ein debatt om kaliber og lengde på pipa mm.: Tenkjer de, som har erfaring med S&L, og ikkje minst dempar, at dette framstår som ein fornuftig og velbalansert rigg til føremålet, eller bør eg tenkje annleis?
×
×
  • Create New...