Jump to content

Fxn

Members
  • Posts

    91
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Fxn

  1. Eit betre tilpassa skjefte, breiare kolbekappe og ein vektauke til nærare 5kg vil gjera underverk med rekylen. Med eit "betre tilpassa skjefte" meiner eg eit nytt skjefte med rett stokk som er tilpassa kroppen din.
     

    Du finn sjeldan eit skjefte som passar kroppen din perfekt rett ut av eska, og eg meiner dei fleste rifleskyttarar ville vorte endå betre til å skyta om dei kosta på seg eit tilpassa skjefte. Lukk auga å kast opp rifla ... opnar du såg opp auga så skal det første du ser vera trådkorset utan å fumle fram/tilbake på kolberyggen.

  2. Er det mogleg å få bygd om sikringa på ein Sako AV? Eg er veldig glad i kolbehals sikring, noko eg har på brekkvåpena mine og noko eg gjerne vil ha på Sako'n. Kven kan gjera ein slik jobb?

  3. Hei.

    Er det berre Vingelen Sameie som sel reinskort i Forellhogna til utenbygds jegerar? Eg synest prisen dei forlanger er stiv, men kanskje det er moglegheiter for ei jakt på dette platået til ein rimelegare penge? Kven kan ein så kontakta for å kjøpa kort på storbukk?

    • Haha 1
  4. Tiuren - Det edlaste viltet i fryseren vart spart til Dagen MIN. Eg kan ikkje beskriva kor fantastisk godt dette var, himmelsk kanskje. Litt stort rødvinsglass, men pytt pytt, ikkje kvar dag ein blir 44 år

    908B6E7B-609C-451C-A910-15DE76FD07E0.png

    • Like 7
  5. On 12/28/2020 at 10:36 PM, Tobfa said:

    Er rykende fersk jeger og lurte på om noen kunne dele sin opplevelse som førstegangsjeger, gjerne også om du gikk veien via hagle.

    Men jeg er veldig spent på hvilken rifle som var din første og hvordan du ble treffsikker, siden det er her jeg står i dag.


     

    Min første var ein Lakelander i kal. 30.06 overtatt av faren min! 
     

    No skal ikkje eg påstå at treffsikkerheita mi er super, men den held til jakt. Trenar jamt og trutt på bane, men eg kan på ingen måte måla meg med fleire av desse skribentane her inne. Ein ting er eg stolt av etter eit snart 30 års jegerliv, eg har aldri skadeskote vilt med kule. 

     

    Far min sa; Tren og bli godt kjent med rifla, så kanskje det finst ein plass på elgjaktlaget med tida!

     

    No er eg ein del av jaktlaget, og eg gav den eldste sonen min på 19 den same beskjeden då eg spanderte den første rifla.

    • Like 6
  6. Ikkje for å øydelegga tråden, men sidan vi er inne på temaet -stolsekk ... kvar kan eg kjøpa skinn stolsekk alla de Jørn Jensen laga tidlegare?

  7. Eg for nok heller følgje med på fangsten her og på fb denne sesongen. Ikkje har eg terreng akkurat no, og ikkje er førebuingane tilstrekkelege. 
    Til våren skal det produserast "postkasse-sett" til mine Belisle mårfeller. Desse er suverene mtp åte tjuvar og ikkje minst sikring av måren mot reven som ofte liker ein død mår.
    Utfordringa blir å laga desse "postkassene" så lette, solide og brukarvennlege som mogleg. 


    Lykke til alle saman med fangsten. Kjempe interessant å sjå/lesa om fangsten deira. 🙂

    • Like 1
  8. Eg har våpenskapet festa i ei kjellarbu i ein 4manns bustad. Boden følgjer leilegheita mi med bu dør og hengelås. Alle dei vitale delane har eg låst inn i leilegheita. Dei ligg i eit godkjent skap saman med bunadsølv som er mykje meir plassbesparande enn eit heilt våpenskap. 

    Eg har faktisk 2 venner som er tilsette hos politiet, og dei har begge vore på "synfaring" hos meg både edruelig og ikkje edruelig.  😅 Og begge 2 meiner denne løysinga er topp sjølv om dei ville plukka av den dyre optikken i tillegg. Eg bur i Kongsberg!

×
×
  • Create New...