Det skal ny hund inn i huset! Rasen er bestemt, Airedale Terrier.
Den vil vere ein kombinasjon av familiehund, arbeidskammerat(eg jobbar til fjells) og forhåpentlegvis ein jaktkammerat.
Er det nokon her som har informasjon, tips, triks, kjenner til jaktlinjer på norsk/ svensk kennel eller har svar på spørsmål som eg sjølv ikkje kjem på?
Eg jaktar det meste av det vi har her på norvestlandet, sjølv om eg ikkje er den mest erfarne jegeren.
Amerikanerane brukar Airedalen på mange ulike former for jakt, men dei snakkar også mykje om ulike linjer som eignar seg betre/ dårlegare. Kva vi har/ ikkje har her til lands veit eg ingenting om.
Difor lurer eg veldig på kva erfaring ein har her til lands med rasen på jakt.