Jump to content

MartinH

Members
  • Posts

    80
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by MartinH

  1. Du kan eventuellt fjerne eine sidelomma på sekken, sette kolben ned i den lille lomma som er på sida av "soveposerommet". stramme til klipsa og våpene stend stødt, og kan hurtig takast fram ved behov om det skulle komme eit par reinsdyr trippande :D

    Har tålt vekta av av hagla og rifla mi under transport til hytta sidan 07.

  2. Har brukt Norrøna Recon både privat og i Forsvaret.

    Kjempesekk som tålar juling og bruksområde frå villreinjakt til 14dagers militære oppdrag.

     

    Ingen eigene erfaringar med berganssekken, men har eit par kompisar som kjøpte den, og dei klagar heller ikkje.

  3. Har som min camelbak høgt i sekken, enten mellom topplokket og hovudrommet, etter heilt øverst i hovudrommet. Eg har luker/lommer til å føre ut slangen. 2007 modell med flate "rammerør"

    Ein fordel med å ha camelbacken høgt er at du slepp å "suge" so kraftig for å få vatn :)

  4. Har hatt ein likande opplevelse i kaliber 17 HMR. CZ455

    Der vart ei kule setande fast i løpet som følge av sprekk i hylsa.

    Måtte sendast til børsemaker for å få fjerna prosjektilet igjen.

    Etter ein liten gjennomgang av av ammoeska fann eg 4!! patroner til med sprekk i hylsa.

    Ammoen var Hornady V-max 17grs.

     

    Hold avstand!!

  5. Årets tredje mår er eit faktum.

    Tispe på 1160gram og 67 cm.

    Felle: Tremontert kasse, belisle 160.

    Åte: Tampong truttna med oppkok av; honning, sviske, rosiner og anisfrø.

     

    No har eg fått to mårar i samme fella med 3 vekers mellomrom, så ting tyder på at det kan vere ein god plass eg har funne meg.

    Har lagt merke til at alle mårane mine i år gjeng i fella iløpet av første veka etter åtebytte (eg byttar kvar 14dag)

    Men ein ting som stussar meg er at dei to siste gongane eg har fått mår så har nabofella (150-200m unna, 1.80 over bakken) blitt vekkrøva tampongen utan at fella har utløyst.

    Kan dette vere same måren som rett etterpå gjekk i den andre fella?

    Eller er det røyskatt/ekorn som med sin smale holdning som kjem seg umerka forbi utløyseren, som kan vere åtetjuven?

    Ein ting er sikkert, viltkameraet skal med på neste tur :P

  6. Då var sesongens andre mår eit faktum.

    Hannmår på 1745g og 71cm.

    Tatt på oppkok av honning, rosiner, sviske og anisfrø.

    Belisle 160

    Vertype: mild tørrver. 7-10 grader og ingen nedbør sidan nyttår

     

     

    Desverre ingen bilder enda av årets fangst pga ej ikkje sjønna driten av å legge ut bilde tatt me speilreflekskamera :wink:

  7. Då he det utenkelige skjedd, under innskyting av nytt kikkertsikte i helga fekk eg eit "klikkavtrekk". Tenkte at dette va no litt rart for eg lada no virkelig opp med tre nye skot i magasinet. Kunne eg ha vør sopass urutinert at eg ikkje tok ladegrep etter siste skuddet på serien før?

    For sikkerheit skuld tok eg ladegrep, og ei "tom" hylse kom fram, merkeleg.. tok ut magasinet og såg at der var kun to skot igjen. fjerna sluttstykket og kjika fram i kammeret. Der kan eg sovidt skimte eit prosjektil... Ein go dag vart plutselig mykje verre..... Leita febrilsk i haugen av tomhylse og fann til slutt ei som var full av ubrent krutt, om eg snudde hulsa opp/ned satt fortsatt kruttet ijen inne i hylsa. Er dette normal oppførsel av krutt?

    Hylsa hadde akkurat samme avtrykket på enden/tennhetta som dei andre tomhylsene. Men der va ei sprekke på 5-6mm inn frå hylsekragen der kula set, ser fint lyset gjennom den sprekka.

     

    Kva jer eg no? må løpet inn til børsemaker for å få fjerna svineriet?

×
×
  • Create New...